Jurist meiner at alt rundt plandemien er basert på frykt og manipulasjon

Ifølgje jurist Thomas Renz er ingenting rundt Covid-19 basert på fakta og fornuft. Snarare er heile greia ei øving i frykt og manipulasjon. Desse orda fall frå Renz under eit nyleg arrangement kalla Reawaken America. Han viste ein presentasjon som forklarte korleis hovudstraumsmedia og Big Pharma har loge til folket for å pushe meir tyranni og selje meir legemiddel.

Delar av talen til Renz kan sjåast her.  

Som jurist veit Renz at å handtere desse brotsverka mot menneskeheita krev mykje meir enn berre ein einskild dom i retten. Ifølgje han krev brotsverk i slik ein diger skala noko større enn berre éin domstol. Det må førast i ein internasjonal skala, og mange menneske må i fengsel.

Renz kallar denne affæren for Nürnberg 2.0 etter Nürnberg-rettssakene som fann stad etter Andre verdskrigen, der mange prominente nazistar vart dømde til døden eller til lange fengselsstraffer. Som Renz seier:

«Heile greia er eit bedrag. Frykt, manipulasjon og til slutt bedrag og død driv den. Vi må ha uavhengige etterforskingar gjort av folk med makt til å straffeforfølgje.»

Omikron er siste del i denne plandemien. Ved eit samantreff (?) er omicron ei omstaving av det engelske ordet moronic, som tydar «idiotisk» eller «toskete». Denne nyaste «varianten» er brukt for å skape endå meir frykt i ei meir og meir vaksinert befolkning. Ved å konstant spreie frykt om alvorleg skade eller død, greier folkehelseinstitutt over heile verda og deira partnerar innan Big Pharma og Big Media å overtyde millionar til å ta stadige injeksjonar som har ingen nytte, berre skadar. Vi ser allereie no konturane av ei endelaus rekkje «oppfriskningsdosar», med tilsvarande auke i risiko for død eller varig uføre.

Ved å klassifisere nær sagt alle dødsfall som «død av Covid-19», skaper dei kunstig høge dødstal rundt om i verda, og det er berre takka vere varsling frå helsepersonell som arbeider slike stader, at vi har fått innsyn i dette bedraget frå dei i sentrale maktposisjonar. Dei tener aldeles ikkje folket sine interesser, berre sine eigne og dei til sine kriminelle medløparar. På grunn av deira nedrige villeiing og psykologiske krigføring, har folk blitt skremde til å gå med munnbind, halde avstand, late seg injisere med eksperimentell mRNA-injeksjon – og no «oppfriskningsdoser» i visse intervallar på ubestemt tid.

Medan jurist Thomas Renz krev ei uavhengig spesialetterforsking av brot på menneskerettar og liknande for Fauci, FDA, DHHS og andre slik som hovudstraumsmedia (som er medskuldige i dette bedraget), har eit team i Storbritannia allereie klaga Fauci, Bill Gates, Klaus Schwab og andre inn til Den internasjonale kriminaldomstolen for brotsverk mot menneskeheita.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s