Nasjonal skjenkestopp trugar næringsgrunnlaget for små og mellomstore bedrifter: Interesseorganisasjon krev innsyn i beslutningsgrunnlag

Steigan skriv i dag, på sjølvaste julaftan, at SMB Norge, interesseorganisasjonen for små- og mellomstore bedrifter vil ha innsyn i beslutningsgrunnlaget bak den nasjonale skjenkestoppen som regjeringa i all hast innførde onsdag 15.desember. Interesseorganisasjonen sendte vesle julaftan eit brev til regjeringa, meir presist til statsminister Jonas Gahr Støre, finansminister Trygve Slagsvold Vedum, næringsminister Jan Christian Vestre og helse- og omsorgsminister Ingvild Kjerkol. Brevet er signert styreleiar Karl-Anders Grønland og administrerande direktør Jørund Rytman. I brevet skriv dei to at regjeringa sine smitteverntiltak framstår som «uforholdsmessige».

Vidare skriv SMB Norge at regjeringa fyrst innførde nye smitteverntiltak som gjaldt frå torsdag 9.desember. Der var det pålegg om bordservering av alkohol på restaurantar og utestader og skjenkestopp frå midnatt. Allereie måndag 13.desember – fire dagar seinare – varsla regjeringa «ytterligere innskjerping», der det vart innført full skjenkestopp som gjaldt frå onsdag 15.desember. Tilfeldigvis (?) var dette midt under julebordsesongen, og berre ni dagar før jul.

Tiltaket om full skjenkestopp vurderer SMB Norge å vere dramatisk. Sal av alkoholhaldige drikkevarer utgjer mellom 40 og 60% av omsetninga for restaurantar og andre stader som sel mat – og openbert endå meir av omsetninga for pubar og barar. Dette vesentlege bortfallet av inntekt tek næringsgrunnlaget frå desse små- og mellomstore bedriftene. I praksis har alle desse bedriftene no blitt ilagt eit næringsforbod, meiner interesseorganisasjonen. Dei finn tiltaka «særdeles uforholdsmessige».

Dei opplever det òg som svært problematisk at bedriftene ikkje får innsyn i kva slags vurderingar regjeringa har gjort av kor forholdsmessige tiltaka er. SMB Norge stiller difor spørsmålsteikn ved om tiltaka i det heile teke er legitime. Der finst nemleg lite eller ingen dokumentasjon som underbyggjer at skjenkestopp er «hensiktsmessig eller forholdsmessig».

I brevet spør dei òg regjeringa kor mykje desse siste smitteverntiltaka vil koste samfunnet når det gjeld tapte skatteinntekter i forhold til alternativet, som er mindre inngripande tiltak for næringslivet. Dei lurer òg på om regjeringa har gjort vurderingar når det gjeld konsekvensar av dei nye tiltaka for bedrifter som allereie sleit økonomisk på grunn av tidlegare, liknande tiltak. Og, ikkje minst, skal sokalla «aktverdige allmenne hensyn for ivaretakelse av grunnleggende samfunnsinteresser som helse» gå framfor rammevilkåra for næringslivsutøving? Med andre ord, skal du godta at utestaden din går konkurs for å hindre «spreiing» av ein «variant» som har dokumentert mindre dødelegheit enn sin forgjengar?

Regjeringa har fått 14 dagar på å svare på spørsmåla SMB Norge stiller i brevet.

Leiande juristar i Noreg meiner SMB Norge har ei god sak. Professor Hans Fredrik Marthinussen seier at smittevernlova §1-5 krev at aktuelle tiltak er forholdsmessige sett i lys av smittesituasjonen. Er ikkje tiltaket forholdsmessig, er det heller ikkje lovleg. Professor Hans Petter Graver ved Det juridiske fakultet i Oslo meiner at ein sopass lukka saksbehandling gjer det umogleg å etterprøve om tiltaka faktisk er forholdsmessige.

Statsminister Støre viste til faretrugande tal frå FHI i sin argumentasjon for stenging av utelivsbransjen og kulturlivet. FHI meldte 13.desember at det om tre veker (altso rundt no) kunne bli opp mot 90 000 og 300 000 tilfelle per dag, og 50 til 200 innleggingar per dag. Dette talet stemmer mildt sagt ikkje på noverande tidspunkt.

Fagforeiningane og venstresida har ikkje sagt eit ord om denne grove uretten.

Pål Steigan leverer følgjande meining om situasjonen:  

«Sannheten er at regjeringa mener at den ikke trenger fakta eller juridisk forankring. Den leser høyt fra det samme manuset som dens kolleger i andre land leser fra. Denne typen overgrep har til hensikt å mørne folket til å kreve koronapass «for å åpne samfunnet igjen», altså innføre tvang for å få «frihet», og så ta ytterligere skritt i retning av det totalitære samfunnet.»

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s