Ei historie frå musikkmiljøet: Den beste hemnen mot narsissistar er total audmjuking

Våren 2007 søkte bandet Satanic Pussies etter ny keyboardist, og la ut annonse om det på ein musikknettstad som for lengst er nedlagt. Eg hadde sjølv tre-fire tær innanfor musikkmiljøet i den større vestlandsbyen som eg på den tida residerte i, og tok kontakt med personen som hadde lagt ut annonsen. Dette viste seg å vere vokalisten som eg her kallar Ingrid S. Det fyrste eg la merke til då eg såg bandfoto av dei, var at ho hadde dei minste puppane i bandet – sjølv mine mannepuppar var større, og eg var ikkje eingong spesielt feit!

Eg hadde lytta til bandet sine mange låtar på MySpace. Musikken deira kunne best skildrast som «demonisk», «mørk» og «satanisk», og dei hadde låttitlar der dei antyda at Gud var død, Satan var den sanne meister, og at Jesus vart sodomert i Helvete av diverse vonde skapningar. Eg sendte med link til mi dåverande MySpace-side (eg la ned den kontoen rundt 2008), der eg hadde fleire songar liggjande. Musikkstilen min var dramatisk annleis frå deira, i og med at eg ikkje dyrka Satan i kvar strofe og kvart valdelege taktslag.

Ingrid S avviste meg umiddelbart. Eg fekk ikkje bli medlem i bandet fordi eg ikkje var jente. Ho skreiv vidare at Satanic Pussies hadde fått stor merksemd i musikkmiljøet nettopp fordi dei var eit reint jenteband, og at å ta inn ein «gut» i besetninga ville øydeleggje ryktet. Eg skreiv tilbake at ingenting i annonsen sa at ein måtte vere jente for å bli medlem, og eg etterlyste i same andedrag dokumentasjon på den «store merksemda» dei hadde fått i musikkmiljøet. Eg hadde aldri høyrt gjete om dei før eg kom over denne annonsen. Og var det ikkje kjønnsdiskriminering å blankt avvise ein talentfull keyboardist (som hadde ingen intensjon om å synge) berre fordi han var «feil» kjønn?

Ingrid S klikka i vinkel. Ho skreiv at eg kunne rekne meg sjølv som ugjenkalleleg avvist, noko som var overflødig, i og med at ho hadde skrive det i den fyrste e-posten. Som leiar i bandet reserverte ho seg retten å bestemme kven som skulle bli den nye keyboardisten, og det var ikkje på nokon måte kjønnsdiskriminerande å nekte gutar å bli medlem i jentegrupper. Det fanst då ein million andre gutegrupper eg kunne bli med i. Eg kunne berre dra ein viss plass, avslutta ho med.

Då eg såg kven andre som var medlemmar i Satanic Pussies, viste det seg at eg hadde gått på vidaregåande skule med tre av dei for ein del år tilbake. Gitaristen Malene, bassisten Tonje og trommeslagaren Yvonne hadde spelt saman sidan dei omtrent var barn, og hadde allereie på vidaregåande blitt skrytt opp i skyene av sjølvaste rektoren på den skulen. Eg tok difor kontakt med Malene (gitaristen) og fortalde ho om kva Ingrid S hadde skrive. Var det slik at Ingrid S var leiar i bandet no, når det var Malene, Tonje og Yvonne som alltid hadde vore den harde kjernen? Var det liksom greitt for dei at Ingrid S tok avgjerder på deira vegner? Malene var fullstendig uvetande om kva vokalisten deira hadde gjort.

Nokre månader seinare hadde Satanic Pussies funne ein ny keyboardist. Eg var på konsert med dei på ein av dei mange konsertscenene i byen seinsommaren 2007. Dei hadde òg funne ein ny vokalist – Ingrid S var ikkje lenger i bandet. Ifølgje Facebook-kontoen hennar var ho faktisk ikkje lenger i byen – ho hadde flytta heim igjen til den vesle industribyen som ho kom frå. Eg hadde tenkt å ta ein prat med bandet backstage for å finne ut kva som hadde skjedd, men den bøse brytaren av ei dørvakt pælma meg ut fordi han meinte at eg var for full. Dette var kvardagskost for meg på den tida, so eg tok meg ikkje nær av det.

