Den ukritiske og uvørdne masseinjiseringa med mRNA-teknologi som feilaktig blir kalla «vaksinar», kan på lang sikt føre til ei flodbølgje av kroniske, alvorlege sjukdommar. Desse inkluderer hjartesjukdommar, nevrologiske tilstandar slik som perifer ansiktslamming (Bells parese) og kronisk utmattingssyndrom, og kanskje til og med prionsjukdommar (slik som til dømes Creutzfeldt-Jakobs-sjukdom/menneskeleg kugalskap og dødeleg søvnløyse). Dette skuldast at Covid-19-sprøytene instruerer kroppen din til å lage eit giftig protein (piggproteinet), som kort fortalt lurer immunforsvaret og skader kroppen. I dei neste ti til femten åra vil vi dermed sjå ein dramatisk auke i abortar, prionsjukdommar, autoimmune sjukdommar, nevrodegenerative sjukdommar, og ikkje minst blodproppar, hjernebløding, slag og hjartesvikt.
Desse dystre spådommane kjem frå ein nyleg artikkel publisert av Stephanie Seneff og Greg Nigh i tidsskriftet The International Journal of Vaccine Theory, Practice and Research. Der gjennomgår dei to ekspertane ei rekkje utilsikta konsekvensar av mRNA-«vaksinane», der dei mest framtredande er abortar, hjarteinfarkt, hjartebetennelse, trombocytopeni (lågt tal blodplater), helveteseld (herpes zoster), Bells parese og ein haug andre varige mein, der mange utgjer nevrologiske tilstandar. No ser vi nøyaktig dei same biverknadene som artikkelen til Seneff og Nigh åtvara om.
I eit intervju med dr. Joseph Mercola i mai 2021, kalla Seneff prosessen med hasteutvikling og masseinjeksjon for «sinnssjukt uvørden» (engelsk insanely reckless). mRNA-sprøytene gamblar med folks liv og helse, som statistikk i blant anna VAERS (Vaccine Adverse Event Reporting System) tydeleg viser. Fleire har døydd av Covid-19-sprøytene enn av alle tidlegare vaksinar til saman.
Steve Kirsch og hans team av statistikarar antydar i tillegg at VAERS-systemet underrapporterer med ein faktor på 41, noko som tydar at det reelle talet på dødsfall av Covid-19-sprøytene er 41 gonger høgare. Bruker ein denne logikken, tilsvarer det at sprøytene er meir dødelege enn sjølve viruset – iallfall dersom det viser seg å stemme at Covid-dødstalet er so overdrive som Kirsch antydar at det er. Til dømes døydde mange av totalt urelaterte årsakar; fordi dei tilfeldigvis hadde ein positivt PCR-test, vart dei dermed klassifiserte som «Covid-dødsfall».
Kort fortalt har rundt 380 000 amerikanarar døydd av Covid-19, medan «vaksinane» kan ha drepe meir enn 374 500 dei fyrste 11 månadene åleine.
Spesielt ille er det at unge, som har minimal risiko for å døy av Covid-19, er dei som blir hardast råka av biverknader. Til dømes ser ein dramatisk auke i hjartesjukdom hjå elles unge, friske menn.
Grunnen til alle desse helseproblema er at Covid-sprøytene programmerer cellene i kroppen til å kontinuerleg produserte SARS-CoV-2-piggprotein, som vi no veit er den farlegaste delen av viruset. Mellom anna overstimulerer dei immunforsvaret til det bryt saman. Skilnaden mellom naturleg smitte av Covid-19 (som mobiliserer det ibuande immunforsvaret) og kunstig eksponering gjennom mRNA-injeksjonar (som ikkje gjer det), er at piggproteinet på denne måten lurer seg inn «bakdøra» som ein slags trojansk hest.
Det som er viktigast å merke seg, er at det kunstige piggproteinet som finst i mRNA-injeksjonane, ikkje er identisk med piggproteinet som blir produsert av SARS-CoV-2-viruset. Ein har endra det betydeleg slik at kroppen ikkje skal bryte det ned. Dette kunstige piggproteinet kan ifølgje ei nyleg undersøking vere i kroppen so lenge som 15 månader. Dr. Peter McCullough forklarer at etter fyrste sprøyta, vil kroppen produsere piggprotein i minst 15 månader. Når ein so får andre-sprøyta etter berre nokre veker, vil prosessen bli forlenga med 15 månader eller lenger. Når ein so får tredje-dosen seks månader etter det igjen, vil kroppen produsere piggprotein i 15 månader til. Med regelmessige «oppfriskningsdosar» vil dette skadelege piggproteinet difor aldri forsvinne ut av systemet.
Desse genoverførings-sprøytene kan difor umogleg forbetre helsa. Dei vil heller øydeleggje den.
Faren for prionsjukdommar
Seneff og Nighs artikkel nemner at piggproteinet ser ut til å oppføre seg som eit prion. Berre det å nemne «prion» i ein vitskapleg artikkel burde få det til å gå kaldt nedover ryggen på ekspertar innan det feltet. Prionar er proteinar som gjennom «feilfalding» blir om til PrPsc. Desse drep nerveceller og øydelegg vev i hjernen. Alle prionsjukdommar er 100% dødelege, og kan verken behandlast eller kurerast. Dette kjem av at slike feilfalda prionar er so godt som umoglege å destruere eller bryte ned. Dei mest kjende sjukdommane prionar forårsakar er:
Creutzfeldt-Jakobs-sjukdom (menneskeleg kugalskap). Sjukdommen, som fyrst vart oppdaga blant kyr, kan overførast til menneske gjennom inntak av beinmerg eller hjernemasse. Kugalskap har blitt påvist i Noreg, medan den menneskelege utgåva ikkje har det.
Skrapesjuke. Sjukdommen finst hjå sauer og geiter og forårsakar ei intens kløe som aldri går over. Dyra skraper febrilsk kroppane mot tre, stein og liknande i eit fånyttes forsøk på å lindre kløa. Dette fører til at ull fell av. Ein har sett tilfelle av skrapesjuke i Noreg.
Skrantesjuke. Sjukdommen finst hjå hjortedyr, og har blitt påvist i Noreg so nyleg som i 2020.
Kuru. Ein prionsjukdom som oppstod ved at medlemmer av ein stamme på Papua Ny-Guinea praktiserte rituell kannibalisme der dei åt delar av hjernane til avdøde familiemedlemmar. Sjukdommen vart stort sett utrydda då styresmaktene forbaud kannibalisme på 1950-talet.
Dødeleg familiær søvnløyse. Sjukdommen er nøyaktig kva den høyrest ut som. På grunn av at feilfalda prionar destruerer celler rundt talamus (som blant anna regulerer vekslinga mellom søvn og vaken tilstand), mistar pasientane fullstendig evna til å falle i søvn. Sjukdommen er so sjeldan at den ikkje vart vitskapleg skildra før på 1980-talet, og berre fordi ein av legane tilfeldigvis hadde ei kone frå ein familie råka av denne fryktelege sjukdommen. I motsetnad til andre prionsjukdommar, er denne arveleg – sjølv om sporadiske tilfelle har blitt rapportert.
Per dags dato er prionsjukdommar uhyre sjeldne. Men dersom det Seneff og Nigh antydar viser seg å stemme, kan slike sjukdommar bli langt vanlegare i nær framtid.