Av Mac Slavo, SHTFplan.com, 1.juni 2022. Omsett av saksyndig.
Russland åtvarar Vesten om ein direkte konflikt dersom herskarklassane held fram med å sende våpen til Kiev. Ved å sende rakettkastarar til Ukraina, har USA sett seg sjølve på ein «direkte konflikt»-sti med Russland, hevda ein toppdiplomat.
Den russiske vise-utanriksministeren Sergej Rjabkov sa onsdag [1.juni 2022; oms.an.] at Washingtons væpning av Ukraina med tyngre våpen aukar risikoen for direkte konfrontasjon mellom USA og Russland, uavhengig av amerikanske påstandar om å mildne ei slik moglegheit.
«Vi forsyner ikkje Ukraina med nokon våpen som vil late dei gå til åtak på Russland frå innsida av Ukraina, og president [Joe] Biden har vore veldig tydeleg på det,» sa den amerikanske FN-representanten Linda Thomas-Greenfield om leveransane. «Vi kjem ikkje til å bli [ein] del av krigen.» Bortsett frå at den amerikanske krigs- og konflikthistoria ikkje akkurat leverer truverd til påstanden.
Frå RT.com:
«Diplomaten kommenterte nyheitene om at USA har valt å forsyne Ukraina med HIMARS fleirrakettskastarar. Washington har insistert på at våpensystemet ikkje vil late ukrainske styrkar gå til åtak på Russland, og argumenterer for at det hindrar eit scenario der Moskva vil sjå på USA som ein del av konflikten.»
Rjabkov var òg ueinig med påstanden, og sa at USA gjorde konflikten farlegare. «Alle våpenforsyningar som held fram og eskalerer, aukar risikoen for ei slik utvikling,» fortalde Rjabkov journalistar, og refererte til faren for ein direkte konfrontasjon mellom Russland og USA.
Washington «held fast på sin plan rundt det som vi mange gonger har karakterisert som ein intensjon om å føre krig til siste ukrainar, som reflekterer målet om å påføre – som dei sjølve seier – Russland sitt strategiske nederlag. Dette manglar sidestykke. Dette er farleg,» sa Rjabkov.
Sidan byrjinga av konflikten mellom Russland og Ukraina har Kreml kravd at Ukraina offisielt erklærer seg som eit nøytralt land som aldri vil slutte seg til den USA-leia NATO-militærblokka. Kiev insisterer på at den russiske offensiven var fullstendig uprovosert og har nekta for påstandar om at dei planla å gjenerobre dei to republikkane med makt.
Alt vi kan vere sikre på akkurat no, er at eskaleringa held fram og at retorikken intensiverer seg.