Planlegg den britiske regjeringa å ta livet av 250 000 pensjonistar til vinteren?

Dr. Vernon Coleman: «Rishi Sunak sin krig mot pensjonistar held fram…»

Av Dr. Vernon Coleman. Henta frå The Exposé. Omsett av saksyndig.

Sunak, Storbritannia sin eigne venstreorienterte finansminister, held fram sin krig mot pensjonistar – og Regjeringa sin hemmelege plan om å late 250 000 pensjonistar døy av kulde og svolt neste vinter.

I eit fånyttes og ganske so fordømt openlyst forsøk på å distrahere frå det faktum at han og Johnson laug, juksa og festa medan dei eldre vart sperra inne og nekta mat og medisin (og vart drepne med dødelege dosar benzodiazepinar og morfin), gjev den styggaste og mest skruppellause finansministeren i britisk historie vekk 400 pund til alle – om dei treng dei eller ikkje.

Antakeleg vil til og med milliardøser slik som fru Sunak få ein liten bunke pengar. («Åh ja, det er skattefritt, kjære.»)

Og utruleg nok, om du har to heimar vil du få 800 pund.

Sunak sine milliardærkompisar med 12 heimar kvar vil kvar få 4800 pund. Dei som har 100 hus vil få 40 000 pund skattefritt.

Som alle gode kommunistar likar Sunak å passe på partifavorittane.

Men pengane veks ikkje på tre. Det kjem frå ein kommunistisk Windfall-skatt for store olje- og gasselskap slik som Shell og BP.

Og kva enn du måtte føle for Shell og BP som selskap, er det utbytte frå dei selskapa som lèt investeringsselskap halde fram med å betale ut pensjonar til gamlingane.

Alle i landet som ikkje er ein lat, juksande, overbetalt kjeltring (altso offentlege tenestemenn) og som supplerer sin miserable statspensjon med ein privat pensjon, er avhengige av utbytte. Offentlege tenestemenn og lygande, juksande parlamentsmedlemmar får enorme pensjonar betalt av skattebetalarane, so dei har det heilt fint som vanleg. Dei kan halde fram med å feste medan du betaler.

Men Windfall-skatten som Sunak planlegg som ein distraksjon frå hans Partygate-løgn og drikking vil desimere desse pensjonsutbetalingane.

Og so er det pensjonistane som vil betale for desse utdelingane av 400 pund. Eg reknar med at mange pensjonistar kan tene 400 pund og misse 1000.

Sunak har allereie sparka pensjonistane medan dei ligg nede to gonger i år.

Han braut lovnadene om ein auke i pensjonane og han heldt statspensjonsauken nede i 3% – rundt 7% under den offisielle inflasjonsraten og 13% under den ekte inflasjonsraten. Og deretter påla den elendige dritsekken ein ekstra, hittil usett skatt på pensjonistar som arbeider for å kunne halde fram med å ete.

Akkurat når dei lid mest, fekk det smilande rævhòlet pensjonistane til å lide endå meir.

På same tid vil tidlegare tilsette i Bank of England (den inkompetente gjengen av kukar som hjelpte oss å hamne i dette finansielle uføret gjennom vondskap eller inkompetanse) få ein 11% auke i pensjonane sine. Og gjett kven som betaler for det?

To millionar pensjonistar i Storbritannia lever allereie i fattigdom, eller på randa av den. Dei kunne like gjerne ha budd i Afrika eller Asia.

Mange har ikkje råd til å ete og halde seg varme.

I løpet av eit vanleg år døyr rundt 60 000 pensjonistar av kulde om vinteren i Storbritannia.

Dette året, takka vere Sunak, reknar eg med at det totale dødstalet kan stige til 250 000.

Dei som les meg fast vil vete at eg trur at dette er gjort med vilje, naturleg vis.

Konspiratørane er desperate etter å redusere storleiken på verdas befolkning. Det er del av planen The Great Reset;

Dei sinnssjuke sanksjonane mot Russland vil føre til folkemord spesielt i Afrika og Asia. Der vil bryte ut krigar over heile verda. Og dei krigane vil drepe millionar fleire.

Og mat- og energiprisar i resten av verda vil halde fram med å stige – noko som tek livet av millionar.

I mellomtida gjer Sunak sitt beste for å sikre seg at den britiske Regjeringa drep so mange gamle menneske som mogleg.

Sanninga er at Regjeringa ser på eldre som ein dyr plage.

I går skildra eg Johnson som ein «lying little shit».

Den same skildringa passar til Sunak: kommunismens uakseptable ansikt.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s