Henry Kissinger på WEF-møte ber Ukraina byte land mot fred – Zelensky sin rådgjevar: «Dra til helvete!»

Henta frå En-volve.com, 26.mai 2022. Omsett av saksyndig.

På World Economic Forum bad Henry Kissinger om at Ukraina forhandlar med Russland og byter litt av landet sitt mot fred, ifølgje rådgjevaren til Ukrainas president, Alexej Arestovich. Minsk 2-avtalen ber faktisk om at annekteringa av Krim blir anerkjent, so vel som uavhengigheita til Donetsk og Lugansk.

Arestovich sin respons var temmeleg vulgær.

«Dra til helvete med desse forslaga, dumme jævlar, berre for å handle vekk ukrainsk territorium lite grann! Er de galne, for helvete? Barna våre døyr, soldatar stoppar bomber med sine eigne kroppar, og dei fortel oss korleis vi skal ofre våre territorium. Dette vil aldri skje,» sa Arestovich i eit intervju onsdag [25.mai 2022; oms.an.].

Arestovich kritiserte logikken i at «brekande» røyster oppmuntra Ukraina til «å halde tilbake appetitten» og gje Russland territoria som dei visstnok vil ha, ettersom slik ettergjeving vil late Kiev «etablere ein omfattande fred og vende tilbake til vanlege forretningar».

Ein annan rådgjevar til den ukrainske presidenten Volodymyr Zelensky, Mikhail Podoliak, gjekk på Telegram onsdag for å adressere «pro-russiske lobbyistar i Europa».

«Vi sel ikkje våre borgarar, territorium eller suverenitet. Dette er ei tydeleg raud linje. Det ukrainske samfunnet har betalt ein skrekkeleg pris og vil ikkje late nokon ta so mykje som eit steg i denne retninga – ingen regjering og inkje land,» sa Podoliak, og la til at alle som ber om slike kompromiss vil få «ein prinsippfast respons» frå Kiev.

[Det er ikkje pro-russisk å ønskje at ein farleg krig tek slutt når folk døyr i utrengsmål.]

Medan ingen ønskjer ein langvarig militær aksjon eller ei matkrise, «er den kortaste måten å ende krigen å gjere det med våpen, sanksjonar og finansiell støtte til Ukraina,» argumenterte Podoliak.

«Ukrainarane forsvarte Kiev, frigjorde tre regionar og fullfører frigjeringa av den fjerde. I dag tilbaud dei same folka oss å gje Russland austdelen og sørdelen. Takk for rådet, men vi vil truleg ta til våpen,» påstod rådgjevaren.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s