Dr. Robert Malone trur apekoppe-viruset kan vere manipulert i laboratorium

I eit Substack-innlegg 31.mai 2022 skriv dr. Robert Malone at han trur at det ikkje er tilfeldig at apekoppe-viruset akkurat no spreier seg i verda. Sidan han skreiv sin førre artikkel, der han refererer til det opphavlege apekoppe-viruset, har han fått kjennskap til pandemisimuleringa til Nuclear Threat Initiative frå mars 2021, som handla nettopp om ei laboratoriemodifisert utgåve av apekoppe-viruset. I denne simuleringa vart denne modifiserte utgåva av apekoppe-viruset «tilfeldigvis» sleppt laus 15.mai 2022, som «tilfeldigvis» er same veka som det noverande utbrotet vart annonsert. Dette har nifs likskap med den berykta Event 201, som var ei pandemiøving som fann stad i oktober 2019, berre nokre månader før koronaviruset og Covid-19-«pandemien» dukka opp.

Som Malone sjølv skriv i sin nyaste apekoppe-artikkel (omsett av saksyndig):

«Eg kan knapt tru at eg skriv dette, men sidan min opphavlege substack-artikkel om dette temaet, har vi sett avsløringa av ei Event 201-aktig krigsspeløving modellert rundt eit bioterror-slekta utslepp av eit konstruert apekoppe-virus ‘forårsaka av eit terroriståtak ved bruk av eit patogen framstilt i eit laboratorium med utilstrekkjelege biotryggleiksprovisjonar og dårleg oversyn’. Med forbløffande (tilfeldig?) framsyn, modellerer ‘skrivebordsøvinga’ frå mars 2021 (eitt år og tre månader inn i covid-krisa) eit apekoppe-bioterroråtak som starta 15.mai 2022. Legg merke til datoen til CNN/Jake Tapper-fryktpornostykket – 20.mai 2022. Modellen som er brukt i scenarioet som ‘øvinga’ er basert på, spår 3,2 milliardar tilfelle og 271 millionar dødsfall innan 1.desember 2023. Naturlegvis har trefftryggleiken til dei simplistiske folkehelsemodellane slik som den som vart brukt for å støtte dette scenarioet, gjentekne gonger vist seg å vere fullstendig horribel, og slike typar av modellar burde anten bli tilvist skraphaugen (eller ein pågåande søppelcontainer-brann) som uvitskapleg spekulasjon som altfor ofte blir brukt som våpen av fryktporno-seljarar slik som CNN, MSNBC, NYT, Washington Post. No kjenner vi til alle dei vanlege USG- og WEF-kontrollerte mediaspelarane.»

Han skriv vidare at dette verkar som nok eit eksempel på ein «plandemi». Og han avrunda sin førre apekoppe-artikkel med at viruset ikkje utgjorde ein betydeleg biologisk trugsel – med mindre der har funne stad ei genetisk endring, anten gjennom evolusjon eller genetisk manipulering.

Deretter kjem han med ein rapport frå 23.mai 2022 frå det portugisiske folkehelseinstituttet. I samband med at fleire tilfelle av apekoppar vart oppdaga mellom anna i Portugal, byrja folkehelseinstituttet å byggje eit sokalla fylogenisk kart over apekoppe-varianten som er assosiert med utbrotet. Som Malone skriv (saksyndig si utheving):

«Basert på funna deira, har dei raskt delt både dataa sine, so vel som ein serie av oppsiktsvekkjande hypotesar når det gjeld opphavet til varianten av apekoppar (vest-afrikansk variant) som no er i omlaup. For å kome til poenget, og etter å ha sett gjennom dataa og artikkelen, må eg no konkludere at ein av dei mange ‘arbeidshypotesane’ når det gjeld opphavet av dette spesifikke viruset, må vere at det er produktet av laboratoriebasert manipulasjon – akkurat som modellert tidlegare i Nuclear Threat Initiative Bio/Munich Security Conference.»

Dr. Malone trur altso at utbrota med apekoppe-virus som vi no ser i verda kan stamme frå eit laboratorium. Grunngjevinga for at han trekkjer den konklusjonen er mellom anna at det ser ut som om apekoppe-utbrotet kjem frå ei enkeltståande viruskjelde. Denne kjelda kan anten vere eit «naturleg», enkeltståande hopp frå eit infisert dyr til eit menneske – eller at nokon med vilje har sleppt laus ei isolert utgåve av viruset. Eit anna moment han trekkjer fram som grunngjeving, er at genetisk er 2022-viruset betydeleg ulikt frå utgåver som vart isolerte i 2018/2019. Anten, slik forfattarane av den portugisiske artikkelen trur, utviklar genomet til dette viruset seg raskare enn ein ville forvente frå dobbelttråda DNA-virus (som vanlegvis er stabile) – eller so har nokon tukla med det.

I løpet av berre eit par veker ser det altso ut til at eit under normale omstende stabilt, dobbelttråda DNA-virus, på mystisk vis har utvikla seg til ein variant som lettare spreier seg frå menneske til menneske. Evidens som so langt føreligg, antydar store likskapar med den nemnde apekoppe-virusøvinga frå mars 2021.

Sjølv om det er for tidleg å trekkje konklusjonar, er det som dr. Malone antydar særs urovekkjande.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s