Dr. Vernon Coleman: «Apekoppar burde bli kalla pengekoppar»

Av Dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé, 26.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Mykje nonsens blir snakka om apekoppar [engelsk monkeypox], som er hypokonderens sjukdom for augneblinken – til og med meir populær enn «long covid».

Med tanke på kor mykje pengar legemiddelselskapa sannsynlegvis kjem til å tene på den, burde sjukdommen bli omdøypt til pengekoppar [engelsk money pox].

Menneske som får sjukdommen har i fortida ofte hatt nærkontakt med dyr. Til dømes hadde tre unge lidande i Boudua alle blitt observert leike med indre organ fjerna frå nyleg drepne apar.

No kan eg ta feil, men eg mistenkjer at du ikkje vil sjå mykje av den typen åtferd i Cotswolds, sentrum av Paris eller på Long Island. Ungar er for opptekne med å leike med smarttelefonane sine til å bruke særleg med tid på å tukle med apeorgan som dei plukka opp på leikeplassen.

Likevel har hovudstraumsmedia ein festdag og spreier, utan tvil etter instruksar frå konspiratørane, lastebillass med løgner og feilinformasjon. Ifølgje ein artikkel veit du at du har apekoppar om du har feber, hovudverk, muskelverk, vondt i ryggen og kjenner deg trøytt. Åh, og eit utslett seinare som liknar på vasskoppar eller kanskje koppar, sjølv om ingen veit korleis koppar ser ut fordi vi ikkje har sett eit einaste tilfelle sidan 1980, då dei offisielt vart erklært utrydda, bortsett frå ei og anna flaske med viruset som blir oppbevart i laboratorium slik at vitskapsfolk kan leike Doktor Dommedag.

(Tilfeldigvis hadde forsvinninga av koppar ingenting å gjere med koppevaksinen, som eg forklarte i boka mi Anyone who tells you vaccines are safe and effective is lying. Here is the proof. Trass dette har den amerikanske staten nok koppevaksinar til mesteparten av befolkninga. Dersom du er naiv kan du lett lure på kvifor dei amerikanske skattebetalarane har kjøpt 119 millionar dosar av ein vaksine for ein sjukdom som ikkje har eksistert sidan Pink Floyd gav ut «Another Brick in the Wall».

Ein annan artikkel om apekoppar bytta ut «kjenne seg trøytt» med «tiltaksløyse/letargi» på lista si over symptom.

Åh, og legg til hovne kjertlar på lista – noko som dermed dreg med seg to millionar menneske med sår hals.

Der kan ikkje vere meir enn fem millionar menneske i Storbritannia med desse symptoma akkurat no. So dei vil alle stille seg i kø utanfor det lokale akuttmottaket innan lunsj i morgon. Og sidan det avslørande utslettet ikkje dukkar opp før etter fleire dagar, vil ingen vere i stand til å fortelje dei om dei har influensa eller apekoppar. Klargjer scena for panikk, frykt og endelause TV-program om vaksinar.

Journalistar driv òg og spreier at du kan få apekoppar ved å ete kjøt. Og eg gjettar at dei vil få ein bonus frå konspiratørane for den. Supermarknadene vil utan tvil måtte fjerne monkey chops frå hyllene.

Tilfeldigvis burde journalistar og fryktpredikantar vere merksame på at apekoppar er smittsamt, ikkje infeksiøst. For å redde dei frå å slå det opp, tydar det at dei blir overført via kontakt (som er grunnen til at dei feilaktig blir knytt til seksuelt overførbare sjukdommar).

Der er mykje snakk om at folk døyr, sjølv om apekoppar ikkje er spesielt dødeleg (dei offisielle tala ser ut til å antyde 3%, men det er truleg ei vill overdriving fordi eg gjettar at fram til no, er dei einaste tilfella som har blitt diagnostisert (i hovudsak i tropiske regnskogar), vore dei alvorlege. Eg gjettar at dei fleste tilfelle av apekoppar vil ha blitt ignorert eller avfeia som vasskoppar.

So kva handlar alt dette om?

Vel, det kan berre vere ein del av all fryktpornoen som konspiratørane elskar so mykje. Entusiasmen til hovudstraumsmedia over å køyre denne føreslår at dette er ei verkeleg moglegheit. Å skremme alle til døde so dei kan halde fram med å gå med munnbind, sortere bosset sitt skikkeleg, ignorere kva som skjer i den verkelege verda, og halde seg vekke frå dyrehagar.

Det kan vere tilfellet at dei vil førebu fjolsa som tok Covid-19-sprøyta på å styrte av garde for å bli vaksinert mot apekoppar so snart apekoppe-vaksinesentra har blitt installert. Dei store legemiddelselskapsjefane sorterer utan tvil alle bonussjekkane sine og lurer på kor mange nullar du kan skvise inn i ein sjekk utan at nokre av dei hamnar utanfor papiret.

Eller det kan vere eit forsøk på å distrahere oss frå den store historia: Verdas helseorganisasjon sin plan om å ta over verda og bli innleiaren til Verdsregjeringa som konspiratørane har arbeidd mot i to år.

Eller det kan vere alle tre.

Eg kjem til å skrive meir om det ròtne WHO sin vonde plan om å halde oss alle fangar, men i mellomtida, dersom du ønskjer å vete meir om apekoppar, ta ein titt på Amazing Polly sin utmerka og tankefulle video. Du kan finne den her.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s