Ein stressa (eks-)sjukepleiars operasjon

På sin 34-årsdag er Susann inne til kontroll hjå sin lokale gynekolog. Ho har fått innvilga fri frå butikksjefen på Rema 1000, og troppar opp hjå denne gråhåra praktiserande «vaginalegen» i full butikkuniform. Ei spretten berte av ein sjukepleiar med namn Linn Heidi følgjer Susann inn i det kliniske, sterile rommet, der radioen står og durar i bakgrunnen. Kate Bush sin verdsberømte landeplage «Wuthering Heights» fyller rommet. Gynekologen, ein viss dr. Pettersen, sit og stirar på ein dataskjerm med sitt bebrilla, skarpe blikk – det sokalla kliniske blikket. Susann smiler sitt falske flyvertinnesmil i det sjukepleiar-blondina hjelper ho ned i stolen og får dei feite låra opp i fotstøttene.

Ja, korleis går det nedantil, Susann? Du har jo polycystisk ovariesyndrom. Jau, eg fungerer no, svarer sinnssjukt pissetrengte Susann medan ho ligg der og skrevar. Linn Heidi set seg på ein stol i nærleiken medan dr. Pettersen tek på seg munnbind og eingongshanskar. Han bøyer seg ned for å kontrollere Susanns mest intime kroppsdel. To av fingrane hans glir inn i Susann. Det er vel fyrste gong på særs lang tid at ein mann har nokon som helst kroppsdel oppi der! Ho vrir den digre elefantkroppen sin medan han rotar rundt inni der. Ho bit seg lett i leppene. Han kan gjerne halde på ei stund for hennar del!

Oidå, mumlar den gråsprengde legen (og det er ikkje eit ord du ønskjer å høyre frå ein lege som undersøkjer deg!). Han vender seg til sjukepleiaren og utvekslar nokre frasar med ho med si djupe røyst. Utstyrt med munnbind, kjem ho med fleire instrument Susann ikkje aner kva er for noko. Ho slepper ut eit stønn i det legen utvidar kjønnsleppene med det kalde metallet. Ho blir utvida so ho føler heile «himmelhòlet» sprakar i kantane. Linn Heidi står og lyser medan dr. Pettersen undersøkjer. Han har djupe fòrer i panna. Han lener seg tilbake. Han og Linn Heidi vekslar blikk, før dei snur seg mot Susann.

Du har ein cysteliknande utvekst med lett misfarging nær cervix, altso livmorhalsen. Denne må vi ta biopsi av og få undersøkt. Susann krympar seg. Er det kreft, spør ho. Gynekologen seier med ei låg, alvorleg røyst at det er nettopp det vi skal undersøkje. Men han reknar det som usannsynleg. Har Susann opplevd blødningar i det siste som ikkje skuldast menstruasjon? Susann ristar på hovudet. Ho rykkjer til i det Linn Heidi fjernar instrumenta som held kjønnsleppene utvida. Susann blir hjelpt ut av stolen og greier med eit visst kav å trekkje opp uniformsbuksa.

Time for biopsi blir bestilt. Susann iler deretter tilbake til den uhyre stressande jobben som kassadame på ein travel Rema 1000-butikk. Ei veke seinare er ho tilbake på det kliniske, sterile rommet, der dr. Pettersen og Linn Heidi mellombels lokalbedøver vagina. Litt hud og kjøt av den rare utveksten blir skrapt av og sendt i veg til næraste laboratorium. Susann halsar av garde tilbake til jobben, so pissetrengt og engsteleg at ho held på å gå i lufta. Svaret kjem på telefon akkurat i det ho har henta den kjolekledde homosonen sin på skulefritidsordninga og fått kjeft av den grønhåra lesbeheksa fordi ho kom der eitt minutt før heile skiten stengde for dagen. Utveksten er ein godarta svulst. Den veks, og må difor fjernast før den skaper visse ubeleilegheiter for ho. Operasjonen blir sett til to veker frå no av, under full narkose på byens sentralsjukehus.

