Av Matt Agorist, The Free Thought Project, 3.juni 2022. Omsett av saksyndig.
Adm.dir. i Pfizer, CIA-sjefen, visepresident i Facebook og andre elitar møtest hemmeleg i Washington D.C. – konsernmedia er stille.
Verdas herskande elite vil ha eit hemmeleg møte denne veka. Ingen frå pressa får kome inn, ingen vil bli intervjua om det, og Bilderberg vil ikkje eingong registrerast som eit lite pip på hovudstraumsmedia sin radar. Medan media hypar våpenkontroll og abortdebatt, vil bankierar, politikarar, militære leiarar og informasjonskontrollørar diskutere planane sine for verda bak lukka dører og med null innsyn.
Det 68.årlege Bilderberg-møtet, som har blitt halde rundt om i verda opp gjennom åra, starta torsdag [2.juni 2022; oms.an.] i Washington D.C. med absolutt inga pressedekning i det heile, og er planlagt å slutte sundag 5.juni. Trass ei prestisjefylt gjesteliste på rundt 120 oppmøtte – som nok vil ha meir global påverknad enn alle folkevalde – vil møtet sleppe unna kvar ei gransking i hovudstraumsmedia.
Grunnen til at dette møtet til den globale eliten klarer å unngå dekning i hovudstraumsmedia, er ikkje utilsikta. Denne gruppa av elitens maktpersonar eig media, politikarane og, visstnok, verda.
Dei oppmøtte på årets møte er krigsforbrytarar som Henry Kissinger, Albert Bourla, adm.dir. i det kriminelle farmasøytiske selskapet Pfizer, CIA-sjef William J. Burns, NATOs generalsekretær Jens Stoltenberg, adm.dir. i GlaxoSmithKline Emma Walmsley, den berykta tidlegare adm.dir. i Google Eric Schmidt, og andre leiarar innan konsernmedia, utanlandske statsoverhovud, og militære tenestefolk.
Ifølgje elitegruppa av maktpersonar beståande av folk som har tvinga gjennom vaksinar, nedstengingar og tyranni på heile planeten dei siste to åra, er nøkkeltemaa for diskusjon dette året på deira hemmelege arrangement følgjande:
- Geopolitisk einsretting
- NATO-utfordringar
- Kina
- Indo-stillehavseinsretting
- Kina-USA teknologikonkurrering
- Russland
- Kontinuiteten i styresmakter og økonomien
- Forstyrring av det globale finanssystemet
- Desinformasjon
- Energitryggleik og berekraft
- Post-pandemisk helse
- Fragmentering av demokratiske samfunn
- Handel og deglobalisering
- Ukraina
Ingenting vondsinna i det heile om nokre av dei største forsynarane av desinformasjon i verda, som møtest i hemmelegheit for å diskutere mogleg verdskrig med Kina og Russland, medan die planlegg korleis dei stilnar ytringar som dei vurderer som «desinformasjon».
I det som mange vil kalle eit brot på USA sin Logan Act, vil Senator Kyrsten Sinema vere blant dei oppmøtte. Sinema er ein Demokrat som vart uavhengig, som no arbeider både med Demokratar og Republikanarar for å få gjennomslag for våpenkontroll. Ho har ope uttrykt støtta si til den avdøde krigshissaren John McCain og har gjentekne gonger prøvd å mane til eskalering i Ukraina.
Som vi har rapportert, var dei tidlegare presidentane George H.W. Bush og Bill Clinton begge til stade på Bilderberg-konferansar i åra før dei vart valde inn i Det ovale kontor [presidentembetet; oms.an.]. Tony Blair var tilgjengeleg på Bilderbergs 1993-møte før han vart statsminister i England i 1997, og Emmanuel Macron, president i Frankrike, var til stade i 2014 rett før han vart valt.
Det som meir er, trur ein at 2008-konferansen var utløysaren for det årets amerikanske presidentval: rykte antydar at dei oppmøtte bestemte seg for å støtte Barack Obama som nominert frå Den demokratiske partiet på arrangementet det året; og motkandidat Hillary Clinton trekte seg berre to dagar seinare.
Bilderberg-deltakarar må følgje Chatham House-reglane, som tydar at medan deltakarar kan bruke informasjonen dei får, kan dei ikkje snakke om nokon individ som kan ha styrt avgjerdene deira.
Tallause bloggarar og aktivistar har føreslege at, basert berre på kva som allereie er kjent utifrå offentlege ytringar, berre det å vere til stade på eit Bilderberg-møte, burde utgjere tilstrekkjeleg grunnlag for umiddelbar arrestasjon og etterforsking av amerikanarar.
I 2011, bad dåverande Kongressmann Ron Paul om ei etterforsking og sa at amerikanske tenestefolk som deltok på det årlege treffet – spesifikt Texas-guvernør Rick Perry på den tida – temmeleg sannsynleg braut lova. «Denne informasjonen om at han fór bort der og braut Logan Act og vart involvert; eg er berre imponert at det er i vanlege media – eg trur at det er oppmuntrande òg,» sa Paul under eit intervju på den tida, og sa at guvernør Perrys tilstadevering var «eit teikn på at han er involvert i den internasjonale konspirasjonen».
Paul diktar ikkje dette opp heller. Logan Act fastslår tydeleg: «Kvar borgar frå USA, kor enn han er, som, utan fullmakt frå USA, direkte eller indirekte byrjar eller utfører kvar ein korrespondanse eller samtale med nokon utanlandske styresmakter eller offiser eller agent derifrå, med føremål å påverke tiltaka eller framferda til nokon utanlandske styresmakter eller offiser eller agent derifrå, i relasjon til kvar ein disputt eller kontrovers med USA, eller bekjempe tiltaka til USA, skal bli bøtelagt under denne lova eller fengsla ikkje meir enn tre år, eller begge.»
For å illustrere rekkjevidda og omfanget til gruppa, publiserte Business Insider eit oversiktskart, som viser alle deira illevarslande kontaktar. [Kommentar frå saksyndig: Den høgoppløyselege utgåva av oversiktskartet er påfallande nok ikkje å finne lenger.]
Men kav dykk ikkje opp, de i den frie verda. De kan framleis sjå reprisar av Johnny Depp-rettssaken på TikTok.