Historikar og teolog spår verdas undergang: Straumbrot, Tredje verdskrig og asteroidenedslag

Den spanskspråklege historikaren og teologen Damián Galerón påstår i eit innlegg publisert 19.oktober 2021 på bloggen sin, at han har fått informasjon frå amerikanske og russiske etterretningstenester om ein apokalypse som vil finne stad i 2022. Her følgjer hans dystre spådommar. Dei er maskinomsett frå spansk til engelsk, og deretter omsett til norsk av saksyndig:

«Det er ikkje rettferdig at eg sit på privilegert informasjon og ikkje deler den med dykk,» seier Damián Galerón. «Eg merkar meg at det som kjem er svært vanskeleg,» klarleggjer han. Han fokuserer på tre hypotesar, om tre hendingar som kan skje i ganske nær framtid. «Eg har informasjon frå dei amerikanske og dei russiske etterretningstenestene,» forklarer han. «Dei informerer meg om dette so eg kan dele det til klassane mine.» Han indikerer at dataa kjem frå «det høgste hald som vi kan førestille oss.» Den intervjua forklarer at desse tre hendingane vil finne stad med svært lite tid mellom seg.

Dei tre hendingane er følgjande:

Hending 1: Straumbrotet. Tidspunkt for når det vil finne stad: januar 2022. «Plutseleg vil vi vere heime og lese, med PC-en… Og straumen vil gå. Vi vil håpe at han kjem tilbake, men det vil ikkje vere sånn.» Ifølgje den intervjua vil lyset vere vekke i fleire månader, det vil ikkje vere noko Internett, telefon eller matdistribuering. Det vil ikkje vere nokon internasjonale flygningar og ingen bilar vil fungere. Målet er å eliminere fleire millionar menneske. På tre år ønskjer dei å eliminere fem milliardar menneske, «og dei kjem til å oppnå det,» ifølgje Galerón. Ver forsiktig: Innan denne jula vil vi ikkje ha so mange produkt, ettersom dei har tenkt å kutte distribueringskjedane. «Folk som ikkje har lagra mat vil svelte. Det som kjem er mykje vanskelegare enn vi kan førestille oss,» legg han til. Kanskje kan dette straumbrotet bli framskunda til november [noko som openbert ikkje har skjedd, oms.an.], men ifølgje visse profetiar, indikerer han, kan det starte mellom januar og februar [2022]. Tilråding: BYGG OPP EIT MATLAGER PÅ MINST 5 MÅNADER. Grønsaker, kikerter, linser, bønner, pasta. Salt og sukker. Når straumbrotet er over, vil følgjande kome:

Hending 2: Tredje verdskrigen. «Slagmarka vil vere Europa», seier Galerón, og indikerer at den var fødd frå ein kinesisk allianse. Det vil vere ein termonukleær krig der ukjende våpen og interkontinentale missil vil bli bruke, «med det mål å drepe 2,5 milliardar menneske på tre veker.» Krigen vil vare so lenge, ei kort tid, «og Europa vil bli utrydda med 50%. Land som Belgia, Romania og Nederland vil forsvinne,» indikerer han. USA vil gå frå 334 millionar menneske til å miste 184 millionar på to år. Spania, Mexico, Costa Rica… Dei vil miste 50% av befolkninga. Viktig: Galerón trur at straumbrotet vil vere langt meir frykteleg enn krigen. «Under krigen er butikkar opne, du kan flytte på deg, meir eller mindre. Men under straumbrotet, vil ingen kunne bevege på seg, fordi det vil vere unntakstilstand. Dersom du forlèt huset ditt, vil dei drepe deg.» Han indikerer at mange menneske vil begå sjølvmord. Og under nedstenginga, seier han, vil dei sleppe laus eit dødeleg virus som liknar Ebola.

Hending 3: Eit asteroide-nedslag. Tidspunkt: Ein av dei fyrste 15 dagane av mai 2022. «Det er truleg meldinga frå Garabandal [?],» indikerer han. «Vi vil ikkje snakke om straff no, fordi den vil kome seinare,» presiserer han. Den intervjua har kontakt med astrofysikarar og militæret, i tillegg til geologar, og desse dataa baserer han på det han fortel oss. Teknisk data om asteroiden: 7 kilometer i diameter. Når den kjem i kontakt med atmosfæren, vil den dele seg i to, der den minste delen treffer Atlanteren, ganske nær Florida. Den andre delen vil treffe Stillehavet. Flodbølgjene frå treffet vil vandre 9000 kilometer. Kor enn dei bølgjene passerer, vil det ikkje lenger vere fjell, tre eller hus. «Alle øyane i Atlanteren og Karibia vil forsvinne, inkludert Kanariøyane.» Cuba og ein stor del av Puerto Rico forsvinn, og nasjonane i Sentral-Amerika vil bli alvorleg skadde. New York, Washington, New Jersey, og heile Florida-halvøya vil òg forsvinne. Bølgjene som vil nå kystane av Amerika (Colombia, Brasil, Venezuela) kan bli opptil 600 meter høge. «Alle kystbyane i verda, utan unntak, vil forsvinne,» åtvarar han. Som ein annan konsekvens av asteroidenedslaget, vil vi oppleve ein atomvinter, og menneske vil fryse i hel. Denne kulden vil vare i fleire månader. Alle desse hendingane vil finne stad før den andre blodmånen (mai 2022), kort tid før dei vil eliminere nattverda,» forklarer han. «Berre enkelte prestar vil halde messer privat, og du burde ikkje besøke opne messer fordi dei vil ha satanistisk innhald,» åtvarar han.

Ein engelskspråkleg video tilbyr ei alternativ omsetjing av Galerón sine dystre spådommar. Der blir det òg antyda at eliten som styrer verda vil søkje tilflukt frå apokalypsen i underjordiske fasilitetar.

Kommentar frå saksyndig: Dommedagsprofetiar har eksistert iallfall sidan bibelske tider. At nokon spår apokalypsen er difor ikkje gammalt nytt. Denne vart skildra allereie i Bibelens siste bok, Johannes’ openberring (Book of Revelation på engelsk). Alle profetiar bør takast med ei klype salt. Eg sjølv hugsar at ein av gjestene i Inger Lise Rypdahls TV3-serie Møte med det ukjente tilbake på 1990-talet spådde at Russland ville invadere Nord-Noreg i 1998. Det skjedde som kjent aldri. At det derimot vil skje ein kollaps i den internasjonale forsyningskjeden, er meir sannsynleg, so her er det best å vere føre var og hamstre mat og andre essensielle varer medan du framleis finn dei i butikkhyllene.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s