Fjorten minutt over eitt natt til laurdag 25.juni utførde 42 år gamle iransk-fødde Zaniar Matapour det som blir skildra som «ei ekstrem islamistisk terrorhandling», der han drap to personar og skadde 21. Dette fann stad midt i hjartet av Oslo sentrum, under Pride-veka, og i nærleiken av utestadene Per på hjørnet og London pub. Sistnemnde er ein kjent utestad for homofile som har eksistert i mange år. Faktisk nemner Mads Larsen utestaden i bestseljarboka Pornopung frå 2003, so den har eksistert iallfall sidan den tid.
Var motivet til Matapour å ta livet av homofile? Hans forsvarar, advokat John Christian Elden, trur ikkje det er sikkert at der finst eit motiv. Medan det eksakte motivet enno er ukjent, er det interessant å leggje merke til at Matapour er tidlegare dømt for grov vald og oppbevaring av narkotika. Han har blitt etterforska for drapsforsøk, saken – eller sakene – har blitt henlagt. Ifølgje fungerande PST-sjef Roger Berg på ein pressekonferanse laurdag ettermiddag 25.juni, har Matapour ein lang historikk med vald og trugslar. PST skal ha hatt kjennskap til gjerningsmannen heilt tilbake til 2015, då han visstnok skal ha blitt med i eit ekstremt islamistisk kontaktnettverk i Noreg og blitt radikalisert. Han skal ha sympatisert med ISIL, betre kjent som terrorgruppa IS.
Matapour kjem frå den kurdiske delen av Iran og kom som flyktning med familien til Noreg som barn. Han er norsk statsborgar og busett i Oslo. I 1999 fekk han sin fyrste dom, mistenkt for å ha vore involvert i ei knivstikking på ein nattklubb i samband med eit skuleball. Han vart ikkje dømt for knivstikkinga, men fekk 30 dagars fengsel for noko retten kalla «grov gatevold». Lagmannsretten viste òg til det dei oppfatta som «åpenbare psykiske problemer». Sidan har dommane kome som perler på snor. Ifølgje ein dom frå 2016 skal Matapour ha fått uføretrygd sidan 2013, og politiet har på noverande tidspunkt ein hypotese om at psykiatri kan vere bakgrunn for skytinga. Ein annan hypotese dei har, er hatkriminalitet. Av alle utestader i Oslo, skaut han «tilfeldigvis» mot det som er ein kjent bar for homofile (London pub).
So nyleg som mai i år hadde PST samtalar med han i samband med at han hadde vist interesse for markeringar og ytringar som blir opplevd som ei krenking av islam. Pride kunne ikkje ha krenkt islam meir. På eit bilete av advokat Elden på veg ut av politihuset på Grønland i Oslo laurdag 25.juni, ser ein tre Pride-flagg vaie utanfor bygningen. Faktisk ser ein Pride-flagg overalt i Oslo for tida, sidan der jo har funne stad ei Pride-veke. Både i Oslo og i mange andre byar rundt om i verda. Korleis dei «feirar» Pride i visse amerikanske byar, skal eg kome tilbake til om litt…
Noreg, som dei fleste andre vestlege land, har ein populærkultur som ikkje berre er gjennomseksualisert, men gjennomsyra av aksept for ikkje-heterofile legningar. Det er i år femti år sidan homofili vart gjort lovleg – fram til 1972 var slikt forbode. Der fann stad ei seksuell frigjering som på godt og vondt har endra samfunnet til det ugjenkjennelege for folk som voks opp so nyleg som 1960-talet. For muslimar, som har eit diametralt motsett syn på sømelegheit og seksualitet, må Noreg framstå som reinaste syndepølen. Medan mange muslimske kvinner dekkjer til hovuda med hijab, vandrar norske jenter og damer halvnakne rundt med håret flagrande i vinden. Og dei gjev seg visstnok hen til kven som helst, om dei er gifte eller ikkje.
