Denne veka har «vår» helseminister Ingvild Kjerkol etter eiga utsegn travle dagar i Genève. Ho har ifølgje Facebook-sida si fått «trent møtekondisen med mange gode bilaterale møter». Ho skriv at det å møte helseministrar og helseleiarar frå heile verda gjev god moglegheit til å løfte norske saker og perspektiv, og at ho har brukt desse møta til å snakke om tettare helsesamarbeid og -beredskap, «sette fokus på en bærekraftig finansiering av Verdens helseorganisasjon, behovet for samarbeid om tilgang og produksjon av medisiner, viktigheten av å utdanne flere fagfolk, helsedata og pandemi.»
23.mai leverte ho ein tale der ho ifølgje Steigan leverte frå seg Noregs sjølvstendigheit på eit sølvfat. Ikkje berre slutta ho seg til at WHO i framtida skal få makt til å overstyre nasjonale regjeringar og parlament og gje globale direktiv – ho gjorde det med stor entusiasme. I sin engelskspråklege tale som er å finne på heimesidene til Regjeringa, snakkar ho om krigen i Ukraina, Russlands «aggresjon», «bevisste åtak på sivile, helseinstitusjonar og helsearbeidarar», koronaviruset og ikkje minst at vi har «spora av» når det gjeld å møte FN sine mål for berekraftig utvikling.
Nokre gullkorn (omsett av saksyndig):
«Kriser testar vår forplikting til våre verdiar, våre prinsipp og vår sameining.»
«Noreg vil halde fram vår støtte til desse avgjerande aspekta til WHO-mandatet [WHO si evne til å handtere humanitære helsekriser; oms.an.].»
«Vi har no høvet til å sikre oss at helse blir beskytta av meir effektive system, sterkare ansvarleggjering og tillit, og ved utfallslikskap, solidaritet og menneskerettar.»
«Vi må konsolidere WHO som vår effektive, ansvarleggjorde og kvalifiserte leiar i multilateralisme, og eit byrå som har nulltoleranse for feil oppførsel.»
Etter 800 kommentarar, dei fleste negative ifølgje Hemali, har Kjerkol no begrensa kven som kan kommentere. Det desiderte fleirtalet er sterkt ueinige i det som no er i ferd med å skje i Genève. Mellom anna meiner dei at helseministeren er i ferd med å overgje Noregs suverenitet til WHO, som fyrst og fremst tener legemiddelindustrien, ikkje folket. Det er òg trist at framande organisasjonar får eit overherredømme over landet utan at det norske folket gjer noko som helst for å stoppe dette. Nokre kallar det Kjerkol gjer for eit svik mot heile det norske folket.
WHO sin Pandemiavtale vil fråta menneske i 194 land kroppsintegritet og sjølvbestemmelse, meiner éin brukar. Ein annan meiner at det ikkje finst noko som heiter global helse, ettersom helsa og utviklinga av den skjer på individuelt plan, altso hjå det enkelte mennesket. Helseval er fyrst og fremst personlege, og det å sanskjonere mot visse helseval med heimel i «lover» eller «avtaler» bryt med vår ufråvikelege rett til å sjølv velje korleis vi vil leve livet, so lenge vi ikkje skader andre.
Steigan legg vekt på formuleringa «nulltoleranse for feil oppførsel». Kva er «feil oppførsel», og korleis har ein tenkt å praktisere «nulltoleranse» mot denne i framtida? Spesielt kritikkverdig er det at denne Pandemiavtalen aldri vart lagt fram for det norske folket, at det fullstendig manglar heimel i norske lover, og ikkje minst at det er særs tvilsamt om avtalen i det heile teke har vore til diskusjon i Stortinget.
Kjerkol, «vår» helseminister, stemmer entusiastisk for ein totalitær traktat utan å ha fått mandat til det verken frå norske veljarar eller Stortinget – og det til ståande applaus frå sine globalistiske venner.
Ifølgje Steigan er dette å finne i dette utkastet til traktat:
- Internasjonale vaksinepass og kontaktsporing
- Global overvaking
- Behandling av «feilinformasjon», «desinformasjon» og «for mykje informasjon»
- Finansiering, gjennom at WHO-medlemmer kollektivt skal betale WHO meir enn 950 millionar dollar i kontingent for 2022-2023
Dette inneber at WHO som styrande og koordinerande styresmakt for internasjonal helse vil kunne drive med den same overvakinga og sensuren av borgarar som under den påståtte Covid-19-«pandemien».
Heile den føreslegne avtalen til WHO kan lesast her.