Helseberedskapslova kan gjere WHO sin Pandemiavtale og vaksinasjonsstatus blant helsepersonell irrelevant – i krig og krise må alle mann (?) til pumpene

Ei av kjeldene mine gav meg nyleg eit særs interessant perspektiv på den komande krisa i den norske helsesektoren. Den sokalla Lov om helsemessig og sosial beredskap, betre kjent som Helseberedskapslova, har som føremål å «verne befolkningens liv og helse og bidra til at nødvendig helsehjelp, helse- og omsorgstjenester og sosiale tjenester kan tilbys befolkningen under krig og ved kriser og katastrofer i fredstid». Dei verksemder som loven omfattar (altso helseinstitusjonar og liknande) skal kunne halde fram drifta og om naudsynt leggje om og utvide den under krig og ved katastrofar i fredstid. Eit sjukehus må til dømes kunne halde fram med å behandle sjuke sjølv under krig og katastrofar, og det same må ein sjukeheim eller bustader for psykisk utviklingshemma og andre sårbare målgrupper. Lova sine fullmaktsbestemmelsar gjeld anten når riket er i krig eller når krig trugar, eller «ved kriser eller katastrofer i fredstid etter beslutning av Kongen». Lova kan anvendast innanfor eit avgrensa tidsrom, maksimalt 1 månad av gongen. Lova vart vedteke i 2000, og gjort gjeldande frå 1.januar 2001.

Her i landet vart Helseberedskapslova brukt i mars 2020 for å mellombels forby helsepersonell å reise til utlandet. Dette forbodet vart, saman med det berykta hytteforbodet, etter relativt kort tid oppheva, i motsetnad til dei fleste andre «pandemi»-relaterte restriksjonane som varte til byrjinga av 2022.

Lova opnar i kapittel 3 opp for at staten kan rekvirere fast eigedom, rettar og sokalla lausøyre. Til dømes kan privat eigedom bli mellombels ekspropriert (mot kompensasjon) for å huse helsepersonell, eller til lagring av utstyr.

Kapittel 4 er mest vesentleg for denne meiningsartikkelen, for det er det kapittelet som opnar opp for at helsepersonell kan påførast tenesteplikt og beordring til å bli i tenesta utover vanleg arbeidstid (pålagt meirarbeid/overtidsarbeid). I tillegg kan helsepersonellet bli pålagt å møte opp på stader der ekspertisen deira er behov for, eller for å bruke ordlyden i §4-1: «å møte frem på nærmere angitt sted og utføre nærmere tilvist arbeid innen virksomheten loven omfatter». Personar under 18 og over 65 er fritekne. I fyrste omgang gjeld fritaket òg personar som har eineomsorg for barn under 16 år eller for funksjonshemma, men dei kan likevel kallast inn dersom det blir skaffa «nødvendig omsorgsavlastning».

Slik eg tolkar denne lova – og eg understrekar at dette er mine personlege refleksjonar – kan den faktisk trumfe kva enn slags traktat WHO får ratifisert av sine 194 medlemsland. For tida er både krig og krise like sannsynleg – kanskje kjem begge to på éin gong. Vi har ein alvorleg konflikt i Ukraina som når som helst kan eskalere til verdskrig om NATO blir ein aktiv part, og vi har ei krise i den norske helsesektoren på grunn av uvettig massevaksinering med eksperimentell mRNA-teknologi som har øydelagt helsa til dei sokalla «fullvaksinerte». Begge momenta kan utløyse fullmaktsbestemmelsane i Helseberedskapslova.

Om WHO sin Pandemiavtale fører til at helsepersonell får avskjed om dei nektar å ta mRNA-sprøytene, vil det same helsepersonellet uansett bli kalla inn igjen for å jobbe når (ikkje viss) Helseberedskapslova trer i kraft. Pandemiavtalen vil gje oss sparken for vaksinenekt, medan Helseberedskapslova vil gje oss jobbane tilbake med tvang. Faktisk må vi uvaksinerte måtte rekne med å jobbe meir enn vi nokosinne har gjort – i verste fall under militær kommando, i beste fall under kommandoen til ein arbeidsgjevar som ser ut til å ikkje lenger ha Arbeidsmiljølova (AML) å ta omsyn til.

Faktisk vil det å jobbe under militær kommando vere eit vern mot oppseiing, jf. AML §15-10, ettersom det er rimeleg å tolke dette som militærteneste (om militæret beordrar meg til å jobbe på sjukeheimen, er det militæret eg gjer teneste for, ikkje den kommunale helsetenesta). Gjeld dette oppseiingsvernet òg ved kriser i fredstid? Om alle mann (eller rettare sagt damer, sidan dette jo er eit kvinnedominert yrke!) må til pumpene, vil det plutseleg vere irrelevant om helsepersonellet er vaksinert eller ikkje. Det er jo gjerne berre dei uvaksinerte som framleis er i stand til å jobbe, sidan det nettopp er vaksineskadar som har forårsaka denne bemanningskrisa i fyrste omgang!

