Frå The Exposé,1.juni 2022. Omsett og noko forkorta av saksyndig. Sjå òg dr.Robert Malone si meining om denne lab-hypotesen, der han bruker den omtala studien som grunngjeving.
Ein ny studie publisert av det portugisiske folkehelseinstituttet har avdekt evidens for at viruset som er ansvarleg for apekoppe-utbrotet som visstnok feiar over Europa, Amerika og Australia, har blitt omfattande manipulert i eit laboratorium av vitskapsfolk, og vidare evidens føreslår at det har blitt sleppt ut med vilje.
Apekoppe-sjukdom byrjar vanlegvis med feber, før eit utslett utviklar seg éin til fem dagar seinare. Ofte byrjar det i ansiktet, for so å spreie seg til andre delar av kroppen. Utslettet endrar seg og går gjennom fleire stadium, før dei til slutt dannar sårskorper som seinare dett av. Ein person er smittsam fram til alle sårskorpene har falle av og der er intakt hud under.
Sjukdommen har alltid vore uhyre sjeldan og vart fyrst oppdaga hjå menneske i 1970 i Den demokratiske republikken Kongo hjå ein 9-årig gut. Sidan den tid har menneskelege tilfelle av apekoppar blitt rapportert i 11 afrikanske land. Det var ikkje før 2003 at det fyrste apekoppe-utbrotet utanfor Afrika vart dokumentert, og dette var i USA, og det har aldri blitt dokumentert i fleire land på same tid.
Før no.
Plutseleg blir vi fortalt at tilfelle av apekoppar no blir dokumentert i USA, Canda, Storbritannia, Sverige, Nederland, Belgia, Frankrike, Spania, Italia og Tyskland, alle på same tid.
[Kommentar frå saksyndig: Tilfelle av apekoppar har per 2.juni 2022 òg blitt påvist i Noreg, i høvesvis Viken og Bergen.]
Ifølgje det britiske Health Security Agency har 172 tilfelle av apekoppar blitt identifisert i England per 29.mai 2022, og dei har no publisert nye retningslinjer som tilrår alle med viruset å halde seg unna sex medan dei har symptom, og bruke kondom i minat åtte veker etter at infeksjonen har gått tilbake.
Men det er noko særs merkeleg med dette utbrotet, som om det at vi visstnok er vitne til eit utbrot i i-landa på nøyaktig same tid for fyrste gong i historia ikkje er merkeleg nok.
Vi trur ikkje på samantreff, men der finst mange som gjer det. Men vi førestiller oss at dei som gjer det vil streve med å forstå denne.
Tilbake i mars 2021 slo Nuclear Threat Initiative (NTI) seg saman med München sin Tryggleikskonferanse for å utføre ei skrivebordsøving om det å redusere biologiske trugslar med alvorlege konsekvensar.
Øvinga undersøkte hòl i nasjonal og internasjonal biotryggleiks- og pandemiberedskap-arkitektur – og utforska moglegheiter for å forbetre det å unngå, samt å respondere på biologiske hendingar med alvorlege konsekvensar.
Her er scenariet som dei utførde. Eit apekoppe-utbrot som byrja 15.mai 2022, som resulterte i 3,2 milliardar tilfelle og 271 millionar dødsfall innan 1.desember 2023.
Skal vi verkeleg tru at det berre er eit samantreff at vi no er vitne til eit faktisk apekoppe-utbrot, der dei fyrste tilfella vart rapporterte til Verdas helseorganisasjon (WHO) 13.mai 2022?
Øvinga til Münchens Tryggleikskonferanse avdekte at det konstruerte apekpppe-viruset vart utvikla ulovleg i det fiktive landet Anica sitt leiande virologi-institutt av laboratorie-vitskapsfolk som arbeidde med ei anikansk terroristgruppe. Denne terroristgruppa sleppte deretter laus det «høgst smittsame og dødelege» patogenet på ein folketett togstasjon i det fiktive nabolandet Brinia.
Ein ny vitskapleg studie publisert av Portugals nasjonale folkehelseinstitutt (NIH) føreslår at det verkelege apekoppe-utbrotet kan vere eit resultat av noko nifst likt.
Studien vart publisert 23.mai 2022 og kan lesast i sin heilskap her.
Vitskapsfolk frå NIH samla inn kliniske prøvar frå 9 apekoppe-pasientar mellom 15. og 17.mai 2022 og analyserte dei.
Vitskapsfolka konkluderte at fleirlandsutbrotet av apekoppar som vi no visstnok er vitne til, mest sannsynleg har eitt enkelt opphav fordi alle sekvensane av viruset som so langt er offentleggjort, klumpar seg tett saman.
Dei konkluderte òg at viruset høyrer til den vest-afrikanske kladen (varianten) av apekoppe-virus. Dei fann derimot ut at det er svært nært slekta til apekoppe-virusa som vart eksporterte frå Nigeria til fleire land i 2018 og 2019, nemleg Storbritannia, Israel og Singapore. Dette er vårt fyrste spor for at dette siste utbrotet kan vere resultat av eit konstruert virus som har leke ut frå eit laboratorium.
Det neste beviset at dette viruset har leke frå eit laboratorium kjem frå følgjande funn: medan viruset liknar mykje på dei som vart eksporterte frå Nigeria i 2018/2019, er det framleis ulikt med over 50 enkle nukleotide polymorfismar, som er genetiske variasjonar. Vitskapsfolka fastslår at dette er langt meir enn ein kunne ha forventa. Dette indikerer sterkt at nokon ein eller annan stad har leikt seg med viruset i eit laboratorium.
Denne nett publiserte vitskaplege studien har essensielt avdekt ein masse evidens som peiker på at det nyaste apekoppe-utbrotet er eit resultat av eit omfattande manipulert virus som har leke ut frå eit laboratorium.
Par dette med simuleringa ved Münchens Tryggleikskonferanse som vart utført i mars 2021, som tilfeldigvis handlar om eit apekoppe-utbrot som byrjar i mai 2022 som eit resultat av ein bioterroristisk lablekkasje – då er det ikkje vanskeleg å konkludere med at vi anten er vitne til eit ekte apekoppe-utbrot som har blitt sleppt laus frå eit laboratorium med vilje, eller eit helvetes samantreff. Og vi trur ikkje på det siste.