Ei historie frå Bergen kommune: Hemngjerrig avdelingsleiar splitta personalgruppe som prøvde å få ho fjerna for inkompetanse

Denne historia frå Bergen kommune kjem frå ein tidlegare tilsett, som av openberre årsaker ikkje ønskjer å stå fram med namn.

NN hadde verv som leiande verneombod i etaten, i tillegg til å jobbe 100% som miljøarbeidar i eit butiltak for psykisk utviklingshemma. Tilbake i årsskiftet 2015/2016 vart NN kontakta av «Grethe», som var verneombod i det som frå no av blir kalla Avdeling X. NN arrangerte eit møte med Grethe på sitt kontor like over nyåret 2016.

Grethe jobba som hjelpepleiar i Avdeling X. Avdelinga hadde heilt sidan oppstart seks år tidlegare hatt stor utskifting i personalgruppa. Dette meinte Grethe kunne skuldast uforsvarleg arbeidsmiljø, eit dårleg psykososialt arbeidsmiljø blant dei tilsette, bebuarar med svært omfattande bistandsbehov og dårleg leiing. Spesielt det siste la Grethe stor vekt på. Ho og fleire i personalgruppa hadde gått saman og bede om dialog med avdelingsleiaren, ei dame med namn «Sigrid».

Grethe meinte kort og godt at Sigrid var inkompetent i jobben sin, og at ho burde bli fjerna som leiar. NN bad ho om konkrete døme på denne problematiske åtferda. Grethe fortalde følgjande:

Sigrid skofta konsekvent jobben to dagar i veka. Ho var alltid vekke tysdagar, visstnok på grunn av diverse møte i administrasjonen, som ho sa varte heile dagen. Dette hadde blitt avkrefta av folk som jobba i administrasjonen: Sigrid var til stade på møta, men møta varte toppen eit par timar, og ikkje heile dagen, slik Sigrid påstod. Det var med andre ord forventa at Sigrid skulle fare til avdelinga etter møta var ferdige, sidan ho jo hadde arbeidstid til halv fire måndag til fredag.

Sigrid var utan unntak fullstendig fråverande frå avdelinga om fredagane. Det var aldri møte i administrasjonen den dagen. Ho påstod sjølv at ho avspaserte på grunn av overtidsarbeid dei dagane ho faktisk var på jobb. Dette kunne personalgruppa og Grethe enkelt avkrefte. Sjølv dei dagane Sigrid kom på jobb (måndag, onsdag og torsdag) kom ho sjeldan før i nitida, endå arbeidsdagen hennar byrja halv åtte. Ho stakk ofte ut dørene før tre, ofte so tidleg som to. So det var dermed statistisk umogleg for ho å jobbe so mykje at ho genererte overtid. Dette var før det var vanleg (for ikkje å snakke om praktisk mogleg) med heimekontor.

Ikkje berre hadde Sigrid mykje udokumentert fråvær som forstyrra den daglege drifta av Avdeling X. Ho gjorde i tillegg ein tvilsam innsats når ho omsider kom på jobb. Ho var til minimal hjelp. Ho deltok aldri i stell av dei krevjande bebuarane, og bura seg stort sett inne på kontoret sitt. Ho var lite tilgjengeleg for råd og rettleiing. Som utdanna vernepleiar var det forventa at ho skulle leie alle dei ufaglærte, unge tilsette som jobba der. Som regel måtte Grethe og resten av dei faglærte gjere den jobben sjølv.

På grunnlag av denne problematiske åtferda, hadde Grethe og personalgruppa bede om eit møte med Sigrid og einingsleiar. Det hadde Sigrid nekta, og hadde fått medhald frå einingsleiar. Alle forsøk på dialog hadde blitt stansa frå administrativt hald.

Det var for NN openbert at Avdeling X hadde eit samarbeidsproblem med leiinga. Av di dette hadde innverknad på det psykososiale arbeidsmiljøet (og til ei viss grad òg det fysiske), hadde Grethe vald å kontakte leiande verneombod NN.

