Av Ethan Huff, Natural News, 31.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Basert på aukande evidensmengd kan ein ikkje nekte for at den nye apekoppeskremselen er nok eit tillaga «utbrot» som har blitt sett i verk med det mål å begå «innanlandsterror» mot folket – som burde vete betre no at vi nok ein gong blir lurt trill rundt og terrorisert.
Dr. David Martin deltok i programmet Man in America og fortalde programleiaren at modus operandi bak denne operasjonen ikkje er noko nytt. Verda fekk ein diger dose av det heile gjennom Wuhan koronaviruset (Covid-19), og apekoppar ser ut til å vere andre runde av denne.
«Når du ønskjer å terrorisere ei befolkning, kva gjer du? Henvend deg til ekspertane!» forklarte Martin.
Det viser seg at apekoppar var planlagt, akkurat som covid var, å bli sleppt laus på akkurat dette punktet i tidslinja. Og mange av dei same spelarane som profitterte på covid kjem nok ein gong til å håve inn pengar frå apekoppar.
«Eg elskar å poengtere at mange menneske har vore opprørte over det faktum at apekoppar vart sleppte laus etter skjema, jamfør ein publikasjon frå mars 2021,» la Martin til.
«Og folk sit der og, liksom ’åh herre Gud – korleis i alle dagar kunne dei ha vore so framsynte at dei fann ut at dei kom til å ha eit utslepp av apekoppar liksom berre tre dagar unna den fastslåtte datoen når det påståtte utbrotet fann stad?’»
Heile 15 månader før no, tilbake i mars 2021, hadde dei globale arkitektane planlagt eit seinare apekoppeutslepp som skjedde nøyaktig etter skjema «pluss eller minus tre dagar,» sa Martin.
«Høyr her, dette er eit ønskt framhald av ein innanlandsterror-kampanje, og det er gjort for å sikre seg at folket forblir i ein tilstand av frykt, kognitiv dissonans og i den vantrua som Platon skildra i Republikken,» seier han.
«De veit vel at Platon i Republikken refererte til det faktum at brotsverk nokre gonger er so vågale at berre det å fastslå kor vågale dei er, lammar befolkninga.»
Vi, folket, må seie NEI til nok ein runde av plandemi-tyranni!
Millionar av menneske er allereie utbrente av covid, og det er lite sannsynleg at dei kjem til å frykte apekoppar, sidan dei anerkjenner at mange av dei same taktikkane blir brukt til å spreie frykt og paranoia rundt det å teste «positivt» for det.
På den andre sida var det òg mange millionar andre som slukte rått covid-plandemien og som framleis trur at der finst ein slags usynleg trugsel der ute som berre ventar på å drepe dei og bestemødrene deira – og difor går altso enkelte framleis med munnbind ute blant folk.
Kva side som vinn i den neste bølgja av helsekrigar gjenstår å sjå. Forhåpentlegvis er der nok folk som er lysvakne overfor kva som skjer, til at nok ein plandemi mislykkast i å få fotfeste.
Styresmaktene og media kan drive med skremselspropaganda alt dei maktar om apekoppar, men makta deira sluttar når folket nektar å lytte til dei eller gå med på noko av det.
Vi folket har langt meir makt enn vi innser, trass alt. Alt som skal til er at nokre få gode menn og kvinner set foten ned mot desse forsøka på brotsverk mot menneskeheita, noko som vil inspirere andre til å gjere det same heilt til ein snøball av motstand er forma.
«Vi kan vere glade for at CCP-Davos-aksen valde det relativt harmlause apekoppe-viruset og ikkje Marburg, koppar og fugleinfluensa, for sin neste globale pandemi-bløff, for å rettferdiggjere befolkningsreduksjon ved hjelp av hungersnaud og dødelege injeksjonar,» kommenterte nokon på Natural News om situasjonen.
«Eg har lese at helveteseld [engelsk shingles, på fagspråket herpes zoster; oms.an.] er ein kjent biverknad av sprøyta,» skreiv ein annan. «Eg søkte etter bilete på nettet. Helveteseld og apekoppar ser like ut. Korleis kan legar skilje den eine frå den andre?»