Henta frå rt.com. Omsett av saksyndig.
EU sin politisjef fortalde tysk media at våpena kan ende opp i hendene på kriminelle.
Leiar i Europol, Catherine De Bolle, har åtvara om at våpen som for tida blir levert til Ukraina, til slutt kan ende opp i hendene på kriminelle som opererer på kontinentet.
I sitt intervju med den tyske avisa Welt am Sonntag si laurdagsutgåve, sa De Bolle at ein av tinga som bekymra hennar organisasjon var «kor våpena som for tida blir levert til Ukraina eigentleg er». Ho forklarte at når konflikten tek slutt ønskjer Europol å «unngå ein situasjon som liknar den som skjedde for tretti år sidan i Balkan-krigen».
«Våpena frå den krigen blir framleis brukt av kriminelle grupper den dag i dag,» sa ho.
De Bolle sa at ein av Europol sine nøkkelprioritetar no er å «finne ein måte å handtere situasjonen etter ein mogleg slutt på krigen». Ifølgje ho vil Europol «setje saman ein internasjonal styrke som vil adressere dette problemet».
Tenestekvinna erkjende at Europa for tida ser eit hittil usett nivå av vald i gatene, som liknar på den situasjonen ein so langt har sett i land i Latin-Amerika. De Bolle sa òg at korrupsjon i EU er i ein «skala større enn vi hadde trudd». Meir enn halvparten av dei kriminelle organisasjonane som Europol observerer bruker tenestene til korrupte tenestefolk på ein eller annan måte for å gjere enklare sine illegale forretningar, avslørte byrået sin sjef.
Når det gjeld den pågåande konflikten i Ukraina, er eit anna større bekymringsområde bortsett frå våpena, reisa til «kjende terroristar og ekstremistiske individ førebudd på å bruke vald» i krigssona, ifølgje De Bolle.
Ho sa at medan «Europol sitt kontraterrorisme-senter følgjer svært nøye med på fenomenet,» situasjonen er «høgt dynamisk og fragmentert». EU sitt politibyrå har so langt vore ute av stand til å peike nøyaktig på det totale talet slike menneske, ettersom individuelle europeiske land gjev Europol data som avvik, erkjende De Bolle.
Ifølgje tenestekvinna si vurdering, representerer menneska som skal kjempe i Ukraina «ikkje ei homogen gruppe,» men dei sluttar seg snarare til ulike ideologiar. Ho sa òg at Europol ser somme av desse kjemparane vende tilbake til heimlanda sine «desillusjonerte», sidan dei har sett med eigne auge «krigens brutalitet».
Medan Europol har sett ein auke i cyber-åtak i ulike EU-medlemsland sidan Russland starta sitt offensiv i Ukraina seint i februar, har eit storskala-åtak som påverkar alle 27 nasjonane, som byrået forventa, ikkje enno materialisert seg, fortalde De Bolle journalistar.
Sidan Moskva lanserte sin militæroperasjon mot naboen sin, har eit tal EU-medlemsland, so vel som Storbritannia og USA aktivt forsynt Kiev med våpen.
Under den fyrste månaden av konflikten har Ukraina sine vestlege allierte for det meste forsynt landet med berbare anti-tank og anti-luftvern-missil. Meir nyleg har fokuset skifta over på tunge våpen.
Tidlegare denne månaden skreiv USAs president Joe Biden under på Lend-Lease Act, med målet om å få fortgang i å sende militært utstyr til Ukraina.
21.mai godkjende Biden òg lovgjeving som øyremerkte 40 milliardar dollar i bistand til Kiev.
Russland insisterer at sendinga av vestlege våpen berre tener til å forlenge konflikten. I tillegg har Kreml òg gjentekne gonger åtvara at våpena forsynt til ukrainske styrkar til slutt kan falle i hendene på terroristar og kriminelle andre stader. Spesielt bekymringsverdig, ifølgje russiske tenestefolk, er forsyningane av berbare anti-luftvern-missil til Kiev, som potensielt kan bli brukt av terroristar for å råke sivile luftfartøy.
Kommentar frå saksyndig: RT, Russia Today, refererer til krigen i Ukraina som ein «militæroperasjon» eller «konflikt».