NN skreiv referat frå møtet, som Grethe deretter godkjente munnleg.

NN vurderte denne saken til å vere av ein meir administrativ natur i staden for arbeidsmiljørelatert, og sende einingsleiar referatet dagen etter møtet med ønske om rådgjeving rundt problemstillinga.

Ei veke seinare tok einingsleiar kontakt med NN. Vedkomande kunne fortelje at Grethe og resten av personalgruppa hadde trekt tilbake heile saken, og til og med skulda NN for å overdrive samarbeidsutfordringane. Grethe meinte NN framstilte det slik at Sigrid var farleg inkompetent og måtte påførast disiplinærstraff frå sine overordna, og til og med seiast opp frå leiarstillinga. Grethe hevda at ho aldri hadde godkjent noko referat – ho visste ikkje eingong at eit referat hadde blitt skrive. Einingsleiar la heile saken død, og oppfordra NN til å ikkje gjere «slikt» igjen – kva enn det skulle bety.

Eit halvt år seinare hadde alle i personalgruppa som hadde vore involvert i «Sigrid-saken» blitt omplassert, nokre av dei med tvang. Grethe sjølv hadde blitt flytta over på natt. Ho jobba opphavleg 100% todelt turnus som hjelpepleiar, men hadde den våren søkt seg inn på vernepleie på høgskulen, eit desentralisert studium over fem år. Einingsleiar hadde like etter opptaket til utdanninga informert Grethe om at vernepleiestudium var «uforeinleg» med 100%-stilling som helsefagarbeidar. Grethe jobba frå og med august i 50% stilling som nattevakt, sidan ein ikkje kunne jobbe meir enn 50% i Bergen kommune om ein tok ei fulltids- eller deltidsutdanning. Vernepleiestudiet er eit omfattande studium som har strenge fråværsreglar.

Sigrid hadde i samarbeid med einingsleiar – og høgst sannsynleg ut av eit ønske om hemn – fått fjerna alle dei tilsette som stod i opposisjon til ho, og den ho rekna som leiaren av dette «opprøret» måtte no kombinere eit krevjande studium med ei nattevaktsstilling. Ho gjekk i tillegg dramatisk ned i lønn og mista vervet sitt som verneombod; ho hadde rett og slett ikkje tid eller krefter til overs å stå i denne rolla. Avdeling X hadde fått både nytt verneombod og ei heilt ny personalgruppe, som nok var lydige nikkedokker som aldri ville finne på å reise seg mot Sigrid.

Grethe hadde ambisjonar om å bli leiar. Det har i etat for tenester til utviklingshemma i mange år vore rådande praksis at berre dei med treårig høgskule, primært vernepleiarar, kan bli leiarar, endå sjølve utdanninga har lite eller ingenting med leiarskap å gjere. Difor omskolerer mange hjelpepleiarar og helsefagarbeidarar seg til vernepleiarar berre for å kunne bli formelt kvalifiserte til leiarstillingar. Saksyndig kjenner personleg fleire i Bergen kommune som har teke dette valet. Dette er ein trist tendens som medverkar til ei devaluering av dette særs samfunnsnyttige yrket. Sjølv om det Bergen kommune gjorde var innafor lova, har ein all grunn til å stille spørsmålsteikn ved praksisen å splitte (eller i dette tilfellet, eliminere) ei personalgruppe som med rette uttrykkjer misnøye med ein avdelingsleiar. I dette tilfellet kan ein konkludere at Bergen kommune tok konseptet konfliktsanering til sin ytterkant.

Om du ønskjer å jobbe i den fabelaktige kommunale helsesektoren, er det for tida særs stort behov for arbeidskraft på grunn av fråvær forårsaka av vaksineskadar og latterlege karantenereglar. Stikk innom heimesidene til Bergen kommune og sjå kva slags taktikkar dei bruker for å rekruttere permitterte dørvakter, nattklubbpianistar og andre aktørar frå det nedstengde utelivet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s