Covid-19-pandemien var aldri det dei påstod, men vaksinepandemien er ekte

Av Arsenio Toledo, Natural News. Omsett av saksyndig.

Wuhan koronaviruset (Covid-19) forårsaka aldri ein pandemi. Men dei sokalla vaksinane som vart skapte som respons på Covid-19 gjorde det.

Dette er ifølgje dr. Reiner Füllmich [stava Fuellmich på engelsk; oms.an.], ein tysk advokat som har vunne saker mot megakonsern. I hans heimland leiar Füllmich den Ekstraparlamentære Korona-etterforskingskomiteen, ein føregangsorganisasjon som kjempar mot Covid-19-restriksjonar og vaksinasjonar, og som arbeider mot å føre ein Nürnberg-aktig rettssak mot nasjonane og konserna som har begått brotsverk mot menneskeheita under pandemien.

«Vi har ikkje eit problem med nokon pandemi, vi har ikkje eit problem med noko virus,» sa Füllmich under eit intervju med Alex Jones i InfoWars. «Vi har berre eit problem med skremselstaktikkar som er designa for å tvinge oss til å akseptere sprøyter som deretter vil forårsake det ekte problemet. Det er den ekte pandemien. Det er… immunforsvaret blir kompromittert. Det er vaksine-induserte trombotiske sjukdommar.»

Han la til at den ekte pandemien er helsekomplikasjonane forårsaka av Covid-19-vaksinane. «Ingenting vi ser er ekte, bortsett frå skaden som vaksinane – dei sokalla vaksinane – induserer.»

Füllmich fører ein kamp for å ansvarleggjere dei som sette i gang pandemien

Füllmich leiar òg ein organisasjon kalla Folkets domstol for folkeopinion [engelsk People’s Court of Public Opinion; oms.an.]. Denne gruppa har publisert fleire rapportar som tek føre seg dei mange brota på menneskerettane påført av politikarar, vitskapsfolk og konsernleiarar rundt om i verda under Covid-19-pandemien.

Under ei offentleg høyring i februar, som vart arrangert for å samle offentleg støtte til å føre rettssaker mot dei viktigaste kriminelle einingane og organisasjonane, la Füllmich ut i detalj korleis pandemien forårsaka av koronaviruset var styrt.

«Ein, der er ingen koronapandemi, men berre ein PCR-test-‘plandemi’ driven av ein omfattande psykologisk operasjon designa for å skape ein konstant tilstand av panikk blant verdas befolkning,» forklarte han. «Denne agendaen har vore planlagt i lang tid.»

Füllmich referer til polymerase-kjedereaksjonstestane som i utbreidd grad har fått æra for å vere den mest nøyaktige måten folk kan finne ut om dei har Covid-19 eller ikkje. Men som Ben Armstrong sa under sitt program, The Ben Armstrong Show, var testane mangelfulle heilt frå byrjinga.

«Du måtte ta desse testane som lyser opp for alle typar koronavirus, og som var laga for å vere ekstremt sensitive, so sjølv om du ikkje var sjuk og dei var, lat oss seie, falskt positive… vel, du lyser opp positivt,» sa Armstrong.

Dei fleste av dei som testa positivt vart fortalt at dei var asymptomatiske tilfelle. Men, som Armstrong sa, i røynda var alle falskt positive.

«Du veit at det er ein svindel. Det er ikkje noko som heiter det,» sa han. «Dersom du er asymptomatisk tydar det at du ikkje er sjuk. [Du kan ikkje] smitte andre menneske medan du har null symptom. Nei, det skjer berre ikkje. Dersom du er sjuk og du er infeksiøs der du kan smitte andre menneske, vil du ha symptom – alltid. Der vil vere symptom på det.»

Füllmich sa at konspiratørane som er ansvarlege for pandemien, òg hadde ei sentral rolle når det gjaldt å fremje bruken av dei «dødelege, eksperimentelle injeksjonane» og i å demonisere og avfeie bruken av effektive behandlingar slik som C- og D-vitamin, sink-regime, ivermectin og hydroksyklorokin.

Sluttmålet til pandemien, ifølgje Füllmich, er å etablere ei Eiverdsregjering som bruker éin valuta.

«Dette involverer befolkningskontroll som, etter deira syn, krev ein massiv reduksjon av befolkninga og manipulasjon av DNA-et til den gjenverande befolkninga med hjelp av mRNA eksperimentelle injeksjonar,» sa Füllmich.

Sjå òg den omtala episoden av The Ben Armstrong Show, der programleiar Ben Armstrong snakkar om korleis Covid-19-vaksinar forårsakar den ekte pandemien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s