Fyrst i 2015 fekk eg vete kva som hadde skjedd våren 2007. Då møtte eg nemleg den tidlegare trommeslagaren Yvonne på min dåverande arbeidsplass. Bandet var for lengst oppløyst, og i mangel av karriereambisjonar hadde ho blitt vernepleiar. No sat ho og tukla og fikla med tal og skjema på eit lite kott av eit kontor i administrasjonen. Av ho fekk eg høyre kva som hadde skjedd:

Satanic Pussies trong ny keyboardist, etter at keyboardisten vart gravid og flytta langt pokker ut i periferien i Rogaland. Ettersom musikken deira kravde keyboard, og Ingrid S strengt teke var talentlaus på alle slags instrument, bestemte bandet i fellesskap at dei skulle leggje ut annonse på ein musikknettstad. Ingrid S fekk oppdraget, og ho vart difor ført opp som kontaktperson. Fleire veker gjekk, og ingen såg ut til å ha meldt si interesse. Kor var alle musikarane blitt av? Det gjekk jo tretten på dusinet av dei i den vestlandsbyen! Det var fyrst då Malene fekk ein telefon frå meg at nokre bitar byrja å falle på plass. Ingrid S vart kalla inn på teppet til trioen. Det viste seg at ho ikkje berre hadde avvist meg, men alle keyboardistane som hadde søkt på «stillinga». Dei var alle menn, og difor uaktuelle. Malene, Tonje og Yvonne gjekk i harnisk: Satanic Pussies hadde aldri ønskt å vere eit reint jenteband, dette var noko Ingrid S hadde dikta opp ut av lause lufta!

Den sommaren hadde bandet ein god del spelejobbar rundt om på Vestlandet, og dei fekk difor ordna ein «hastekeyboardist» som var ein slektning av ein av medlemmane (eg hugsar ikkje kva for ei). Ho var jente, men det var heilt tilfeldig. Det vakte òg stor kontrovers i bandet at Ingrid S hadde titulert seg sjølv som «leiaren» av bandet, når ho i røynda berre var vokalisten. Ho hadde teke avgjerder på vegner av bandet utan at dei visste om det. Hennar dagar i bandet var talte. Dei var derimot so rasande på ho at dei følte at ein hemn var på sin plass før dei sparka ho på ræv ut.

Medan Ingrid S var ein kort tur heime på ferie i den provinsielle skitbyen ho kom frå, hadde Malene, Tonje og Yvonne ei hemmeleg øving med den nye keyboardisten. Malene, Tonje og Yvonne kjende godt til kva slags toneleie stemma til Ingrid S låg i. Med hjelp frå den nye keyboardisten la dei i all hemmelegheit songane i eit slikt toneleie at Ingrid S vart tilnærma ute av stand til å synge dei!

Allereie under sommarens fyrste konsert var publikum vitne til Ingrid S sine songproblem. Ho såg ikkje ut til å kunne halde tonane. Ein augneblink song ho so djupt at det høyrdest ut som ho baura nett som ein paringssjuk hjort. Den neste augneblinken høyrdest ho ut som Kate Bush på helium. Ved fleire høve måtte ho omtrent liggje bakover i lufta for å nå tonane – dei var anten altfor djupe eller altfor lyse for stemma hennar. Og det var ikkje alt… Bandet hadde – igjen i all hemmelegheit – øvd inn ganske sære taktar på enkelte av låtane. Det som opphavleg var satanisk tungrock og pur blodsmak-i-munnen-metal, høyrdest no stundom ut som marsj, vals og til tider eggande Syden-rytmar. Det head-bangande publikummet av svartkledde med langt hår la hovuda sine på skakke med rynka panner. Kva faen var dette for noko?

Med tomatraude kjakar og tårer i auga stod Ingrid S og vreid tonane ut av seg so dei små, patetiske puppane hennar spratt og dissa. Konserten vart avslutta etter tre kvarter, og mesteparten av publikum bua og viste dei nedvendte tomlar. Kvartetten sa etterpå at kva enn Ingrid S trudde ho dreiv med, so var ikkje dette vokalkunst. Ho trong ikkje ta seg bryet med å kome på morgondagens konsert. Etter å ha styrta ein halvliter, forsvann Ingrid S (og dei små puppane hennar) ut i den brennheite sommarnatta og vart aldri sett igjen. Kvelden etter spelte bandet ein konsert utan kontrovers, denne gongen med den nye keyboardisten som mellombels vokalist. Veka etterpå la heile bandet inn ein annonse der dei etterlyste ny vokalist. Sidan Ingrid S ikkje saboterte leiteprosessen denne gongen, fekk dei ei habil dame frå Nordland som erstattar bak mikrofonen.

Eg lo so eg måtte støtte meg i døropninga. Den beste hemnen mot slike narsissistar som Ingrid S er total, offentleg audmjuking. Ho dreit seg slik ut den lagnadstunge, men hysterisk morosame sommarkvelden, at ho aldri dreiv med song og musikk igjen.

Berre for moro skuld spurde eg Yvonne om dei faktisk ville ha teke meg inn som keyboardist om dei visste at eg hadde søkt på annonsen. Ho rista på hovudet. Musikkstilen min kunne ikkje ha vore meir ulik deira eigen. Det ville vere nett som å ha jordbærsyltetøy i ein lasagne!

Satanic Pussies vart oppløyst rundt 2010. Ingen av oss er aktive i musikkmiljøet i dag.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s