Står paven bak Sirkus Korona?

Dr. Bryan Ardis meiner at pave Frans påverkar verdsleiarar som Joe Biden når det gjeld Covid-19-pandemien og vaksinepolitikk

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Dr. Bryan Ardis meiner at alle dei kjende kreftene som driv Wuhan koronaviruset (Covid-19) sitt «pandemiske panikkteater» gjer det etter ordre frå pave Frans.

Ardis, ein forretningsmann, kiropraktor og ekspert på Covid-19 og vaksinane, kom med denne påstanden under eit intervju med The Midnight Sentinel-vert JD Rucker.

«Eg trur faktisk at den romersk-katolske kyrkja og paven, Frans, står bak heile denne greia,» sa han under sitt intervju. «Og eg trur at han manipulerer, kontrollerer heile forteljinga.»

Ardis la til at han trur at Frans har betydeleg påverknad på mange prominente personar som har mykje kontroll over Covid-19-politikken, inkludert dr. Anthony Fauci, vitskapleg rådgjevar til presidenten og tidlegare direktør i NIH [det amerikanske folkehelseinstituttet; oms.an.], dr. Francis Collins og president Joe Biden.

«Eg trur alle dei blir kontrollert av ei avdeling i den romersk-katolske kyrkja kalla jesuittane,» sa Ardis.

Jesu samfunn, betre kjent som jesuittordenen, er ein religiøs orden innåt i den katolske kyrkja, kjent for sin progressive ståstad innan ei rekkje emne, inkludert LGBT-rørsla og Covid-19-vaksinane. Pave Frans har sjølv vore medlem av jesuittane heile sitt liv og er framleis sett på som ein, sjølv om det å vere paven ikkje lenger bind han til nokon plikter han har til ordenen.

Ardis sa at målet til jesuittane i USA er øydelegginga av den amerikanske grunnlova «som den siste skansen i eit land som tek vare på og vernar religionsfridom.»

«Eg trur dei har planlagt dette heile tida [å øydeleggje grunnlova] på mange måtar, anten gjennom krigar, no gjennom hungersnaud, no gjennom pandemiar,» sa Ardis. «Eg trur det har vore eit fullstendig forsøk frå dei å øydeleggje grunnlova, USA, frå innsida… å redusere militæret i alle land, øydeleggje alle landegrenser so vi kan skape ein ‘einverdsreligion’ med paven som ‘einverdsleiaren’.»

Pave Frans avset og set på sidelinja tenestefolk i kyrkja som er kritiske til Covid-19-vaksinar

Ein del av pave Frans sitt maktdriv er å sikre seg at ingen leiande tenestefolk i den katolske kyrkja stiller spørsmålsteikn ved nokon av hans erklæringar, spesielt relatert til Covid-19-vaksinane, og å opphøge allierte til autoritetsposisjonar.

Ei hending når det gjeldt sistnemnde fann stad tidleg i mars, då biskop Daniel Fernandez Torres i Arecibo prestegjeld i nordlege Puerto Rico vart «friteken» frå sine plikter, der ein apostolisk administrator utnemnt av Vatikanet tok over Fernandez sine ansvarsområde.

Styrtinga hans kom etter ei hending der Fernandez avslo å signere ei felles erklæring med andre biskopar i Puerto Rico angåande «den moralske plikta å ta vaksine» mot Covid-19, sjølv etter han vart beden om å gjere det av øya sin apostoliske delegat, som fungerer som ein diplomat som representerer Vatikanet og pave Frans i Puerto Rico.

Som svar skreiv Fernandez at han er viss på at han vart fjerna frå embetet på grunn av vaksinetemaet. Den tidlegare biskopen opprettheld at han òg har fått fyken for at han kravde at det Vatikan-påførde dokumentet vart publisert saman med eit anna «prestestøttebrev til dei som, i genuin samvitskonflikt, kom for å bli lytta til og handsama med miskunn».

Fernandez skreiv: «Eg har aldri nekta for at å ta vaksine ikkje er gjort ut av kjærleik til andre, men heller ikkje at dei som ikkje gjer det av samvitsgrunnar elskar sine brør mindre.»

I California utnemnde pave Frans nyleg biskop Robert McElroy frå San Diego som ein av 21 nye kardinalar. McElroy si oppheving sendte ein sterk beskjed om at han gjev ein reprimande til erkebiskop Salvatore Cordileone frå San Francisco på grunn av sistnemnde si tilkjennegjering om at Nancy Pelosi ikkje får ta nattverd på grunn av at ho støttar retten til å ta abort.

Ein bør merkje seg at medan McElroy sjølv ikkje er ein jesuitt, vart han utdanna i ein jesuitt-institusjon, fekk ein grad i teologi frå jesuittskulen i Berkeley, og har skrive omfattande for jesuitt-tidsskriftet America om ei rekkje progressive emne, inkludert hans støtte for LGBT-rettar, ulovleg innvandring og opne grenser.

Det omtalte intervjuet med dr. Bryan Ardis kan sjåast her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s