Legane tener store pengar på transkirurgi

Å selje ein ny kropp er høgst lukrativ business

Av Miquel Missé, transmann og aktivist fødd i Barcelona. Henta frå Unherd. Omsett av saksyndig.

Eg har den underlegaste kjensla av at kroppen min har blitt stolen frå meg. Då eg starta overgangen, var eg ikkje klar over nokon val andre enn medisinsk behandling for å modifisere kroppen min. Fleire år seinare spør eg framleis meg sjølv kvifor ingen fortalde meg at eg kunne ha behalde kroppen min som den var; kvifor ingen nokosinne forklarte meg at seksualitet i den kroppen var mogleg. Der var ingen vald inne i biletet, ingen kom med nokon trugslar.

Men eg føler at eg vart frårøva moglegheita til å oppleve kroppen min på nokon annan måte. Eg trur ikkje dette er ei universell sanning for transpersonar. Det er rett og slett noko eg føler, noko som gjer meg vondt.

Eg er ikkje uvetande til det mange av dykk må tru: korleis kan det vere ran når transpersonar sjølve vel å ta operasjonar? Å samanlikne den medisinske behandlinga av transkjønnsideologi med tjuveri er visseleg risikabelt, fordi ein får det til å sjå ut som om transpersonar har blitt tvinga til å godta desse behandlingane når vi i røynda ser det nøyaktig motsette: folk som kjempar for retten til å få hormonbehandling og gjennomgå kirurgi. Det ser so visst ikkje ut som om nokon tvingar oss til å gjere noko som helst.

Dette er sant, men frå mitt synspunkt er det òg sant at vilkåra som vi tek desse avgjerdene under, har vore og held fram med å vere svært kompleks. Utan å trekkje i tvil transpersonars handleevne og autonomi, trur eg det er verdt å nemne rolla som desse medisinske profesjonelle har spelt i denne historia. Frå seint på 1980-talet byrja helseprofesjonelle som arbeidde med transpersonar å lovprise den namngjetne tredelte behandlingsmetoden (psykologisk eller psykiatrisk evaluering, hormonbehandling og kirurgi). Dei delte ut diagnosar som forklarte til menneske at dei hadde «ein uhelbredeleg sjukdom med kroniske behandlingsval», som bestod av hormonterapi og kirurgi. Og desse behandlingane vart ikkje finansiert frå det offentlege før nesten 25 år seinare. Resultatet: transpersonar vart ein saftig marknadsnisje. (Dei seier til oss at vi har feil kropp, og deretter betaler vi dei: ein må innrømme at dette er ein briljant forretningsmodell.)

Blant dei leiande kirurgane i Spania i sokalla «kjønnskorrigerande kirurgi» [engelsk gender reassignment surgery; oms.an.], skil eit knippe figurar seg ut når det gjeld korleis dei har bygt opp sin praksis rundt myten om den feile kroppen. Desse er profesjonelle med tvilsamt rykte: kirurgar som har jobba i fleire tiår og har behandla tusenvis av transpersonar, og som har blomstrande forretningar, trass deira fryktelege rykte i transsamfunnet. I mi erfaring som aktivist har eg høyrt forferdelege historier om ekstremt tvilsame resultat som blir selt som ufeilbarlege kurar, påstandar frå pasientar som ønskte å anmelde feilbehandling, men som har signert fleire dokument som seinare hindra dei i å sende inn klager, og forteljingar om transpersonar som blir kalla sitt opphavlege kjønnspronomen på operasjonsbordet.

Og, som glasur på kaka, har enkelte av desse legane blitt det offentlege ansiktet til transforkjemparar; der finst ikkje ein einaste paneldiskusjon, debatt, TV-nyheitsrapport eller dokumentar om det å vere transperson, der ein ikkje finn dei folka. Der sit dei på kontora sine, framfor PC-ane sine med skjermspararar som viser bilete av kroppane våre før og etter vi legg oss ned på bordet, og seier at problemet med folk som har kjønnsidentitetsforstyrring er at dei vart fødd i feil kropp.

Korleis greidde desse profesjonelle å bli slike «ekspertar»? Vel, i somme tilfelle forma dei del av dei medisinske teama av Kjønnsidentitetseiningar [engelsk Gender Identity Units; oms.an.] – konsultasjonsteam som fortel menneske at for å bli kurerte, må dei ta ein operasjon, men, uheldigvis, behandlinga vil ikkje bli dekt av det offentlege helsesystemet. Og deretter fortel dei dei at der finst ein stad dei kanskje kan gå.

