Den verkelege agendaen bak den skapte matkrisa

Av Kitt Knightly, Off-guardian. Omsett av saksyndig.

Den skapte matkrisa, same om den er ekte eller ein psykologisk operasjon, handlar om å rive ned det globale matsystemet og «byggje oppatt betre» [«build back better»] – eit nytt dystopisk matsystem bygt av konsern-monolittar og strengt kontrollert i det felles beste sitt namn.

Vi er i dei tidlege stadia av ei matkrise.

Pressa har allereie spådd dette i årevis, men fram til no har det alltid verka å vere ingenting anna enn fryktskaping, designa for å uroe eller distrahere folk, men teikna er der at denne gongen, for å sitere Joe Biden, «kjem det til å bli ekte».

Ingen veit kor ille det kan bli, bortsett frå dei som skaper det.

Fordi beviset er temmeleg tydeleg, blir det med vilje og med kaldt blod skapt. Vi [i Off-guardian] har dokumentert dette i fleire månader.

Vi har Russland sin «spesialoperasjon» i Ukraina, som driv opp prisen på basismatvarer, kveite og solsikkeolje, so vel som gjødsel.

Vi har det plutselege «fugleinfluensautbrotet» som driv opp prisane på fjørkre og egg.

Den til himmels stigande prisen på olje driv opp kostnaden til matdistribusjon.

Inflasjonen forårsaka av enorm innsprøyting av fiat-valuta tydar at familiar bruker meir pengar på mindre mat.

Og i det alt dette skjer, betaler USA og Storbritannia (og kanskje andre, vi veit ikkje) bønder for å ikkje drive med jordbruk – bokstavleg tala!

Det er nokso tydeleg at dette er The Great Reset: Food Edition. Nedstengingsmelodien med lite grann endra songtekst. Ein prosess der det skjer ei nedbryting av strukturane som allereie er der sånn at vi kan «byggje oppatt betre» med eit meir kontrollert og meir korporatisert matsystem.

Akkurat som Covid-«pandemien» vart sagt å setje søkjelys på «svakheitene i det multilaterale systemet», vil denne matkrisa vise at vår «ustabile matsystem har behov for ei reform» og vi må sikre vår «mattryggleik»… eller tusen variasjonar rundt det temaet.

Dette er ikkje ein hypotese. Dei byrja allereie for over eit år sidan.

Tidsskriftet Journal of Agriculture, Food Systems & Community Developments publiserte ein artikkel i februar 2021 med tittelen: «Dismantling and rebuilding the food system after Covid-19: Ten principles for redistribution and regeneration» [norsk tittel: «Nedriving og oppattbygging av matsystemet etter Covid-19: Ti prinsipp for redistribusjon og gjendanning»].

I eit intervju frå juli i fjor sa Ruth Richardson, adm. dir. i NGO-en Global Alliance for the Future of Food bokstavleg tala:

«Vårt dominerande matsystem må bli rive ned og bygt oppatt.»

Seinare, i september 2021, samla FN det fyrste «matsystemstoppmøtet» nokosinne, som hadde eit mål som inkluderte frasen:

«Å byggje oppatt matsystema i verda vil òg late oss svare på FNs generalsekretær sitt krav om å ‘byggje oppatt betre’ frå Covid-19.»

George Monbiot, vêrhane for kvar djupstatsagenda, skreiv for to veker sidan i The Guardian, med sin karakteristiske mangel på subtilitet:

«Bankane kollapsa i 2008 – og vårt matsystem er i ferd med å gjere det same… Systemet må endrast.»

Men kva tydar «endre» og «oppattbygt» i denne konteksten?

Vel, det er ikkje eit mysterium, dei har snakka seg opp mot det i årevis.

  • Det vil tyde at pressa so vel som politikarane pushar WEF sin «planetære helsediett»
  • Det vil tyde å kondisjonere barn til å ete insekt og sjøgras
  • Det vil tyde auka pushing av «genredigert» eller genetisk modifiserte matvarer
  • Det vil tyde å stigmatisere kjøtetarar medan ein endelaust skryter veganisme opp i skyene
  • Det vil tyde å fremje laboratoriedyrka «kjøt» og bakterieslim blanda i gigantiske kar på kostnad av naturleg mat
  • Det vil tyde «karbonskatt» på raudt kjøt og importerte matvarer av alle slag
  • Det vil tyde «fedmeskatt» på matvarer med mykje sukker eller feitt
  • Det vil tyde propagandainnsats for å omdøype basismatvarer til «luksus»

Nesten alle desse døma er historier frå berre den siste månaden, og mange av dei er talepunkt ved World Economic Forum sin konferanse i Davos.

Som nesten alltid er tilfellet, har problemet som dei no «reagerer» på allereie ein serie i forkant arrangerte løysingar.

Akkurat som vi såg nedstengingar knuse økonomien i fillebitar medan milliardærklassen håvar inn rekordprofitt medan konsernkjemper utvida sine monopol, vil òg kvar ein føreslegen mattryggleikspolitikk ende opp med å vere i favør av dei allereie megarike eller installere infrastruktur for konsernkontroll.

Dei annonserte nettopp bygginga av den største «dyrkekjøt-fabrikken» i verda. Falskt kjøt kan naturlegvis ikkje lagast heime og er gjenstand for patenterte skapingsprosessar. Genetisk redigerte eller modifiserte planter og dyr er på same måte gjenstand for patent.

Supranasjonale selskap, som har profittar større enn budsjettet til enkelte nasjonar, driv og utviklar karbonfotspor-sporingsappar som belønner folk for å gjere dei «rette vala». Det kan enkelt anvendast på mat.

Bill Gates har i det stille blitt den største eigaren av jordbruksland i USA. Land der han kan dyrke nye Frankenstein-avlingar, eller som den amerikanske regjeringa vil betale han for å ikkje bruke.

Spelet er tydeleg: Akkurat no gjer dei seg klare til å rive alle våre gamle matsystem ned, med det fastslåtte målet å byggje dei oppatt betre.

Men betre for dei, ikkje for oss.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s