Gode menneske forsvarer sanninga om trans-ideologien – og dei vinn

Ei dame og ein mann frå Storbritannia lét seg ikkje nedkjempe av transkjønn-aktivisme og mottok høvesvis ei orsaking og ein siger i retten.

Av Jonathon Van Maren, LifeSiteNews, 22.desember 2021. Omsett av saksyndig.

Like etter mi deprimerande spalte om korleis vi taper krigen mot kjønnsideologi i amerikanske domstolar, har mitt kyniske syn blitt slått tilbake av to gode nyheiter frå Storbritannia.

Den fyrste er sigeren til Maya Forstater, assisterande speidarleiar frå St. Albans som fann seg sjølv midt i ein orkan av kontrovers i 2019 etter at ho protesterte mot transkjønn-politikken til Speiarforeininga, som lét gutar som identifiserte seg som jenter sove saman med, skifte og dusje med jentene. Forstater argumenterte at denne politikken ville føre til at område berre for jenter vart fjerna.

Forstater vart med éin gong ei skyteskive, og då ho, under ein debatt på Twitter, refererte til den skjeggete speidarleiaren Gregor Murray som «han», når hans føretrekte pronomen er «dei», vart ho rapportert til Speidarforeininga. Trass at Murray sjølv hadde brukt ufyseleg og kvinnehatande språk på sosiale media (og på grunn av dette hadde blitt suspendert frå stillinga som lokal rådgjevar), vart Forstater gjenstand for etterforsking frå speidarane.

Det var på det tidspunktet at J.K. Rowling [forfattar av Harry Potter-bøkene, oms.an.] tok fyrste steg inn i transkjønn-krigen ved å tweete støtta si til Forstater:

«Kle deg slik du vil. Kall deg sjølv kva du vil. Ha deg med kvar ein samtykkjande vaksen som vil ha deg. Lev ditt beste liv i fred og tryggleik. Men tvinge damer ut av jobbane sine fordi dei fastslår at kjønn er ekte? #IStandWithMaya, #ThisIsNotADrill.»

Etter ei latterleg to-årig etterforsking, har Forstater no fått eit orsakingsbrev frå Speidarforeininga. Som feminist Julie Bindel noterte seg i Unherd:

«Trans-aktivistar er i tilbakegang. Med eit tal høgprofilerte sigrar vunne av feministar som nektar å late seg teie av dei døyvande slagorda ‘trans-kvinner er kvinner’, byrjar rørsla mot trans-lobbyen å bevege seg raskare.»

Bindel må vere svært irritert over ein annan nyleg siger òg. Dei som leser denne spalta jamleg, vil truleg hugse historia til Harry Miller, hamnearbeidaren frå Humberside som enda opp med å bli politietterforska for å tweete ein limerick om menn som påstår at dei er damer. Miller vart fortalt av politiet at tweeten hans var «den typen ting som opprører transkjønn-samfunnet». Faktisk var Miller ein av tusenvis av menneske som vart melde til politiet under kategorien «non-crime hate incident» [omtrentleg omsett som «hat-hending som ikkje er eit brotsverk», oms.an.].

Miller utfordra det at politiet kalla dette «non-crime hate incident», og vann 20.desember. Frå Dan Hitchens i Unherd:

«Denne morgonen bestemte Court of Appeal [appeldomstolen for England og Wales, oms.an.] at den offisielle retningslinja, som er laga av College of Policing, er i strid med retten til fri ytring. Den juridiske prøvinga kom frå ein forretningsmann frå Lincolnshire ved namn Harry Miller, som fekk besøk av politiet i januar 2019 og vart fortalt at tweetane hans rundt trans-debatten utgjorde ein NCHI [non-crime hate incident, oms.an.]. Dei hadde kødda med feil mann. Då eg snakka med Miller tidlegare i år, observerte han som tidlegare politimann, «politiet sin mystikk eksisterer rett og slett ikkje for meg». Det hjelpte òg at han var sjølvstendig forretningsmann: ‘Ein av tinga som politiet sa til meg var, ‘vel, dersom arbeidsplassen din visste kva du gjorde, ville du kome i trøbbel med HR-seksjonen’. Eg sa ‘eg er min jævla HR-seksjon!’’ Han og ein venn grunnla ein organisasjon, Fair Cop, som utførde den juridiske handlinga og har no opplevd ein betydeleg siger.»

Trans-aktivistar har brukt kvart eit triks i boka for å påtvinge folk flest doktrinane i sin ideologi. Dei siste åra kjempar folk flest tilbake – vanlege menneske som friviljug jobbar i Speidarforeininga eller er sjølvstendig næringsdrivande. Det verkar som om vanlege folk endeleg byrjar å vinne.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s