PolitiFact sine «faktasjekkarar» er tankepoliti med låg IQ og null ekspertise, likevel svartelistar dei artiklar i medisinske tidsskrift som dei ikkje likar

Av Lance D Johnson, Natural News. Omsett av saksyndig.

PolitiFact sysselset ein hær av «faktasjekkarar» som har so godt som inga erfaring med å analysere medisinske studiar, medisinske rapportar eller nasjonale nyheiter. Desto verre blir desse sokalla «faktasjekkane» brukt til å baktale, feilrepresentere og sensurere nyheitsrapportar og medisinske studiar på nettet. Til dømes prøvde PolitiFact sin «faktasjekkar» Gabrielle Settles å diskreditere ein artikkel i National Pulse basert på ein studie som viste korleis munnbindpåbod negativt påverka overlevingsraten av Covid-19. Artikkelen i National Pulse avslørte sanninga bak – at munnbindpåbod skaper meir liding, høgare viruslast og forsterka sjukdom og død. Likevel brukte Gabrielle Settles si låg-IQ-meining til å baktale nyheitsrapporten og den medisinske studien. Desse «faktasjekkarane» blir brukte til å utpeike, baktale og fjerne kvart eit innhald som avslører bedraget og vondskapen til den farmasøytiske industrien.

Big Pharma-lakei med låg IQ er berettiga til å sensurere medisinske studiar som ho ikkje likar

Gabrielle Settles har inga erfaring med å skilje ut og analysere informasjon. Mesteparten av «faktasjekkane» hennar involverer å kopiere og lime inn informasjon frå Centers for Disease Control. Jobben hennar er enkel: gjere sine konsern-sponsorar glade ved å peike ut og fjerne innhald som dei ikkje ønskjer skal spreie seg på nettet. Sosiale medieplattformer lèt denne låg-IQ-«faktasjekkinga» finne stad, noko som forbyr den vitskaplege prosessen og spreiinga av sanning. Dette sviket og denne undertrykkinga har berre forlenga medisinsk tyranni og inneffektive «folkehelsetiltak» som har forårsaka meir liding og død.

Sidan mars har Gabrielle Settles allereie fått publisert 70 historier for PolitiFact, der ho har pusha fram forteljingar for å tilfredsstille sin konsern-støtta sensor. Arbeidshistoria hennar manglar og hennar bidrag til journalisme er begrensa. Før ho tok til i PolitiFact arbeidde ho som ein «kontoradministrator» for Moody Radio og hjelpte til i ein liten organisasjon med namn «The Weekly Challenger». Ho var òg «medforfattar» for «The Power Broker Magazine» som har so godt som ingen nett-trafikk. Settles legg rutinemessig ut anti-Trump-tweetar som er ingenting anna enn venstreorienterte snakkepoeng. Ho er kjent for å vere pro-Demokratisk, og partiskheita hennar er velkjent. Fordi ho har ingen reell bakgrunn som reporter, tok ho naturleg opp våpen mot National Pulse si historie som viste korleis munnbindpåbod auka dødelegheitsratar for Covid-19.

PolitiFact sitt agenda-drivne toskeprat er brukt som våpen for sensur og øydelegging av rykte

National Pulse si histori er basert på ein stor studie av munnbindbruk og dødelegheitsdata frå 35 europeiske land gjennom vinteren 2020-2021. Konklusjonen til studien var klar: «Funna presenterte i denne korte kommunikasjonen føreslår at land med høge nivå av munnbindlydigheit gjorde det ikkje betre enn dei med låg bruk av munnbind i seksmånadersperioden som omfatta den andre europeiske bølgja av Covid-19…» Studien fann òg ein «moderat positiv korrelasjon mellom munnbindbruk og dødsfall i Vest-Europa», som «føreslår at den universelle bruken av munnbind kan ha hatt skadelege, utilsikta konsekvensar.»

Settles markerte denne vitskapen som «falsk» og National Pulse vart sensurert på nettet for å rapportere det. Som belegg for «faktasjekken» sin brukte Settles ei obskur meining av Emily Smith frå Milliken Institute for Public Health ved George Washington University. Smith falsifiserte ikkje studien med nokon data eller vitskap frå seg sjølv. Ho påstod rett og slett dette: «Eg trur vi berre kan bruke sunn fornuft for å seie at når tilfelle aukar, er det meir sannsynleg at folk gjer ting som beskyttar dei… Det er meir sannsynleg at du går med munnbind når du går ut, og byen din eller landet ditt kan òg ha kome med råd eller krav om å gjere dei tinga.» Sidan Smith er finansiert av Bill & Melinda Gates Foundation, er det openbert kvifor hennar meining kom til å bli brukt for å slå ned sanninga rundt munnbindpåbod og medisinsk tyranni.

National Pulse rapporterte òg om ein medisinsk studie som viste at munnbindpåbod forårsaka 50% fleire dødsfall samanlikna med ingen påbod. Forfattarane av studien hadde som hypotese at munnbind fekk sjuke individ til å puste inn igjen virion [viruspartiklar; oms.an.], som førde til auka viruslast og lengre varigheit av sjukdommen. Denne teorien, som no er understøtta av data, føreslår at «virion spreier seg (på grunn av sin mindre storleik) djupare ned i luftrøyret».

Studien konkluderte: «Det viktigaste funnet frå denne studien er at i motsetnad til den aksepterte tanken at færre menneske døyr fordi infeksjonsratane blir reduserte av munnbind, so var ikkje dette tilfelle… Resultat frå denne studien føreslår sterkt at munnbindpåbod faktisk forårsaka rundt 1,5 gonger talet på dødsfall eller 50% fleire dødsfall samanlikna med ingen munnbindpåbod.»

PolitiFact er ingenting anna enn Big Pharma-toskeprat. Dei blir brukt for å dekkje over brotsverk mot menneskeheita, som inkluderer ulovlege munnbindpåbod og frårøvinga av menneskerettar. Det burde vere ulovleg for meiningar å bli marknadsførde som «fakta» og deretter brukt for å sensurere viktige medisinske studiar og vitskaplege rapportar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s