Tvilsam praksis på arbeidsplassen: Tilbakedatering av sjukemelding som teneste for slekt og venner

Eg har i lengre tid undra meg over at det massive fråværet til kollegaene mine på den aude sjukeheimen ikkje ser ut til å påverke eigenmeldingskvoten deira. IA står for «inkluderande arbeidsliv». I ei IA-bedrift kan ein bruke eigenmelding i opptil åtte kalenderdagar, og 24 kalenderdagar i løpet av ein 12-månadersperiode. Dette er svært generøst i forhold til bedrifter som ikkje er IA: der kan ein berre bruke eigenmelding tre dagar i slengen, og fire gonger i løpet av eit år.

I mine 16 år i helsesektoren har eg fleire gonger vore vitne til at kollegaer har misbrukt eigenmeldingsordninga. Dei har gjerne vakna opp ein morgon, kjent seg litt «pjuske» og bestemt seg for at dei ikkje gidd å kome på jobb denne dagen. So har eg gjerne treft dei på det lokale kjøpesenteret seinare den dagen, der dei såg ganske so friske og raske ut. Dei har ikkje eingong blitt flaue over at eg tok dei på fersken. Arbeidsgjevar vil nemleg berre i ekstreme unntakstilfelle ta frå ein tilsett retten til eigenmelding basert på mistanken om at dei misbruker ordninga. I helsesektoren treng ein alle nevar ein kan få tak i, og om ein kollega no og då skulkar arbeidet, ser arbeidsgjevar urovekkjande nok gjennom fingrane på det.

Det ikkje-sjukemelde fråværet, same kva som er årsaka, vil derimot trekkje dagar frå eigenmeldingskvoten. Er ein vekke frå jobb fire dagar ei veke anten på grunn av reell sjukdom eller fordi ein er møkka lei jobben, vil ein ha fire dagar mindre på eigenmeldingskvoten – 20 i staden for 24 dagar. Eg har i all beskjedenheit følgt med på fråværet til kollegaene mine, og funne ut at somme av dei so langt i år ville ha brukt opp heile eigenmeldingskvoten om dei hadde brukt eigenmelding kvar gong dei var vekke frå jobb. Dei har gjerne ringt seg sjuke utpå ettermiddagen fredag – og i somme tilfelle før ei heilagdagshelg der måndag var ein heilagdag – og deretter vore vekke frå jobb den helga pluss påfølgjande heilagdagsmåndag. I påskehelga såg eg døme på eit slikt fråvær.

Dersom ein tilsett reknar med å vere vekke frå jobb i fleire dagar, er det mest strategisk av ho å oppsøkje lege og få sjukemelding – for ei sjukemelding vil ikkje få innverknad på eigenmeldingskvoten. I påskehelga var siste ordinære vyrkedag onsdag. Om ein kollega dermed ringde seg sjuk torsdag, ville ho tidlegast hadde kunne oppsøkt lege tysdag neste veke, sidan måndag 2.påskedag ikkje er ein vyrkedag. Dette er eit sopass langt tidsrom at eventuell sjukdom ville ha vore over innan ho kom seg til fastlegen. Men ho hadde måtte brukt av eigenmeldingskvoten for skjærtorsdag, langfredag, påskeaftan, 1.påskedag og 2.påskedag – i alt fem dagar av eigenmeldingskvoten. Om ho framleis var sjuk tysdagen, ville ho fått sjukemelding frå og med sjette dagen av fråværet. Om ho var frisk tysdag, hadde ho kome på jobb utan å kontakte fastlegen. Dette reknar eg som normal praksis ved plutseleg sjukdom når legen på grunn av høgtider er utilgjengeleg.

Eg såg derimot døme på at fråværet til ein tilsett i påskehelga aldri vart registrert som eigenmelding i vaktplanboka. Eigenmelding har koden «EM». I staden stod det berre «sjuk» i boka. «UF» vart dette kalla då eg sjølv jobba med RS (vaktplanboksystemet som gjev grunnlag for lønn), der forkortinga stod for «uspesifisert fråvær». Den tilsette ringde seg sjuk torsdag morgon og var vekke til nettopp tysdag neste veke. Ho var derimot ein tur innom legekontoret i bygda, tok seg ein prat med fastlegen og fekk ordna seg tilbakedatert sjukemelding for dei fem dagane med fråvær. Dette var det den hovudtillitsvalde på arbeidsplassen som fortalde meg, og dette er visstnok vanleg praksis på den aude sjukeheimen. Fråværskoden i vaktplanboka hadde blitt om til «SM» – sjukemeldt – i god tid før lønna skulle køyrast.

Ved å tilbakedatere sjukemeldinga gjorde fastlegen det slik at fråværet til den tilsette ikkje gjekk utover eigenmeldingskvoten. Ho må riktig nok jobbe samanhengande eit visst tal dagar før ho igjen kan bruke eigenmelding, men om tilbakedatering av sjukemelding finn stad kvar gong ho er sjuk¸ vil dette vere irrelevant for ho. På den måten kan tilsette skofte jobben nett når dei føler for det, og deretter stikke til fastlegen og få ordna ei tilbakedatert sjukemelding.

Den tilsette er i slekt med fastlegen.

Og leiinga? Godkjenner dei tilbakedaterte sjukemeldingar? Visst gjer dei det, for leiinga er nemleg òg i slekt med fastlegen i bygda!

