Foreldre i fyr og flamme etter at 12-årig dotter vart kjønnsforvirra av sine eigne lærarar

Hemmeleg vranglære om «flytande kjønnsidentitet»: Rasande foreldre krev svar etter at lydopptak på avvege avslørte mellomskulelærarar sitt forsøk på å skjule indoktrinering i radikal kjønnsteori frå foreldre.

Henta frå ein artikkel av Julian Conradson i The Gateway Pundit. Omsett og kommentert av saksyndig.

Onsdag 15.desember samla meir enn 150 rasande foreldre seg i Salinas i California på eit møte med skulestyret, der dei uttrykte frustrasjon over lærarar som i november hadde blitt avslørt av lydopptak der dei diskuterte planar om å rekruttere mellomskuleelevar til ein Gay-Straight Alliance-klubb, ved å skjule namnet og gøyme handlingane sine frå foreldre.

Ei av dei 30 forbanna foreldra som tala under møtet, var Jessica Konen, som hevdar at personale ved Buena Vista Middle School i Salinas indoktrinerte hennar då 12 år gamle dotter ved å rekruttere ho til noko med det svikefulle namnet «likeverdsklubb» (equality club), som i røynda var ein radikal LGBTQ-klubb.

Etter at representantar frå skulen refererte til anklagane som ein «feil», hudfletta Konen skulestyret for å tone ned alvoret i at lærarane og resten av personalet villeia og manipulerte hennar no kjønnsforvirra dotter og andre på vondsinna måtar, og i tillegg gjekk saman om å gøyme det frå foreldra.

Konen anklaga òg skulen for å gøyme vekk bevis på at barnet hennar hadde sjølvmordstankar, ved å hevde at skuletilsette hadde tilgang til hennar søkjehistorie på Internett, men at dei ikkje varsla ho – og med dette tok dei vekk hennar «evne til å vere forelder» for barnet sitt.

Denne «rovdyraktige informasjonen som blir lært til unge barn,» seier ho, «har direkte bidrege til dottera si forvirring og bekymringsverdige mentale tilstand.»

Ho held fram:

«De sådde frø. Jobben dykkar var å undervise barnet mitt i matte, vitskap, engelsk, osv. Gjer dykkar og jobb og lat meg gjere min!»

Det høyrer med til historia at skulen ikkje berre indoktrinerte ein elev med toppkarakterar i ein venstreradikal kjønnsteori som fekk barnet til å tru at ho var ein transperson – skulen varsla til og med CPS, det amerikanske barnevernet. Bakgrunnen var at ein lærar hadde fortalt Konen under eit møte at dottera var «trans-fluid» (altso at ho hadde ein flytande kjønnsidentitet, og ikkje rekna seg sjølv som definitivt «ho» lenger). Lærarane skal ha sett stygt på Konen då ho refererte til si eiga dotter som «ho». Helst burde dottera kallast «han». Nokre dagar etter dette møtet, kom politiet på døra og fortalde at barnevernet hadde motteke ein klage. Politiet spurde dei to barna om dei ønskte å bli fjerna frå heimen.  Seinare droppa barnevernet heile saken og kom ikkje med krav om at Konen skulle kalle dottera si «han» slik lærarane hadde insistert på.

På toppen av denne skandalen kom altso desse lydopptaka, der lærarane ved skulen konspirerte om å skjule naturen til desse LGBTQ-klubbane frå foreldra. Ytringane vart sagt på eit seminar under ein diger California Teachers Association-konferanse i slutten av oktober. Seminaret handla om korleis ein driv ein Gay-Straight Alliance-klubb i eit «konservativt samfunn».

Lærarane ville halde hemmeleg kven av elevane som deltok i denne klubben, ettersom foreldra då naturlegvis ville reagere. Andre ting som kom fram i lydopptaka, var strategiar for korleis lærarane skulle skjule sin «woke-agenda» frå foreldra, blant anna ved å manipulere ungane til å ikkje fortelje foreldra om denne indoktrineringa.

Alt dette vart bokstaveleg tala sagt på denne konferansen, medan lærarar i salen sat og noterte ivrig.

Skuledistriktet som denne skulen er underordna, har suspendert lærarane – med løn – medan ei uavhengig etterforsking pågår.

Denne hendinga er berre den mest nylege i ei pågåande rekkje av sjokkerande hendingar blant skuletilsette i California og resten av USA. Berre i dei siste tre månadene har vi sett fleire urovekkjande tilfelle der korrupte, radikale utdanningsansvarlege har brukt sine tiltrudde autoritetsposisjonar til å pushe sine eigne radikale ideologiar – på kostnad av den fysiske tryggleiken til barna.

Som om ikkje dette var nok, har skular i Los Angeles denne månaden òg byrja å gje barn den eksperimentelle Covid-«vaksinen» bak foreldra sin rygg. Samstundes blir dei bekymra foreldra til desse barna skamlaust etterforska av Justisdepartementet og FBI under mistanke om å vere innanlandske terroristar. Mange namn har nok enda opp på ei dystopisk liste ein stad, men når vil dei verkelege monstera bli haldne ansvarlege?

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s