Er den vestlege verda i fritt fall når det gjeld moral og intelligens?

Michael Snyder har i lengre tid spådd den amerikanske økonomien sin undergang. Historikaren og teologen Damián Galerón har spådd verda sin bokstavlege undergang. Vi ser stadig fleire teikn på apokalypsen, meiner enkelte, og referer til frasar henta frå Bibelens siste bok Johannes’ openberring (engelsk Book of Revelation), der dei mellom anna omtalar koronapass som «dyrets merke».

Det er ikkje eit nytt fenomen at vi nærmar oss ein undergang, nemleg undergangen til menneskets moral og intelligens. Vi ser ut til å bli dummare og dummare, og det kan skuldast bevist vranglære frå radikale lærarar, eller rett og slett dei tvilsame rollemodellane dagens ungdom har. Slike påverkarar får ikkje akkurat merksemd på grunn av sine intellektuelle prestasjonar.

Nyleg vart det kjent at reality-stjerna Stephanie Matto har tent 100 000 dollar på å selje sine eigne fisar. Bokstavleg tala. Ho sel små flasker med sin eigen flatulens for 500 dollar stykket. Ho takkar sin eigen «gode personlegdom» og høge sexappeal for at ho har lykkast so godt i denne «fiseverksemda». Ifølgje ho sjølv et ho mykje bønner for å produsere nok «råvare» til kundane sine, som neppe kan seiast å vere dei skarpaste knivane i skuffa.

Nordmenn ser heldigvis ut til å vere hakket smartare enn amerikanarane. Det mest ekstreme tilfellet på dumskap og moralsk forfall eg kan finne her i landet, er folk som no i 2021 valde å delta på eit sjekkeprogram – nakne. Programmet Naked Attraction vart sendt våren 2021. Ei av deltakarane der var den 30-årige gullsmeden Aleksandra Fjellheim. På programmet skulle ho vurdere fem nakne kroppar, som kom meir og meir til syne bak ein glasvegg. Ho vedgjekk at det var tøft å vere «kliss naken på TV», men fann seg til slutt ein jentekjærast via dette kontroversielle TV-programmet. Godt for ho, men ho vil truleg kome opp i kleine situasjonar dersom ho i framtida skal søkje jobb. Det er ho det er bilete av her, og er henta frå programmet. Saksyndig har valt å sensurere puppane hennar.

Frå spøk til alvor, vart ein 18 månader gammal gut funnen død i Texas, i eit «rom dekt av avføring som òg inneheldt eit heimelaga bur». Foreldra i 20-åra vil sannsynlegvis bli tiltala, er haldninga til dei texanske styresmaktene. Eit slikt grotesk døme på episk omsorgssvikt (som er som henta ut av ein skrekkfilm) hadde vore utenkjeleg for femti år sidan, meiner Michael Snyder, og nemner samstundes at byar som San Francisco, Los Angeles, New York, Philadelphia og Chicago meir og meir består av heimlause og narkomane som bokstaveleg tala drit i gatene. Byane har forfalle til det ugjenkjennelege på grunn av Biden-regimet sin katastrofale politikk.

I same artikkel nemner han at CNN-produsent John Griffin nyleg vart arrestert for å «oppmuntre mindreårige til å delta i ulovleg seksuell aktivitet». Griffin skrytte over at han hadde trena opp jenter ned i 7-årsalder (!) til å utføre seksuelle handlingar. Lettlurte mødrer lét han visstnok halde på. Ein SMS til ei av mødrene frå denne karen sa at «ei av dei store løgnene i dette samfunnet er at kvinner er delikate, uskuldige englar og dei er faktisk, naturlegvis, dei skitnaste skjøgene du kan førestille deg». Ein annan SMS sa «Når ho blir skikkeleg handtert, er ei kvinne ei kvinne uavhengig av alderen hennar,» og oppfordra samstundes mora til å sikre seg at hennar 13-årige dotter vart «skikkeleg trena». Litt av ein gentleman, denne mister Griffin.

James O’Keefe i Project Veritas (dei som nyleg fekk heimane sine raida av FBI), bekreftar at dette er ikkje eit isolert tilfelle. Ein annan CNN-produsent fantaserte om å misbruke dottera til sin trulova.

Det er for tida 917 771 registrerte seksualforbrytarar i USA, ifølgje security.org. Og det er berre dei som har blitt tekne og dømt. Mørketala er sannsynlegvis langt høgare.

Medan amerikanske storbyar går til hundane og seksualforbrytarar i maktposisjonar herjar fritt, sel vakre damer sine eigne fisar eller – her i landet – viser sin nakne kropp på TV. Er den vestlege verda i fritt fall når det gjeld moral og intelligens? Det ser diverre slik ut, og det var slikt eit moralsk forfall som i bibelske tider førde til syndeflaumen. Skal vi tru Snyder (og ikkje minst Galerón!) er det berre spørsmål om tid før vi må byrje å byggje vår metaforiske ark.

One comment

  1. Jeg tenker det samme for lenge siden. Det minner en (dårlig) komedie film, Idiocracy.
    Den «opening scene» er en fantastisk oppsummering av alt.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s