Ei historie frå Bergen kommune: Dyktig hjelpepleiar omplassert etter konspirasjon i den misunnelege personalgruppa

Denne historia har saksyndig fått frå ein tidlegare tilsett i Bergen kommune. Personen ønskjer å vere anonym. Visse detaljar er utelatne eller endra for at vedkomande og situasjonen ikkje skal bli gjenkjent av leiinga i kommunen.

«Edel» hadde tilbake på slutten av 2000-talet jobba tjue år i Bergen kommune. Ho budde landleg til med kjærast og ein tenåringsson. Ho hadde eit hjarte som brann for bebuarane i bufellesskapet ho hadde jobba i nesten heile si tid i kommunen. Ho var ei biletvakker, 50-årig blondine med bein i nasen, og hadde i si tid gått i frå ein valdeleg ektemann som behandla ho meir som eigedom enn ektemake. Ho hadde ikkje førarkort, og gjekk dagleg dei tre-fire kilometrane frå heimen sin til bufellesskapet, i alt slags vêr og vind.

I sine glansdagar på 1990-talet, då ho var yngre og sprekare, hadde ho arrangert ferieturar til utlandet for dei fem bebuarane, som alle var utviklingshemma, men høgtfungerande. Ho vart rekna som primus motor, og var i 2009 den einaste tilsette som hadde vore der sidan bufellesskapet opna. No i seinare år, hadde alderen byrja å innhente ho, og ho var i periodar sjukemeldt. Ho var i ferd med å slutte seg til den dystre statistikken av utslite helsepersonell som alltid hadde gjeve 110%, utan å få særleg mykje igjen for det enn månadleg lønnsutbetaling.

Ut av det blå vart ho på nyåret 2010 innkalla til møte i administrasjonen med einingsleiar, HR-rådgjevaren og ein representant frå fagforeininga. Bakgrunnen var at fleire av kollegaene hadde gått saman og via avdelingsleiar (sjefen i bufellesskapet) levert ei formell klage. Stakkars Edel skjønte ikkje bæret. Ho møtte pliktskuldig opp nede på kontoret ein råkald tysdags morgon – ho skulle på seinvakt same dagen.

På møtet fekk ho av einingsleiar servert påstanden at ho var meir oppteken av bebuarane sitt beste, enn av personalet sitt. Kollegaene oppfatta ho som kranglevoren, kverulerande og slitsam å vere med. Det måtte liksom skje ting heile tida på jobben. Dei skildra det som om Edel gjekk ut av sitt gode skinn for å «aktivisere» bebuarane på alle tenkjelege (og utenkjelege) måtar, medan ho ikkje kunne ha brydd seg mindre om personalet. HR-konsulenten var einig med einingsleiar om at Edel oppførte seg «ukollegialt». Fagforeiningsdama, som liksom skulle gjere eit tappert forsøk på å forsvare Edels interesser, samtykte til denne karakteristikken.

Kollegaene var kort fortalt so drita lei av Edel at dei ville ha ho fjerna frå bufellesskapet. Som den feige, konfliktsky rotta einingsleiar var, informerte han Edel at ho ville bli omplassert so fort som råd. I mellomtida vart ho beden om å halde seg vekke frå bufellesskapet. Ho var på lønt permisjon fram til dei hadde funne ein ny arbeidsstad til ho.

Edel spurde audmjukt om ho kunne få gå opp i bufellesskapet og hente eit skjerf ho hadde gløymt der oppe. Einingsleiar svarte nei. Skjerfet vart seinare sendt til Edel i posten.

Ein hardtarbeidande hjelpepleiar som hadde møtt opp på jobb og gjort jobben sin i alle år, hadde no blitt fjerna frå arbeidsplassen, overvelda av anklagar ho ikkje fekk levere tilsvar på. Fagforeininga lente seg tilbake og la skulda på Edel. Ho hadde openbert vore litt for ivrig i tenesta, og med dette gjort seg til fiendar med heile personalgruppa.

Når arbeidsgjevar – kva enn årsaken er – bestemmer seg for å omplassere ein tilsett, kan den tilsette i teorien hamne kor som helst i kommunen der det er vakanse (ledig stilling). Edel jobba 100%, og det ville dermed vere vanskelegare for einingsleiar å finne ein arbeidsplass som hadde ei ledig stilling som matcha stillingsprosenten, som Edel hadde kjempa med nebb og klør for å få. Den førarkortlause dama kunne i verste fall hamne i andre enden av kommunen, og få to timar reisetid kvar veg, slik som skjedde med ei venninne av ho.

Løysinga vart ei nattevaktsstilling i eit anna bufellesskap, der kveldstillegget fekk denne deltidsstillinga til å lønnsmessig tilsvare ei 100%-stilling. Bufellesskapet låg for langt unna til at Edel kunne gå der, difor tok ho bussen. Arbeidet var enklare, fasilitetane var nyare og personalgruppa var greie med ho. Trass denne nedrige behandlinga frå ein mektig arbeidsgjevar, kom Edel ut av dette med helsa (og delvis æra) i behold.

Omplassering er del av sokalla konfliktsanering, ein strategi arbeidsgjevar gjennom sin styringsrett kan ta i bruk for å fjerne «brysame» kollegaer. Dette er til sjuande og sist eit sjansespel frå arbeidsgjevars side. Han kan risikere å fjerne ein tilsett som ikkje er skuld i konflikten, slik at nye problem snart vil oppstå til trass for at personen er fjerna. Går denne ukyndige konfliktsaneringa langt nok, kan ein risikere at dyktige arbeidarar blir skvisa ut, medan dei udugelege kverulantane sit igjen. Då vil arbeidsgjevar finne seg i ein evig kamp, der avdelinga lid av ein skyhøg turnover i personalgruppa. Dette vil uunngåeleg gå utover bebuarane, som jo er dei personalet er på jobb for.

Edel gjorde jobben sin godt, so godt at kollegaene sin innsats verka mangelfull i forhold. Difor rotta dei seg saman og fekk ho fjerna. Slike prosessar er ganske vanlege i kommune-Noreg, noko mange historier vitnar om. So fort ein arbeidsstad får eit dårleg rykte, har leiinga tapt. Kollegaer (og eks-kollegaer) snakkar saman, og urett frå arbeidsgjevars side vil difor før eller seinare kome til overflata – og i enkelte tilfelle òg til media.

Forresten er Bergen kommune no so desperate etter vikarar at dei ber permitterte service-arbeidarar om å kome og hjelpe dei. Om du er ein arbeidslaus bartender eller hotellresepsjonist og vil tene pengar til bustadlån og straumrekning, ver so god. Men hugs at du helst ikkje bør gjere ein so god jobb at du stiller kollegaene dine i eit dårleg lys.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s