Er dette gode eller dårlege nyheiter? Har WHO starta ein kamp dei er dømde til å tape? Har eg og andre uvaksinerte helsearbeidarar ein sjanse i havet til å behalde karriere, inntekt, namn og rykte? Vi kjem truleg til å jobbe oss til døde, og vi vil til slutt nå eit punkt der omsorga og utøvinga av helsetenester vil gå på liv og helse laus. Éin ting er å jobbe sju timar på ei tung avdeling – ein annan ting er å jobbe sju dagar og netter i strekk på den tunge avdelinga. Og vi vil ikkje kunne skofte jobben når vi føler for det, ettersom retten til eigenmelding og sjukemelding høgst sannsynleg vil bli tilbaketrekt. Og fritid av noko som helst slag? Det er sannsynlegvis berre å gløyme.

Korleis vil dette utspele seg?

Eg ser føre meg eit verst tenkjeleg scenario om eg og mine to uvaksinerte kollegaer (den tredje er friteken på grunn av høg alder) må føre skuta på ubestemt tid. Det kjem til å bli stygt. Igjen, dette er mine personlege refleksjonar. Her er kva eg trur vil skje:

Dei mest pleietrengjande bebuarane må vi sannsynlegvis late døy fordi dei er for ressurskrevjande. Om straumen går vil ikkje hjelpemiddel slik som personløftarar fungere. Om vi går tom for legemiddel og naudsynte preparat på grunn av samanbrot av infrastruktur og forsyningskjede, vil døden kome endå fortare. Går vi tom for mat, er døden eit faktum for oss alle. Plyndring av hus i nabolaget er eit sannsynleg utfall. Kannibalisme blir meir sannsynleg etter kvart som den skapte krisa (eller krigen) går sin gang. Kort fortalt vil vi under ekstreme omstende ikkje kunne utøve helse- og omsorgstenester særleg lenge. Dei mest klare og orienterte bebuarane vil skjøne dette, og sannsynlegvis vil dei nekte meir hjelp for at vi personalet ikkje skal slite oss ut. Dei vil trekkje seg tilbake på romma sine, visne hen og døy. Demente bebuarar med utferdstrong vil vi på eit tidspunkt bestemme oss for å sleppe ut fordi vi er lei maset deira, slik at dei blir offer for elementa.

Vi må velje kven som skal leve og kven som må døy. Og vi må leve med valet resten av våre liv, kor lenge det då er.

Kva er det best tenkjelege scenarioet? Pårørande vil kome og hente sine kjære og på den måten ta tilbake omsorga for bebuarane. Dei veit at vi ikkje vil kunne utøve forsvarlege helsetenester under slike ekstreme forhold. Tilbake vil berre dei bebuarane utan familie vere, og dei er i eit mindretal. Sjukeheimen vil halde fram under denne «skjelettdrifta» på ubestemt tid. Vi tre uvaksinerte vil forme sjukeheimen i vårt bilete med minimal innblanding frå leiing og administrasjon – for dei er alle fullvaksinerte og vil liggje heime sjuke og til slutt døy av vaksine-indusert erverva immunsviktsyndrom slik som alle andre som var dumme nok til å ta mRNA-sprøytene. Når den siste bebuaren døyr er det ingenting der som held oss tilbake. Men då blir vi truleg kommandert til teneste på ein annan sjukeheim der bebuarane framleis lever. Og so vidare, heilt til vi døyr av utmatting, svolt eller sjølvmord.

Sjukehus er diverre dømde til kollaps og massedød hjå pasientane under alle omstende, same kor hardt dei få uvaksinerte helsearbeidarane strevar og slit. Éin ting er lindrande behandling, slik som vi gjer på sjukeheimane. Ein annan ting er avansert kirurgi, og korleis dette ikkje kan gjennomførast om den eine kirurgen med spesialkompetanse ligg dødssjuk heime med vaksineblodproppar i kvar åre i kroppen.

Klart, staten kunne ha sendt inn hæren eller heimevernet for å dekkje bemanninga på dei ymse helseføretaka slik dei gjorde i USA i 2021 – men her òg er jo det overveldande fleirtalet fullvaksinerte og dermed på dødens rand.

Vi lever i interessante tider. Og vi skal alle døy ein gong. Men nokon før andre.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s