Susann ringjer dagen etter i redsle og fortviling til mora si. Veit du kva, mamma, eg må opererast i fitta mi! Dei har funne ein rar svulst som må fjernast! Mor hennar sukkar. Ja, det veit eg, Susann. Det har du skrike og gaula om i fleire veker no. Susann har ordna seg permisjon frå jobb ved hjelp av trygling, grining og kneling. No må nokon passe dei tre barna hennar medan ho skal under kniven. Burde ho kontakte jurist og skrive testamente i tilfelle alt går til helvete? Mora ler høglytt. Det er berre ein rutinemessig operasjon. Sjølv gjennomgjekk ho dobbel-bypass-hjarteoperasjon i fjor haust, og ho lever jo framleis. Susann kan ta det heilt med ro – om ho mot formodning kan. Og mora kan ta bussen hit og passe ungane. Ingen problem. Ro ned og pust med magen. Susann hiv etter pusten so dei digre brysta står rett ut. Dei to slitne sølvsmykka ser ut som dei skal kvele ho. Ho smiler sitt falske flyvertinnesmil i det ho går inn i butikken for nok ei vakt der ho jobbar ræva av seg for den minste luselønna som tariffavtalen og alminneleg folkeskikk tillèt.

Susann ligg likbleik og skjelven på operasjonsbordet. Rundt ho står eit team av munnbindkledde personar kledd frå topp til tå i operasjonsfrakkar. Den eldste av dei er kirurg og kunne ha vore faren hennar. Den nest eldste mannen er anestesilege, som har som oppdrag å leggje Susann i «medisinsk koma». Dope ho ned, med andre ord. Dei tre andre er nokre spretne berter av nokre operasjonssjukepleiarar som er der for å assistere dei to mennene. Kirurgen forklarer prosedyren, men Susann er so stressa og skitnervøs at ho ikkje får med seg det spøtt. Anestesilegen byrjar so å utføre sin Big Pharma-magi, og ho glir inn i ei tåke av kunstig eufori.

Men, vent. Noko stemmer ikkje. Ho er framleis bevisst! Ho kan derimot ikkje røre ein muskel. Auga er igjen, men ho ser likevel! Kva skjer?

«Er pasienten klar no?» spør kirurgen.

«Eg trur det,» seier anestesilegen i det han opnar det eine auget til Susann og lyser mot det med ei lita lommelykt. «Ingen pupillrespons. Puls og blodtrykk tilsvarer djup søvn. Vi tek sjansen.»

«Tek sjansen?» spør kirurgen. «Eg må då vete om pasienten faktisk er i narkose før eg byrjar å skjere i veg inni fitta hennar.»

«Anestesi er ikkje ein eksakt vitskap. Dessutan er det sjeldan eg legg slike dundrer i narkose.»

Slike dundrer? Susann freser inni seg. Vel, du har openbert gjort noko feil, mister Anestesi, for eg høyrer kvart ord du seier!

«Ho må då vege minst hundre kilo!» utbryt ein av sjukepleiarane. Ei anna berte flirer:

«Ja, då eg fyrst såg ho, trudde eg vi skulle operere ei sjøku frå akvariet!»

Åh, faen ta dykk, de jævla sjukepleiar-babes! Har de fullstendig gløymt pasientens integritet og verdigheit?

Susann oppdagar at ho ikkje på nokon måte er tildekka. Ho ligg der kliss naken framfor dei, som om ho var eit lik som skal obduserast. Dei feite, avskyelege låra hennar ligg spreidd. Dei to sjukepleiar-luddera hjelper kirurgen med å opne opp hennar aller heilagaste med kalde metallinstrument. Ho kjenner den friske lufta frå ventilasjonsanlegget blåse på vagina. Ho er so pissetrengt at ho held på å eksplodere, men sidan muskulaturen er lamma får ho ikkje ut so mykje som ein kort, stressa drope. Ho ser kirurgen bøye seg ned med eit skarpt instrument i sin hanskekledde neve. Deretter føler ho han skrape mot den aller djupaste delen av vagina. Herregud, som det kitlar! Susann koker innvendig. Det er uuthaldeleg!

«Tjukka verkar kjent,» seier brått den eine sjukepleiaren. «Ho heiter Susann, ikkje sant?»

