Av Kevin Hughes, Natural News, 25.mai 2022. Omsett av saksyndig.
Den velkjende epidemiologen og hjartespesialisten dr. Peter McCullough bad folket å halde seg rolege blant rapportar om nok eit virusutbrot, denne gongen apekoppe-viruset.
«Eg må fortelje dykk at vi har slikt eit forsprang til denne sjukdommen,» sa McCullough under ein nyleg episode av The Alex Jones Show.
«Der burde absolutt ikkje vere nokon panikk. Det tilsvarer nesten vasskoppar, og nokon som har mykje postulære vesikulære sår kan raskt identifiserast. Vi han handtere dette. Behandlinga er faktisk svært godt tolerert. TPOXX-legemiddel som ein tek to gonger dagleg held utmerka.»
Den Dallas-baserte indremedisinaren la til at det amerikanske folket ikkje treng 13 millionar doser av apekoppe-vaksinen, der han refererte til talet vaksinar bestilt av den føderale regjeringa mot sjukdommen etter berre eitt bekrefta tilfelle på amerikansk jord.
McCullough sa at folk har aldri fått so mykje nyheiter relatert til mikrobiske trugslar mot den menneskelege befolkninga, og at ein person kan berre anta at mykje av det er tilgjort. Programleiar Alex Jones, som òg hadde selskap av forfattar John Leake i episoden, var einig. Han sa at der er mykje overdriving og PR-salskampanjer knytt til apekoppe-utbrotet.
Leake kalla det ein operasjon «warp speed» [overlydshastigheit; oms.an.] som har som intensjon å utløyse ein flaum av pengar visstnok for å handtere ei krise.
Wuhan koronavirus (Covid-19)-pandemien har tydelegvis gjeve regjeringstilsette den perfekte sjablongen til å tene pengar på helsekriser. Jones, grunnleggjar av Infowars, sa at billionar av dollar har blitt generert over heile verda av ulike regjeringar for Covid-19-pandemien.
Leake, medforfattar av boka Courage to Face Covid-19 saman med McCullough, sa at CARES-vedtaket frå mars 2020 over natta skapte 10% av USA sitt bruttonasjonalprodukt for folka som hadde arbeidd med og planlagt pandemien. Han la til at dei vanlege mistenkte er i gang igjen med apekoppe-utbrotet.
Det er grunnen til at McCullough meiner det er viktig for folket å vete at der er ingen grunn til å få panikk overfor apekoppar.
Han forklarte at apekoppar er i same familie som koppar, og at dei forårsaker ein pustulær type sjukdom eller hudbasert sjukdom. Den har svært liten respiratorisk komponent og den blir overført frå dyr til menneske.
Hjartespesialisten la til at der har berre vore 700 rapporterte tilfelle av apekoppar det siste halve hundreåret, og at nesten alle tilfella har kome frå Kongo-regionen i Afrika. McCullough minnest at eit utbrot fann stad i USA i 2003, med 70 rapporterte tilfelle. Han sa at ei gruppe dyr frå Afrika spreidde apekoppe-viruset til menneske på den tida.
Det å kjøpe millionar av vaksinedosar er ein overdriven respons
McCullough kalla kjøpet av millionar av vaksinedosar for apekoppar «ein hyperbolisk [overdriven] respons». Han la til at han ikkje kan førestille seg eit selskap som ikkje har hatt nokre sal av sin apekoppe-vaksine, får ei innsprøyting av millionar av dollar i kontantar.
Eit lager av entero-legemiddel [legemiddel ein tek gjennom munnen; oms.komm.] av to millionar dosar er òg tilgjengeleg, sa McCullough, noko som gjer kjøpet av millionar av vaksinar endå meir underleg.
McCullough la til at apekoppar enkelt kan behandlast med legemiddel, og at det i hovudsak dreiar seg om sår i huda. Han sa òg at den einaste dødelegheita som opptrer, er i regionar der det ikkje finst generell medisinsk omsorg for pasientar som blir sjuke, dehydrerte og andre ting.
Legen og forfattaren, som har vore leiande i den medisinske responsen til Covid-19-katastrofen, sa at der allereie finst ei sterk frykt for at koppe-virusa kjem til å bli brukt spesifikt til bioterrorisme.
Jones spelte deretter eit videoklipp av Bill Gates, der han snakka om den neste pandemien som kjem til å skje.
I klippet nemnde Gates at ein Verdas helseorganisasjon-nivå Global Pandemic Task Force kjem til å utføre overvaking og «basill-spel» [germ games i originalartikkelen; oms.an.] for å førebu seg på eit mogleg bioterrorist-åtak.
Jones påpeikte at Microsoft-medgrunnleggjaren og filantropen allereie fortalde folk om den neste store tingen i november i fjor.
Leake sa at folk verkeleg burde undersøkje dette utbrotet svært nøye, ettersom Gates plutseleg snakkar om apekoppar. Han nemnde òg at under apekoppe-utbrotet i 2003 budde marsvin saman med Ghana-pungrotter som vart frakta frå Afrika, og til slutt spreidde seg til 70 menneske i USA.
Forfattaren sa at der ikkje var noko nysteri og snakk om å måtte kjøpe millionar av vaksinedosar på den tida.