Nordisk Covid-erklæring avslører den falske koronaforteljinga

Det har blitt oppretta noko som blir kalla eit «verdensomspennende fellesskap av helsepersonell, advokater, akademikere og borgere fra de nordiske landene som har vært dypt bekymret for vår regjeringspolitikk i forhold til SARS-CoV-2 i våre samfunn».

NCD (Nordic Covid Declaration) har kome i stand gjennom ein nordisk dialog mellom medisinske fagpersonar, inkludert legar, epidemiologar, immunologar, mikrobiologar, sjukepleiarar, diverse helseterapeutar, farmasøytar og ikkje minst advokatar. Den nordiske Covid-erklæringa er ei «felleserklæring signert av helsepersonell, farmasøyter, akademikere og bekymrede borgere fra nordiske land» som er bygt på mellom anna Great Barrington Declaration. Andre initiativ som har inspirert til danninga av NCD, er mellom andre World Doctors Alliance, Brownstone Institute og German Corona Investigative Committee. Sistnemnde er det den berømte advokaten Reiner Füllmich som står bak, og han og hans team har sidan juli 2020 intervjua ei rekkje medisinske ekspertar og autoritetar om denne Covid-skandalen.

Dei har alle til felles at dei er kritiske til politikken som regjeringar over heile verda har implementert sidan WHO erklærte pandemi 11.mars 2020. Noreg stengde som sagt ned 12.mars det året.

Regjeringane jobbar ifølgje NCD i strid med klare vitskaplege bevis «hvor de fortsetter å forfølge en politikk der friske borgere […] blir underkastet i varierende grad fysisk isolasjon, karantene og tvangsbruk av munnbind i skoler, arbeidsplasser, sykehus og grenser».

Oppsummert er no følgjande blitt dokumentert og bevist:

Covid-19 kan samanliknast med ein mild til alvorleg sesonginfluensa, og er dermed ikkje so farleg som «alle» vil ha det til.

Asymptomatiske berarar av SARS-CoV-2 (tidlegare kjent som friske menneske) kan ikkje spreie sjukdom.

PCR-testen og den sokalla Lateral Flow-testen er i beste fall særs tvilsame diagnoseverktøy, om dei kan diagnostisere noko som helst i det heile.

Inngrep som isolasjon, karantene og bruk av munnbind reduserer ikkje overføring av sjukdom, ei heller reduserer dei sjukehusinnlegging eller dødsfall frå SARS-CoV-2.

Ikkje minst finst ingen truverdig bevisføring som kan leggjast til grunn for å halde fram massevaksinering. Ingen kliniske studiar kan dokumentere meiningsfull klinisk eller beskyttande effekt, snarare det fullstendig motsette på grunn av antistoff-avhengig forsterking. «Vaksinane» forårsakar meir uhelse enn helse. Talet alvorlege biverknader og vaksinerelaterte dødsfall har eksplodert sidan vaksinasjonsprogrammet starta.

Innføring av sokalla koronasertifikat er ein trugsel mot menneskerettane, og må sjåast på som rein tvang frå styresmakter over heile verda for å få flest mogleg til å ta dei eksperimentelle sprøytene. Slikt er i strid med grunnlover, naturlover, menneskerettar, Nürnberg-kodeksen og Helsingfors-deklarasjonen.

Alle som vil kan skrive under på denne nordiske erklæringa og uttrykkje støtte til den nødvendige motstanden mot dette medisinske tyranniet.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s