«Eg trur det,» svarer anestesilegen medan kirurgen er djupt konsentrert om si oppgåve. «Faktisk aner eg sjeldan kven eg eigentleg legg i narkose. Eg veit berre vekt, kjønn, alder og eventuelle underliggjande tilstandar. Med mindre eg les feil i journalen. Det skjer jo ofte.»

«Ja, ho verkar veldig kjent,» seier den andre sjukepleiaren. «Eg trur faktisk ho jobba på sjukeheim for eit par års tid tilbake.» Ho flirer. «Ho fekk fyken, seiest det.»

Okay, her har nokon definitivt brote teieplikta! Susann eksploderer av raseri på innsida. På utsida ligg ho der som eit slakt, truleg med eit lite flatterande «mongofjes». Helvete, kor det kitlar! Kor lenge har han tenkt å kitle ho langt oppi dåsa på denne måten?!

«Ja, eg kjenner til den saken,» seier den fyrste sjukepleiaren, før ho vender sitt maskerte ansikt mot anestesilegen. «Kvifor ligg ho eigentleg i narkose? Å fjerne cystar i vagina blir då vanlegvis gjort under lokalbedøving.»

«Eg aner ikkje,» seier mannen og trekkjer på skuldrene. «Eg følgjer berre instruksar frå høgste hald.»

«Vi pleier å leggje slike som ho i narkose når vi skal rote rundt med skalpell nedantil,» kjem det frå kirurgen. «Enkelte kan plutseleg klikke når eg byrjar å snitte, kutte og bale. Det er meir å sjå på som eit føre-var-tiltak. Alternativet ville ha vore å lenkje ho fast til operasjonsbordet, men det bryt ein del menneskerettar.»

I motsetnad til å dope ho halvvegs ned og snakke skit om ho?! Faen ta dykk!!

«Ho burde ta brystreduksjon,» seier ein av sjukepleiarane og nappar lett i den eine brystvorta til Susann. Det kitlar som berre helvete. Susann skrik og hyler innvendig. «Hadde eg hatt slike enorme puppar, hadde eg sannsynlegvis hatt ryggproblem.»

Faen ta dykk!!

«Etter kva eg har høyrt, ligg ikkje problema hennar i kroppen, men i skolten,» kjem det frå kirurgen. «Ein av nevøane mine var faktisk sambuar med ho, og det var ein prøvelse, for å seie det mildt.»

«Ja, når eg tenkjer meg om, har bror min hatt Susann inne til konsultasjon i DPS òg,» seier ein av sjukepleiarane. «Han gav ho noko sånt som fire psykiatriske diagnosar, der to av dei var personlegdomsforstyrringar.»

Åh, men i helvete! Er det ingen som tek teieplikta alvorleg lenger?!

«Der var den merkelege svulsten fjerna,» seier kirurgen. Noko digert dumpar oppi eit metallfat.

«Å, fytti grisen, det er ein slik tvilling,» seier den eine sjukepleiaren.

«Helvete, kor ekkelt!» utbryt anestesilegen. «Her er tenner, hår og til og med eit øyre! Få faenskapen vekk før eg spyr!»

«Ho må då ha ein uvanleg usunn livsstil, med all slags kjemikaliar, miljøgifter og annan faenskap,» seier den eine sjukepleiaren og himlar med auga. «Nesten so eg burde ta bilete av svulsten og leggje den ut på Facebook og Instagram.»

Seriøst?! Kva høgskule gjekk du på?!

«Høyr!» seier brått kirurgen og dultar lett borti den digre, lamma kroppen til Susann. «Det skvulpar inni ho!»

«Skvulpar?» spør den eine sjukepleiaren. «Seriøst?» Ho dyttar borti Susann sjølv. «Dama må vere sprengfull i piss!»

«Ja, både biletleg og bokstavleg,» seier den andre sjukepleiaren.

«Lat oss hente blærescanningsutstyret,» seier anestesilegen. «Ho vaknar ikkje opp før om ein halvtime, og då kan vi ha det litt moro med ho i mellomtida.»

Faen ta dykk, de aner ikkje eingong kor mykje eg skal saksøkje dykk om eg kjem levande i frå dette!

Dei to sjukepleiar-bertene smører lunken gelé utover nedre del av Susann sin digre mage. Det kitlar slik at ho skrik høgt innvendig. Deretter fører ei av dei scanneren over blæreområdet. Alle dei fire gispar i sjokk og vantru.

