Konspirasjonsteori bekrefta som sann: Spansk Big Pharma-sjef betalte for å bli injisert med saltvatn i staden for Covid-19-«vaksine»

Big Pharma-sjef teken på fersken i å forfalske sin Covid-vaksinasjonsstatus; injiserte seg sjølv med saltvatn i staden… Står no overfor kriminell tiltale

26.november 2021 publiserte eg ein artikkel på Saksyndig som handla om ryktet om at maktpersonar vart injisert med saltvatn i staden for ekte «vaksinar» mot Covid-19. Artikkelen min var basert på ein artikkel på Steigan. Eg konkluderte i likskap med den nettavisa at dette berre var ein konspirasjonsteori.

Vel eit halvt år seinare har politiet no oppretta sak på presidenten i den europeiske farmasigiganten PharmaMar, Jose Maria Fernandez Sousa-Faro. Han står tiltalt for å ha blitt injisert med ei saltløysing i staden for Covid-19-«vaksine», og for å ha brukt hundrevis av euro for å få namnet sitt lagt til det spanske vaksineregisteret. Ifølgje det spanske nasjonalpolitiet er dr. Sousa-Faro ein av nesten 2200 kjendisar og andre medlemmer av den europeiske eliten som har blitt feilaktig vaksinert mot Covid – altso gjeven noko som ikkje er den naudgodkjende, eksperimentelle mRNA-injeksjonen. Dette er det nettstaden En-volve som skriv.

Dr. Sousa-Faro er del av ein skandale i Europa som involverer folk som har blitt lagt til i det nasjonale immuniseringsregisteret i byte mot store pengesummar. Blant desse «falsk-vaksinerte» finn vi kjende fjes og kjende namn. Politiet sine anklagar er bekrefta av kjelder i politiet og er rapportert av avisa El Periodico de Espana. Ifølgje avisa El Mundo utførde det spanske politiet ei etterforsking med namn Operasjon Jenner som har avdekt eit digert nettverk av kjendisar og eliten som har betalt for å få namna sine feilaktig lagt til nemnde immuniseringsregister, trass at dei nekta å late seg vaksinere. Leiaren i dette nettverket, rapporterer Euro Weekly News, var ein mannleg pleieassistent ved La Paz universitetssjukehus. Han står anklaga for å ha teke imot meir enn 200 000 euro for å feilaktig registrere folk i immuniseringsregisteret. Han er no arrestert og i politiets varetekt.

Andre som står anklaga for falsk vaksinering, er fotballspelaren Bruno González Cabrera, strandvolleyballspelaren Fabio Díez Steinaker, tidlegare boksar og brytar José Luis Zapater, Trinitario Casanova (ein av dei rikaste mennene i Spania), artisten Kidd Keo, rapparane Anier og Jarfaiter, skodespelarinna Veronica Echegui og den anerkjende legen Camilo Esquivel.

Ifølgje politiet som etterforskar dei 2200 falske Covid-19-vaksinepassa, var «gebyret» avhengig av eins sosiale status. Dess viktigare du var, dess meir betalte du.

Det som i november 2021 vart rekna som ein konspirasjonsteori, er no i slutten av mai 2022 bekrefta som sant. Maktpersonar blir verkeleg injisert med saltvatn i staden for Covid-19-mRNA-injeksjonar.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s