Krampetrekning frå sjukeheimen: Diger bonus for å jobbe helg – siste gulrota før pisken kjem fram?

Etter det som visstnok har vore intense forhandlingar med dei tillitsvalde i den vesle utkantkommunen, har no leiinga på den aude sjukeheimen bestemt at tilsette som tek ekstravakter i helgane vil få ein diger bonus. Over to tusen i bonus per vakt, i tillegg til lønn og tillegg for kveld og helg. Jobbar den tilsette allereie 100%, vil ho derimot ikkje få overtid på toppen av det heile. Men dersom ein tilsett til dømes jobbar seinvakt fredag, laurdag og sundag, snakkar ein seks tusen berre i bonus – på toppen av ordinær lønn med tillegg (seinvakter er betre betalt enn dagvakter på grunn av kveldstillegget, og helgevakter på kveld er betre betalt enn kveldsvakter på vekedagane på grunn av helgetillegget; seinvakt laurdag utløyser både kvelds- og helgetillegg). Dette er riktig nok før skatt, men det er likevel den høgste bonusen eg nokosinne har høyrt gjete. Kveldsvakt på ein raud dag jamfør den nye ordninga (til dømes 1.juledag) vil då utløyse 133%-tillegg, kveldstillegg og to tusen i bonus. Den eine vakta vil då utgjere ei vekelønn og vel so det. Om julaftan då er fredag, 1.juledag laurdag og 2.juledag sundag, vil den tilsette truleg sprette champagneflaska når lønninga kjem!

Dette er fantastiske nyheiter for dei tilsette, men katastrofalt for arbeidsgjevar – og eg sjølv stiller meg tvilande, om ikkje beint fram sjokkert, til heile denne ordninga. Her er det ugler i mosen.

Dette framstår frå min ståstad som ei siste (?) desperat krampetrekning frå arbeidsgjevars side. Gulrota vil alltid kome før pisken, og gulrota kan knapt bli større no. Eg fryktar det verste om sjølv ikkje denne latterleg sjenerøse lønnsordninga får tak i folk til å jobbe helgar. Om ikkje dette lykkast, må gulrota få selskap av pisken. Då må arbeidsgjevar trekkje fram eit lite populært verktøy frå styringsrett-skrinet: Beordring av tilsette for å dekkje ledige vakter. I utgangspunktet skal den tilsette ha «vektige sosiale grunnar» for å takke nei til ei vakt når arbeidsgjevar beordrar, og «vektige sosiale grunnar» har historisk sett vore avgrensa til følgjande: Den tilsette har drukke alkohol, eller den tilsette får ikkje tak i barnepass. Å nekte å bli beordra er å sjå på som ordrenekt, som er brot på arbeidsreglementet på dei fleste arbeidsstader. Brot på arbeidsreglementet vil kunne føre til disiplinærstraffer frå arbeidsgjevar i form av skriftleg advarsel, oppseiing eller – i ekstreme tilfelle, som når arbeidsgjevar ikkje likar deg – avskjed. Beordring skal dokumenterast, og kven som blir beordra skal førast opp på ei liste, slik at ikkje same personen blir beordra kvar gong.

Arbeidsgjevar vegrar seg for å ta i bruk beordring, ettersom det syner for heile personalgruppa kva som er den eigentlege naturen til arbeidsforholdet. Leiinga og dei tilsette er ikkje på nokon måte å sjå på som venner, sjølv om den ofte uformelle stemninga på jobb seier noko anna. Det er leiinga som har den overordna makta i dette forholdet, og ikkje alle leiarar er komfortable med å vise administrative musklar på den måten. Klart, nokon leiarar har ikkje problem med å utvise slik ein autoritet – somme ser til og med ut til å like det. Men, for dei fleste normale sjefar som ikkje er psykopatar, vil beordring vere punktet der dei går frå å vere venner med dei tilsette, til å bli det motsette. Det er som regel ingen veg tilbake til den uformelle, venninne-aktige tonen i lunsjen. So beordring skyr dei fleste leiarar som pesten. Faktisk har eg sjølv berre blitt beordra på ekstravakt éin gong i mine 16 år i helsesektoren; eg måtte då avlyse ein date.