Helsedirektoratet har strenge retningslinjer for når «sjukmeldar» (altso legen) kan tilbakedatere sjukemeldingar. Hovudregelen er at ei sjukemelding ikkje kan godtakast for tidsrom før pasienten vart undersøkt av sjukmeldar. Sjukmeldaren skal byggje utstading av sjukemeldinga på personleg undersøking av pasienten og datere attesten med verknad frå fyrste konsultasjonsdato. Unntaket er dersom pasienten har vore forhindra frå å få kontakt med sjukmeldar, til dømes om det er ventetid for å kome til konsultasjon, om det har vore legestreik, eller psykiatriske pasientar som på grunn av manglande sjukdomsinnsikt har unnlate å søkje lege. Det må òg kunne godtgjerast at pasienten har vore arbeidsufør frå ein tidlegare dato. Retningslinjene har heimel i §8-7 i Lov om folketrygd (folketrygdlova), «Dokumentasjon av arbeidsuførhet».

Det står ingenting om at høgtider og dermed stenging av legekontoret gjev unntak frå hovudregelen. Om du blir sjuk før ei arbeidshelg og ønskjer sjukemelding for å unngå å ta av eigenmeldingskvoten (eller om du enno ikkje har fått tilbake retten til eigenmelding etter ei sjukemelding), er som regel ditt einaste alternativ å få sjukemelding av ein legevaktslege, for legevaktene stengjer aldri.

Ein arbeidsgjevar kan underkjenne tilbakedaterte sjukemeldingar dersom arbeidstakar ikkje har vore forhindra frå å søkje lege, og det ikkje er godtgjort at vedkomande har vore arbeidsufør frå eit tidlegare tidspunkt. Den tilsette i mitt konkrete tilfelle kunne ha oppsøkt næraste legevakt for sjukemelding – som ligg vel sju mil unna (men mannen kunne jo ha køyrt ho). Den tilbakedaterte delen av sjukefråværet kan dermed bli sett på som udokumentert fråvær og gjev ikkje rett til sjukepengar. Altso må den tilsette i mitt konkrete tilfelle bruke av eigenmeldingskvoten, eller bli trekt i lønn for udokumentert fråvær. Men det blir nok litt verre å underkjenne tilbakedaterte sjukemeldingar om du er gode venner og/eller i slekt med både dei tilsette og fastlegen!

Arbeidsgjevar kan i teorien òg bestride sjukemeldingar mellom anna når den sjukemeldte føretek aktivitetar som verkar å vere lite foreinlege med sjukemeldinga. Om ein tilsett ringjer seg sjuk frå arbeid og same ettermiddag reiser på fjelltur med sjefen sin bror? Særs, særs tvilsamt, og ifølgje den hovudtillitsvalde skal ei slik hending visstnok ha skjedd. Den førre sjefen er i slekt med ein tilsett gjennom at den tilsette er gift med broren hennar – den tilsette er sjefen si svigerinne. Den tilsette skal visstnok ha ringt seg sjuk til den sjefen fredag morgon, og so reist på hytta med mannen sin – sjefens bror. Og måndag troppa den tilsette opp på legekontoret til sin gode venn fastlegen og fekk ordna seg tilbakedatert sjukemelding, som den sjefen godtok utan å stille so mykje som eit halvt spørsmålsteikn. For sjuk til å jobbe, men likevel frisk nok til å reise på hytta i andre enden av landet? Heilt innanfor ifølgje den interne logikken på sjukeheimen!

Den hovudtillitsvalde bekreftar at denne praksisen har eksistert ved sjukeheimen i dei over tjue åra ho sjølv har jobba der. Tilbakedatering av sjukemeldingar blir gjort som ei teneste overfor slekt og venner. Det finst riktig nok ein fastlege til som ikkje er i slekt med folk i utkantkommunen, men han har visstnok problem med å få pasientar til sin praksis fordi han faktisk følgjer regelverket og Folketrygdlova og lèt vere å tilbakedatere sjukemeldingar når det ikkje er reelt grunnlag for det.

Det er for meg tydeleg at lover og reglar ikkje gjeld om du gjennom slekt eller vennskap er innanfor denne klikken i den vesle utkantkommunen. Då er det sannsynleg at dei tilsette som er i slekt med eller venner med leiinga òg vil ha eit sterkare stillingsvern. I motsett fall vil eg som ein «outsider», som ikkje er i slekt med nokon, stå svakare jobbmessig enn eg allereie gjer. Allereie no ser eg døme på at dei med meg følgjer regelverket til punkt og prikke. Eg får nemleg ikkje lønn no i juni på grunn av trekk for fem veker ferie. Sidan eg ikkje var tilsett i den kommunen i 2021, vil eg ikkje få feriepengar, sidan feriepengane blir berekna utifrå bruttolønna du hadde hjå arbeidsgjevar året før. Eg får ikkje eit raudt øre utbetalt frå dei i juni, og eg får trekt delar av julilønna. Dette ser administrasjonen på som det minste av to vonde, for alternativet ville ha vore negativ lønn i juni, at eg hadde måtte betalt arbeidsgjevar for å jobbe på sjukeheimen. Det blir ikkje ferietur på meg i år, for å seie det slik. Ville dei ha gjort dette om eg var innanfor denne «sekta» av slekt og venner? Høgst tvilsamt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s