Kven stod eigentleg bak avgjerda om å stengje Noreg 12.mars 2020?

26.desember 2021 publiserte Steigan ein viktig artikkel som tek føre seg korleis helsedirektør Bjørn Guldvog saboterte Sivilombodsmannen. Helsedirektoratet såg vekk frå ei vurdering om tvangsmedisinering gjort av Paulsrud-utvalet tilbake i 2011. I dette tilfellet gjaldt det tvangsmedisinering med antipsykotika, og utvalet fremja forslag til ny psykisk helsevernlov. Trass at utvalet viste til at effekten av antipsykotika i beste fall var beskjeden (20% målt mot placebo), utarbeidde Helsedirektoratet faglege retningslinjer i 2013 der effekten var fleire gonger høgare enn utvalet påviste. Med andre ord fekk ein ulovleg praksis halde fram, og tusenvis av ulovlege vedtak har blitt gjort, for ifølgje Sivilombodsmannen har praksisen rundt tvangsmedisinering vore ulovleg heilt sidan lova vart gjeven i 1981.

Den sokalla Lund-kommisjonen, leia av Ketil Lund, kalla Bjørn Guldvog sin praksis for sabotasje av Sivilombodsmannen i ein kronikk i Aftenposten 12.juni 2019. For kva anna kan ein kalle det når Helsedirektoratet ikkje berre ignorerer funna til eit utval, men held fram med å spreie uriktig informasjon ikkje berre om effektane av antipsykotika, men òg lyg om kva Sivilombodsmannen seier?

Dette var før koronatida. Som kjent stengde Noreg ned 12.mars 2020 under påskot av å unngå overbelastning av helsevesenet. Koronakommisjonen under kommisjonsleiar Stener Kvinnsland kom i 2021 fram til at det var brot på Grunnlova å stengje ned landet, ettersom regjeringa overlét denne lagnadstunge avgjerda til éin einaste person: helsedirektør Bjørn Guldvog. Kommisjonen greidde i tillegg ikkje å finne nokon skriftlege grunngjevingar for dei dramatiske tiltaka som vart sette inn den marsdagen.

Ein kan difor med rette kalle det som skjedde 12.mars 2020 for eit statskupp. For både Grunnlova og den norske rettsstaten opphøyrde i praksis å eksistere. Alt vart ifølgje professor Hans Petter Gravers kronikk i Morgenbladet om til ein «dobbeltstat, der rettsstaten er underordnet smittevernstaten». Helsestyresmaktene stengde ned Noreg, i strid med Grunnlova sitt krav om at viktige avgjerder skulle takast av regjeringa. Regjeringa førde hemmelege forhandlingar med partigrupper på Stortinget om ei lov som skulle gje dei fullmakter av «hittil ukjent omfang til å styre samfunnet». Mange tiltak hadde faktisk òg blitt vedtekne i strid med sjølve smittevernlova §7-10: Helsedirektoratet skulle leggje kunnskapar frå Folkehelseinstituttet til grunn for sine vurderingar. Til dømes frårådde FHI bruk av munnbind utanfor helsetenestene. Som Graver skriv:

«Samfunnet styres ikke lenger demokratisk, men autokratisk av smitteverneksperter og -politikere. […] Stortinget har abdisert og politikken er fraværende.»

Ifølgje Steigan respekterer Bjørn Guldvog ikkje Sivilombodsmannen, Stortinget eller Grunnlova, og feiar kritikk frå FHI til side. Ettersom han openbert ikkje tener interessene til det norske folk, kven sine interesser tener han då? Kor får han instruksane sine frå?

Steigan svarer so å seie på spørsmålet i ein annan artikkel publisert dagen før, 25.desember 2021. Her er nok ein gong World Economic Forum (WEF) tema. Nok ein gong påpeiker han det som alternative media har vore klar over i fleire år: WEF er fellesorganisasjon for dei 1000 rikaste kapitalistiske selskapa i verda, inkludert dei «tre vanlige mistenkte»: BlackRock, Vanguard og State Street. Dei er blant dei største eigarane i Pfizer og Johnson & Johnson, medan Vanguard har delvis eigarskap i AstraZeneca. Andre partnarar til WEF er Bayer, Sanofi og Bill & Melinda Gates Foundation.

Desse selskapa har sterke eigeninteresser i at so mange som mogleg blir vaksinerte med sprøytene deira. Då bruker dei kvart eit triks i boka, til dømes langvarig psykologisk krigføring mot menneskeheita. Gjennom trugslar om utestenging, isolering og økonomisk undergang skal vi alle tvingast til å late oss injisere. Og om dei får det som dei vil, vil desse sprøytene bli tvinga på menneskeheita fleire gonger i året, og dei som nektar får koronasertifikatet gjort ugyldig.

Bjørn Guldvog, som alle andre maktpersonar i den vestlege verda, får sine instruksar frå dette konglomeratet av globalistar. Han stengde ned sitt eige land 12.mars 2020 fordi hans overordna i WEF-konstellasjonen bad han om det. Dette er ikkje ein konspirasjonsteori – dette er eit konspirasjonsfaktum.

Saksyndig er open for dokumentasjon på at dette ikkje stemmer.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s