Tenk deg reaksjonen til ein muslimsk mann når han skrur på TV-en og ser program som Naked Attraction. Eller TV-program som ikkje berre normaliserer homofile og andre ikkje-heterofile legningar, men som hyllar dei som om dei skulle ha vore gudar. Dette handlar ikkje om seksualitet eller religion, dette handlar om ideologi, og den katastrofale kollisjonen mellom to ideologiar som ikkje kunne ha vore meir ulike kvarandre. Som Helena Edlund skriv i ein artikkel i Document 27.juni 2022:
«Kollisjonen mellom ideologier er tydelig for alle som ser seg rundt i samfunnet. Mens gatebildet i byene våre i økende grad har vært preget av multikulturalisme og islamske budskap i form av religiøse antrekk, har busser og fasader den siste uken blitt dekorert med Pride-reklame med varierende grad av utfordrende grafikk. Det er egentlig bare en gradsforskjell fra det normale, fordi seksualitet og nakne kropper har blitt åpenbare elementer i annonsekampanjer og medieinvesteringer.»
Eg har tidlegare stilt spørsmålet om den vestlege verda er i fritt fall når det gjeld moral og intelligens. Feiringa av ikkje-heterofile har gått over alle støvleskaft, slik uavhengige journalistar og alternative media rapporterer frå amerikanske byar som mellom anna Seattle. Natural News-eigar og podcastar Mike Adams kjem med sjokkerande skildringar av Seattle sin nylege Pride-parade. Der skal nakne, småfeite menn ha sykla i paraden medan der var barn til stade. Enkelte skal ha blitt observert drikke kvarandre sitt piss, eller ete avføring. LGBT- og transkjønnsaktivistar skal ha twerka (vrikka på rumpa) framfor barn, medan ei gravid dame skreiv med tusj på magen sin «Not yet human» («enno ikkje menneske»). Politiet stod der og gjorde ingenting; langt mindre greip dei inn i denne dyriske, demoniske, ugudelege åtferda. Det einaste som mangla, var om alle desse skrullene byrja å sodomere barna medan dei vifta med regnbogeflagg og gaula «love is love!». Det som skulle ha vore feiringa av skeive sine rettigheiter, degenererte til ei forrykt framsyning av pedofili, blotting, obskønitet og støtte av babymord (abort).
At ein straffedømt, radikalisert islamist med alvorlege psykiske problem finn seg eit skytevåpen og går berserk i Oslo sentrum, er ein tragisk konsekvens av motstridande ideologiar. To menneske er døde, og det er temmeleg openbert at der ligg politiske og ideologiske motiv bak hendinga. Indisia er der. Og det kan skje igjen. PST-sjef Roger Berg pakkar det ikkje inn: Han sa til NRK Dagsrevyen måndag 27.juni at «et stort antall personer er villig til å gjøre det samme som terrorsiktede Zaniar Matapour». Han vedgjekk i same intervjuet at PST ikkje har kontroll på valdelege islamistar. Berg vedgjekk òg at dei visste om Matapour og andre personar i hans nettverk. Dei har grunn til å tru at islamistmiljøa i landet for tida ikkje utgjer ein trugsel mot andre enn det skeive miljøet. Kan vi forvente meir homoterror i framtida? Berg fryktar nye åtak. Og politiet frårådar for tida Pride-arrangement i heile landet på grunn av den uavklarte trugselsituasjonen. Folk samlast likevel. Dei heldt seg heime i over eit år, livredde for eit påstått lungevirus, men når der finst ein reell trugsel mot liva deira, då møter dei mannssterke opp!
PST har no i 2022 kome med ein del underlege utspel. Fram til homoterroren i Oslo snakka dei om personar tilknytt det høgreekstreme miljøet, «pandemivald» og sokalla «antistatlege» aktørar. So seint som 16.juni 2022 vurderte PST trugselen frå høgreekstreme til å vere større enn trugselen frå islamistar. No når ei reell terrorhandling gjort av ein islamist har oppstått, bør PST for sitt eige etterdøme sin del byrje kampen mot ekte i staden for innbilte fiendar.