Gjett kva slags stad? Til desse kirurgane sine private klinikkar: dei refererer pasientane til seg sjølv. Og det er kva som skjedde i mange år.

Somme av desse medisinske profesjonelle har tekne andre, endå meir kronglete stiar. Dei har lært korleis ein tener pengar på transpersonars behov for kjønnskorrigering, i hovudsak kvinner, ved å skape ein omfattande katalog av kroppsmodifikasjonar som går langt utover kva som kan bli rekna som kvar ei form for behandling.

For å bevise dette gjekk ein av mine kollegaer til ein av desse klinikkane og forklarte at ho var ei transkvinne som ønskte å ha ein vaginoplasti [å konstruere eller rekonstruere vagina kirurgisk; oms.an.]. Ho gjekk derifrå med eit prisoverslag på 70 000 euro [vel 707 000 norske kroner; oms.an.] for prosedyren, etter at legen hadde lagt til fleire retusjeringar for «feminisering» av ansiktet og kroppen hennar. Dersom du ønskjer å bli ei kvinne vil du trenge ei klype av dette, ein sprut av dette og ein svær dæsj av det der borte. Det er lett å bli fanga av myten om den feile kroppen fordi den ikkje spesifiserer når behandlinga vil slutte. Realiteten er at behandling aldri sluttar: verken transpersonar eller nokon andre kan nokosinne ha ein perfekt mannleg eller kvinneleg kropp fordi slik ein kropp ikkje eksisterer.

Nettsidene til desse klinikkane viser at katalogen av behandlingar for transkvinner er betydeleg meir omfattande enn den for transmenn. Har dette noko å gjere med det faktum at vi lever i eit sexistisk samfunn som konstant påfører umoglege krav på kvinners kroppar? So klart. I denne tydinga er transkvinner eit mykje meir interessant forretningsprospekt enn cis-kvinner (kvinner som ikkje er trans), fordi om fyrstnemnde har vi sagt av kroppsleg modifikasjon er den kroniske behandlinga for vår uhelbredelege sjukdom, og til sistnemnde har vi sagt at dei er frivole.

Det er sanneleg sjokkerande at eg vart lært opp til å hate enkelte delar av kroppen min, medan der er folk som bokstavleg tala tener til livets opphald på grunn av det hatet, som blir rike av å modifisere kroppane våre og badar i ein aura av progressivisme. Og sjølv om der naturlegvis er enkelte velmeinande profesjonelle, er sluttresultatet det same.

Denne ideen om at transpersonar lausriv seg frå kroppane sine på grunn av sosialt press, er eit svært upopulært argument innåt i transsamfunnet. I mi meining ville transpersonar som var fødd på ei aude øy ikkje vere trans; vårt kjønnsuttrykk ville ikkje bli assosiert med éin fastlåst kjønnsidentitet og langt mindre med ei konkret sosial kroppsleggjering. Dersom vi hadde blitt fødd på aude øyar, ville vi aldri drøymt om å operere på oss sjølve.

Akkurat no ser det ofte ut som om endemålet til transrørsla i enkelte delar av verda er retten til å få tilgang på hormonbehandlingar og kirurgiske inngrep for å endre kroppane våre. Men å halde retten til kroppsleg modifikasjon som den einaste løysinga på lidingane våre, er problematisk. Naturlegvis kan, bør og må transpersonar ha denne retten, men det å sentrere alle transpolitiske mål på det, distraherer frå eit spørsmål som, frå mitt synspunkt, er meir relevant: kva forårsakar eigentleg lidinga som transpersonar føler, og korleis kan den bli adressert?

Kroppane våre er heilt fine – problemet er korleis visse delar av oss blir tolka i samfunnet vårt, meiningane og konnotasjonane som blir tilskrivne dei. Og på grunn av dette kjenner uheldigvis mange menneske tronga til å endre seg sjølve.

Det er som om vi blir overfalne av alle desse ideane, og likevel benådar vi tjuvane, der vi roper: «Ingen har stole kroppen min, eg forlét den av eigen fri vilje fordi den var aldri min!» Men ja, den var din. Det var og er den einaste kroppen du har.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s