I Genève har det dei siste sju dagane gått føre seg eit særs viktig møte i World Health Assembly, som er tilknytt WHO – Verdas helseorganisasjon. Dei har diskutert Biden sine 13 kontroversielle endringar i den internasjonale helseforskrifta. Som Steigan skriv:
«Offisielle delegater fra velstående utviklede nasjoner som Australia, Storbritannia og USA uttalte seg til sterk støtte for endringene og oppfordret andre stater til å slutte seg til dem for å fraskrive seg sine lands suverenitet.»
Noreg via «vår» helseminister Ingvild Kjerkol, var ein annan deltakar som uttrykte stor, om ikkje panegyrisk støtte til desse «reformene». I mi og fleire si bok er dette på ingen måte i vårt lands interesse, og det kan til og med vere eit svik mot folket.
Derimot møtte WHO og resten av globalistane motstand frå Afrika. Dette kom på onsdag 25.mai, tilfeldigvis òg Afrikadagen. Der las Botswana ei melding på vegner av sine 47 AFRO-medlemmer, der dei sa at «de kollektivt ville holde tilbake til støtte til ‘reformene’», som hadde vakt stor bekymring i mange afrikanske land. Andre land som ikkje ønskte å støtte reformene, var Brasil, Russland, India, Sør-Afrika, Iran og Malaysia. Brasil truga til og med med å forlate WHO framfor å late befolkninga bli underlagt dei nye endringane.
Som eit resultat måtte WHO trekkje seg tilbake. No er ei ny arbeidsgruppe kalla saman for å kome med «tekniske anbefalingar om dei føreslegne endringane» som dei vil leggje fram på nytt saman med pandemitraktaten (Pandemiavtalen) på det 77.helseforsamlingsmøtet i 2024.
Som Steigan sjølv skriv som avsluttande kommentar:
«Det at ikke minst afrikanske land og land som Brasil, Russland, India, Kina, Sør-Afrika, Iran og Malaysia har kommet med skarpe innvendinger mot WHOs forsøk på å skape seg en global kontroll over alle verdens land er uhyre oppløftende. Det betyr ikke at kampen er vunnet, på ingen måte. Men det betyr at det er kastet tilstrekkelig mange tresko inn i maskineriet til at det blir lettere å reise [motstandskampen].»
Som forventa (?) har ingen stortingsparti teke til orde «mot dette forsøket på et globalt statskupp».