Fauci, Schwab, Gates og andre innklaga til Den internasjonale kriminaldomstolen for brotsverk mot menneskeheita

Av Martin Armstrong, Armstrong Economics. Omsett av saksyndig.

Eit team frå Storbritannia har levert ein klage til påtalestyresmaktene i den Internasjonale kriminaldomstolen på vegner av folket. Rapporten hevdar at statstilsette, farmasøytiske direktørar og andre som profitterer på pandemien har brote Nürnberg-kodeksen, utført krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeheita, so vel som aggresjon mot sivile. Klagen på 44 sider listar utførtleg brotsverka utført av dei følgjande individa:

Boris Johnson (statsminister i Storbritannia), Christopher Witty (helseminister England og helserådgjevar for den britiske regjeringa), Matthew Hancock ((tidlegare) helse- og omsorgsminister), Sajid Javid ((noverande) helse- og omsorgsminister), June Raine, Tedros Adanhom Ghebreyesus (leiar i WHO), Bill Gates, Melinda Gates, Albert Bourla (leiar i Pfizer), Stephane Bancel (leiar i AstraZeneca), Pascal Soriot (leiar i Moderna), Alex Gorsky (leiar i Johnson & Johnson), dr. Rajiv Shah (president i Rockefeller Foundation), dr. Anthony Fauci (direktør i NIAID; det amerikanske smitteverndirektoratet), Klaus Schwab (grunnleggjar og leiar av World Economic Forum) og dr. Peter Daszack (president i EcoHealth Alliance).

Desse personane har gjort følgjande brotsverk:

Brot på Nürnberg-kodeksen

Brot på artikkel 6 i Roma-statutten

Brot på artikkel 7 i Roma-statutten

Brot på artikkel 8 i Roma-statutten

Brot på artikkel 8, seksjon 3 av Roma-statutten

Dokumentet inneheld mykje detaljert informasjon som eg vil oppsummere:

Covid er eit biologisk våpen – gain of function-forsking

Covid vart skapt i eit laboratorium. Leo Poon. Dr. Li-Meng Yan og hennar team publiserte ein rapport der dei hevda at det nye koronaviruset vart utvikla «som eit laboratorieprodukt skapt ved å bruke flaggermus-koronavirusa ZC45 og/eller ZXC21 som ein mal». ZC45 og ZXC21 vart oppdaga mellom juli 2015 og februar 2017 i militære forskingslaboratorium. Då Shanghai Public Health Clinical Centre, eit ikkje-militært laboratorium, publiserte ein motstridande rapport, vart dei raskt tvinga av staten til å trekkje tilbake konklusjonen. «Dei eksisterande vitskaplege publikasjonane som støttar teorien om naturleg opphav, stoler tungt på eitt einaste bevis – eit tidlegare oppdaga flaggermus-koronavirus kalla RaTG13, som deler ein 96% nukleotid-sekvens-identitet med SARS-CoV-2.»

Igjen tilbakeviser alle bevis idéen om at Covid-19-viruset utvikla seg naturleg. «NIH [det amerikanske folkehelseinstituttet] har innrømt å finansiere gain of function-forsking på flaggermus-koronavirus ved Kinas Wuhan-laboratorium – trass at dr. Anthony Fauci gjentekne gonger nektar for dette.» Der finst klare bevis for at NIH finansierte gain of function-forsking mellom 2014 og 2019. Eit stipend på 3,1 millionar dollar vart gjeve EcoHealth Alliance for koronavirus-studiar på flaggermus. Eit anna stipend på 599 000 dollar vart gjeve til Wuhan Institute of Virology for å òg studere Covid på flaggermus.

Konklusjon: Koronaviruset utvikla seg ikkje naturleg. Snarare vart viruset med vilje skapt i eit laboratorium etter fleire år med statsfinansiert forsking.

Eksperimentelle vaksinar

Vaksinen fekk mellombels godkjenning under Regulation 174 i Human Medicine Regulations Act (2012). Rapporten merkar seg at mRNA-vaksinar aldri har vore godkjende for bruk på menneske og effektane er fullstendig ukjende. «Langtidsbiverknadene og tryggleiken til behandlinga i mottakarar er ukjende. Det er viktig å merke seg at koronavirus-«vaksinane» er verdas fyrste møte med den syntetiske mRNA-teknologien og alle tidlegare immuniseringar fungerte på ein totalt ulik måte, gjennom å introdusere eit deaktivert eller svekka virus til kroppen for å utløyse naturleg stimulering av immunforsvaret mot det.»

Covid-vaksinen burde bli kategorisert som genterapi ettersom den ikkje møter kriteria for konseptet «vaksine». I februar 2021 endra Merriam-Webster definisjonen av «vaksine» til å inkludere Covid-19-mRNA-injeksjonen. Dr. Mike Yeadon fastslo i ein rapport: «Det er ikkje ei vaksinering. Det hindrar ikkje infeksjon. Det er ikkje eit verktøy for å hindre overføring. Det er ein metode der kroppen din blir sett til å skape gifta som då kroppen visstnok på ein eller annan måte blir vant til å handtere, men ulikt ein vaksine, som har som mål å utløyse immunresponsen, er denne si oppgåve å utløyse danninga av gifta.»

Konklusjon: Covid-19-injeksjonen er ikkje ein vaksine, men heller ei masse-eksperimentell form for genterapi med ukjende konsekvensar.

Tilstadevering av grafénhydroksid i vaksinane

Den tyske kjemikaren dr. Andreas Noack var ein av EU sine topp-ekspertar på grafén og karbon som formulerte si doktorgradsoppgåve ved å konvertere grafénoksid til grafénhydroksid. Dr. Noack undersøkte vaksinane saman med andre ekspertar og fann ut at vaksinane inneheld grafénhydroksid. «23.november 2021 publiserte dr. Andreas Noack ein video der han forklarte kva grafénhydroksid er, og korleis nanostrukturane som er injisert inn i kroppen oppfører seg som ‘barberblad’ inni blodårene til «vaksine»-mottakarar. Dr. Noack forklarer deretter korleis grafénhydroksid-strukturane på grunn av sin nanostorleik ikkje vil kunne påvisast ved obduksjon ettersom toksikologar ikkje kan førestille seg at der finst strukturar som kan kutte opp blodkar som får folk til å blø i hel innafrå, so dei vil på grunn av atomstorleiken ikkje leite etter dei.»

Etter å ha snakka ut om grafénhydroksid på ei live-stream-sending, vart dr. Noack arrestert på film av det tyske politiet. 26.november 2021, vart dr. Noack angripen og myrda. Saken hans er framleis uløyst.

Konklusjon: Der er grafénhydroksid i vaksinen, og dr. Noack vart myrda for å fortelje sanninga.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s