Er apekoppar ein distraksjon frå dei mislykka Covid-vaksinane?

Av Mac Slavo, SHTFplan.com, 26.mai 2022. Omsett av saksyndig.

Apekoppar har dukka opp akkurat i tide til å redde to feila Big Pharma-selskap, men dei har òg den skumle evna til å flytte fokuset vekk frå den kollapsande Covid-19-forteljinga. Data frå fleire i-land har vist at desse «vaksinane» forårsakar fullstendig degradering av immunforsvaret.

Sjølv om hovudstraumsmedia og Big Pharma har jobba hardt for å hindre medisinske profesjonelle og skadde pasientar i å snakke om dei negative effektane ac Covid-vaksinane, og apekoppar no har teke ein stor del av merksemda til saueflokken, byrjar vi å høyre meir og meir om desse tilfella i det tala deira veks seg for store til å ignorere.

Dukka apekoppar opp akkurat i tide til å distrahere folk frå det faktum at Covid-sprøytene gjev dei VAIDS (vaksine-indusert erverva immunitetssvikt-syndrom)? Det er ikkje berre AIDS som hovudstraumsmedia ignorerer for å fokusere på apekoppar.

Ein lege som har vore modig nok til å snakke om vaksineverknader er Idaho-patologen dr. Ryan Cole, som har merkt seg ein dramatisk auke i svært aggressive krefttypar blant menneske som har fått vaksinane, som ikkje er rapportert av hovudstraumsmedia. Enkelte av krefttypane som han har sett inkluderer livmorkreft og høgt invasive hudkrefttypar blant yngre menneske. I tillegg har der vore rapportar om tidlegare kontrollerte kreftformer som har blitt aktivert igjen hjå vaksinerte pasientar.

Prøver herskarklassen å distrahere folket frå den katastrofale injeksjonen som dei prøvde å prakke på alle? Kanskje. Spesielt no når apekoppe-vaksinen er klar, då kan dei berre få folk til å stille seg i kø for den og gledefullt ta den.

Ifølgje Politico handlar det framleis om vaksinane og å få massane injiserte. USA og land i Europa førebur seg for eit verst tenkjeleg scenario når det gjeld spreiinga av apekoppar, og jobbar for å sikre seg tusenvis av vaksinar og behandlingar.

«Dette er ein av dei sjeldne sjukdommane der du kan bli vaksinert etter eksponering, og dei hindrar deg i å bli sjuk,» sa Eric toner, ein senior-vitskapsmann ved Johns Hopkings Bloomberg School of Public Health.

Storbritannia har allereie byrja å vaksinere folk, der dei allereie har administrert 1000 dosar av vaksinen som der blir kalla Imvanex. Landet har 3500 dosar att. Tyskland har bestilt 40 000 dosar, rapporterte Reuters.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s