«Øh, fungerer blærescanneren slik den skal?» spør kirurgen. «Her er jo seks liter urin i blæra!»

«Inni helvete!» utbryt anestesilegen.

«Eg… eg trur vi bør kateterisere feita før blæra sprekk!» seier den eine sjukepleiaren med ei skjelven stemme.

Feita? Å, eg skal drepe deg, di magre merr!!

«Gå… Gå over til Susanns nordside medan eg held meg her på sørsida!» klynkar den andre sjukepleiaren.

Susanns nordside? Åh, so eg er so feit og diger at eg er stasjonær, nett som ein bygning eller eit fjell? Faaaen ta dykk!!

Ein av sjukepleiarane fører grasiøst eit oljeglatt, drypande eingongskateter inn i urinrøyret til Susann. Den andre sjukepleiaren held klar ei urinflaske. Snart byrjar urinen å strøyme ut av den menneskelege sjøkua, den striaste straumen som har funne stad på fleire år. Her snakkar vi ikkje korte, stressa sprutar, her snakkar vi full opning av alle sluser! Susann er i himmelriket i det urinen fossar ut gjennom kateteret. Den er uhyre illeluktande. Klart den er, for den har jo vore der inne i årevis!

«Hjelpe meg, urinen må vere eldre enn min eldste son!» utbryt den eine sjukepleiaren.

«Det er den mest utvida blæra eg har sett i mine tretti år i helse,» seier anestesilegen og ristar blåsande på hovudet. «Slik urinretensjon finn ein ofte hjå personar med tvangslidingar og psykotiske vrangførestillingar. Ekstrem do-frykt, kan ein kalle det på lekmannsspråk. Var det slik at Susann høyrer innunder psykiatrien?»

«Det ville vere uforsvarleg om ho ikkje gjorde det!» seier kirurgen.

«Ho er då i lønt arbeid, so psykiatri er usannsynleg,» seier den eine sjukepleiaren. «Slike blir gjerne trygda til fellesskapets beste. Ein gjeng useless eaters som helst burde utryddast.»

«Ja, eg skal hjarteoperere ein trygda fyr neste veke,» seier kirurgen. «Ting kan fort gå gale, veit de…»

Susann er for letta til å forbanne dei i sitt stille, skrikande sinn. Urinflaska blir breiddfull, og den andre sjukepleiaren halsar av garde for å finne ei ny flaske. Susann utbryt «halleluja!» inni seg. Frå utsida er ho heilt ubevegeleg, men på innsida dirrar og skjelv dama. Ho nyt, nyt, nyyyyyt korleis pisset fossar ut og truleg skaper mykje styr for dei baksnakkande rottene.

«Åh, helvete, vi har ikkje fleire pisseflasker!» bjeffar den eine sjukepleiaren. «Trekk ut kateteret før vi vassar i piss!»

Det oljeglatte kateteret glir raskt ut av Susann, og kitlar ho nådelaust på veg ut. Ho er framleis desperat pissetrengt, sjølv om halve blæra er tømt. Dei kunne ikkje eingong tømme blæra hennar når dei fyrst var i gang! Helvetes inkompetente, konspiratoriske, psykopatiske—

Det neste Susann hugsar, er at ho ligg på eit kvitt, klinisk pasientrom. Ho er framleis groggy etter narkosen, og ute er det høglys dag. Den sinnssjukt pissetrengte dundra vrir på seg i senga. Ho er uhyre sår nedantil, her har kirurgen utan tvil leika seg godt! Døra opnar seg med eit brak, og inn strøymer dei tre barna hennar, følgt av ho bestemor. Den kjolekledde homosonen med perlechokeren gjev ho ein klem medan han spør ho med si lyse jentestemme korleis det går. Ho gryntar tilbake at ho overlevde. Deretter vender ho seg til mora og ber ho leite fram nummeret til ein advokat. Sjukehuset skal saksøkjast tilbake til steinalderen! Mora ler det heile vekk – ho mamma er framleis forvirra etter narkosen, må de skjøne!

Og slik går no dagane i Susann sitt nyopererte (under)liv.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s