Bonusen vil derimot gjelde om den tilsette blir beordra eller ikkje, so om det er noko som heiter sure lønningar (ein motsats til «sure pengar»?), so må då dette vere det.

Det eg lurer på, og som ingen på jobben ser ut til å kunne svare på, er korleis kommunen har midlar til å utbetale slike bonusar. Kor kjem pengane frå? Og vil slik ei ordning vere økonomisk berekraftig på sikt? Om avdelingsleiar i verste fall sit der med tre sjukemeldingar ei helg (noko som er langt frå utenkjeleg i våre dagar), so må ho ta inn tre tilsette, som kvar har krav på to tusen i bonus. I beste fall tre tilsette gonger to tusen gonger tre dagar: 18 000 berre i bonus, på toppen av vanleg løn pluss kvelds- og/eller helgetillegg (ein får ikkje helgetillegg for å jobbe fredags kveld, men ein får kveldstillegg). Og, ikkje minst, arbeidsgjevar må framleis betale lønn pluss tillegg til dei tilsette som ikkje kjem på jobben den helga på grunn av påstått sjukdom. Arbeidsgjevars verste mareritt må vere om det skjer mannefall i personalgruppa like før julehelga – svært få vil jobbe i jula og andre høgtider. Dei stakkars tilsette som ho må beordre inn for å jobbe i sjølvaste jula vil riktig nok bli overleste med pengar. Spørsmålet er kor glade familien deira vil bli…

Kor lang tid tek det før den metaforiske kassen er tom?

Det at arbeidsgjevar går med på ei slik ordning, seier litt om desperasjonen i helsevesenet. Dei tilsette blir stadig sjukare, og er stadig meir vekke frå jobben. Vikarar blir færre og færre, og sjukeheimen må jo ha forsvarleg bemanning 24 timar i døgeret, 365 dagar i året. Vi kan ikkje akkurat leggje ned drifta og sende dei eldre på gata!

Hadde eg hatt evne til det, hadde eg jobba dobbeltvakter kvar einaste helg og innkassert sinnssjuke lønningar. Men eg er jo berre eit menneske, ikkje ei maskin, og eg har faktisk eit liv utanom jobben òg. Dessutan, om eg jobbar so mykje at helsa ryk, kva skal eg då med alle pengane? Dette trur eg sjølv dei mest desperate ringjevikarane før eller seinare vil tenkje òg. Mennesket lever ikkje berre av arbeid – eller var det brød?

Faktum er at sjukefråværet er skyhøgt, og ingenting tydar på at det vil gå ned. Kanskje oppmuntrar sjølve sjukepengeordninga til skulk. Karensdagar burde etter mitt syn gjeninnførast i det norske arbeidslivet for å få ned korttidsfråværet. Burde arbeidsgjevar kanskje òg byrje å krevje legeattest frå tilsette som skoftar jobben, som eit kontrolltiltak for å prøve å redusere sjukefråværet? Eg stilte sjefen min det spørsmålet i lunsjen nyleg. Ho vurderte det kontrolltiltaket som høgst uetisk – det antydar ifølgje ho at arbeidsgjevar ikkje stoler på dei tilsette, og krev at dei skal bevise at dei er sjuke. Slikt eit kontrolltiltak er strengt teke ikkje heilt lovleg heller (arbeidsgjevar har ikkje krav på å vete kvifor ein tilsett er sjuk). Eg trekte på skuldrene. Meir tvilsame kontrolltiltak har blitt sett i verk i nær fortid. Var ikkje det ein periode rundt årsskiftet 2021/2022 der vi alle måtte teste oss med hurtigtestar før kvar vakt for å bevise at vi var friske? Eller kva med siste delen av 2021, der berre uvaksinerte måtte hurtigteste seg to gonger i veka? Avdelingsleiar vreid seg i stolen. So fekk ho «heldigvis» ein telefon – etterpå fann eg ut at nok ein tilsett hadde ringt og meldt seg sjuk…

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s