WHO knyter apekoppe-utbrotet til homotreff i Belgia og Spania

Henta frå Free West Media, 25.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Tilfelle av apekoppar har blitt assosiert med ei homosex-badstove i Madrid, medan tre tilfelle som vart oppdaga i Belgia var knytt til ein homo-fetisj-festival kalla Darklands i Belgia. Men utbrotet kan òg vere knytt til VAIDS.

Nye apekoppe-tilfelle som dukkar opp i Europa har blitt knytt til homotreff i Antwerpen og Madrid. Spania sine 30 tilfelle vart spora tilbake til ei sex-badstove ifølgje tenestefolk. Madrid sin helsesjef, Enrique Ruiz Escudero, bekrefta at ein «betydeleg andel» av europeiske tilfelle vart oppdaga blant homofile og biseksuelle menn. Tre tilfelle i Belgia vart knytt til ein fetisj-festival.

Det britiske helsetryggleiksbyrået har identifisert 20 tilfelle so langt, med topphelserådgjevar dr. Susan Hopkins fortalde BBC sitt Sunday Morning-program: «Absolutt, vi finn tilfelle som ikkje har nokon identifisert kontakt med eit individ frå Vest-Afrika, som er det vi har sett tidlegare i dette landet.

Smitta i samfunnet er stort sett sentrert rundt urbane strøk og vi ser det fyrst og fremst blant individ som sjølvidentifiserer seg som homofile eller biseksuelle, eller andre menn som har sex med menn.»

Sundag 22.mai bekrefta Israel og Sveits tilfelle av apekoppar, noko som auka talet råka land til 14 i Vest-Europa, Australia, USA og Canada.

Daily Telegraph knytte dei belgiske tilfella til homosamfunnet medan Portugal sine 14 fyrste tilfelle òg kom frå homofile menn.

Dr. David Heymann, leiar i WHO si rådgjevargruppe for smittsame sjukdommar, sa at viruset ikkje tidlegare har utløyst utbreidde utbrot utanfor Afrika, der det er endemisk hjå dyr. I Sentral- og Vest-Afrika blir folk i hovudsak smitta med apekoppar gjennom dyr slik som gnagarar og primatar.

«Vi veit at apekoppar kan spreie seg når der er nærkontakt med såra til nokon som er infisert, og det ser ut til at seksuell kontakt no har forsterka den overføringa,» sa Heymann. «Dette er ikkje Covid,» fortalde Heymann, men tyske vitskapsfolk frå Robert Koch-instituttet skildra den noverande situasjonen som ein «epidemi».

«Det er svært mogleg at nokon vart smitta, utvikla sår… og deretter spreidde det til andre når det var seksuell eller nær, fysisk kontakt,» sa Heymann, og la til at «desse internasjonale hendingane… sådde utbrotet rundt om i verda, til USA og andre europeiske land.»

Antwerpen-festivalen skildrar seg sjølv som ein stad der «ymse stammar i homo-fetisj-samfunnet (lær, gummi, armé, skinhead, dokker …) kjem saman for å skape ei unik framsyning av fetisj-brorskapen.»

Festivalen si nettside la skulda på utlendingar for utbrotet: «Vi har grunn til å anta at viruset har kome med gjester frå utlandet til festivalen etter nylege tilfelle i andre land.»

WHO gjev homofile skulda, men det kan vere eit dekke

Verdas helseorganisasjon (WHO) bekrefta måndag 23.mai at apekoppe-utbrotet hadde sine røter i homoseksuelle menn som hadde delteke på sextreff i Europa. Apekoppar, slik som influensa, er ikkje sett på som ein seksuelt overførbar sjukdom.

Den har ofte blitt forveksla med vasskoppar eller helveteseld. I fråværet av koppar, «er det store kliniske diagnostiske problemet å differensiere menneskelege apekoppar frå vasskoppar.» Herpes simplex-viruset (HSV) er ein vanleg årsak til hudsårsjukdom blant både dei med svekka og dei med normalt immunforsvar. Difor har HSV blitt klassifisert som ein «AIDS-definerande tilstand».

«Når symptom dukkar opp framstår dei fyrst med prikking og/eller raudleik, følgt av blemmeliknande sår som raskt blir om til opne, væskande sår. Såra er ofte temmeleg smertefulle og kan bli følgt av feber og oppsvulma lymfekjertlar,» slik som med apekoppar.

Ifølgje forskarar frå The Exposé, står vi «overfor konsekvensane av skaden som har blitt forårsaka på immunforsvar av Covid-19-injeksjonane i dei sjølvsame fyrsteverdslanda, og styresmaktene får hastverk med å dekkje over det.» Dei trur at apekoppar i realiteten er VAIDS, eller «vaksine-erverva immunsviktsyndrom», som har blitt utbreidd i dei mest vaksinerte landa.

Raten av herpes-relaterte infeksjonar rapportert som uventa verknader av influensa-sprøyter er 0,75 uventa verknader per 1 million administrerte dosar, medan raten av herpes-relaterte infeksjonar rapportert som uventa verknader til Covid-19-injeksjonane er 31,31 uventa verknader per 1 million administrerte dosar.

Den belgiske eksperten Geert Vanden Bossche har åtvara at massevaksinasjonskampanjen var «eit åtak på [folks] immunforsvar» som vil få «dramatiske konsekvensar både for individ og folkehelsa».

I ein faktasjekk avviste derimot Reuters forholdet til VAIDS.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s