Slår alarm om Covid-sprøytene: Dei kan gjere folk sterile!

Janci Chunn Lindsay er ein molekylærbiolog og toksikolog med doktorgrad. Toksikologi er studiet av dei negative effektane kjemikaliar har på levande organismar. Ho ber no om at masseinjiseringa med mRNA-sprøyter må stoppe med éin gong. Viss ikkje, risikerer vi ein heil generasjon med menneske som er ute av stand til å få ungar. Ho har gode grunnar til å tru at Covid-sprøytene vil kryssreagere med syncytin (ein type protein) og reproduktive genar i sæd, eggceller og morkake. Dette vil i sin tur føre til sterilitet, kanskje av ein heil generasjon. Alt dette seier ho i eit nyleg intervju med dr. Joseph Mercola.

Ei undersøking blant gravide i april 2021, avslørte at 82% av dei som fekk sprøyta i løpet av dei fyrste 20 vekene av svangerskapet, ikkje greidde å bere fram levedyktige barn. I tillegg viser data frå CDC at meir enn 300 barn mellom 12 og 18 år har døydd av myokarditt (hjartebetennelse), ein no erkjent biverknad av Covid-sprøytene. Likevel er sprøyta no godkjent for barn ned i fem års alder.

Denne blinde trua på mRNA-sprøytene ignorerer fullstendig det faktum at der finst tryggare og meir effektiv behandling tilgjengeleg, til dømes peroksid via forstøvarapparat, ozonterapi og behandlingsregime som involverer hydroksyklorokin og ivermectin.

På 1990-talet var Janci Chunn Lindsay med å utvikle ein prevensjonsvaksine. Denne enda opp med å forårsake uføresett autoimmun øydelegging og sterilitet blant dyr. Trass grundig føranalyse, hadde ingen føresett dette. Målet med denne vaksinen var å indre befruktning. Det var i det minste det som var meininga. Stikk i strid med deira intensjonar, enda vaksinane opp med å fullstendig øydeleggje eggstokkane. I dag er denne sprøyta brukt til å permanent sterilisere hundar, kattar og andre dyr. Ein kan berre tenkje seg kva slags konsekvensar dette hadde fått dersom vaksinen hadde blitt «hasteutvikla» og påført damer over heile den vestlege verda, akkurat slik som mRNA-sprøytene no blir for alle menneske overalt.

Hypotesen hennar om at mRNA-sprøytene kan gjere ein heil generasjon unge sterile, har til no ikkje blitt motbevist. Ein studie frå 2006 viser at mRNA-teknologi faktisk kan negativt påverke fruktbarheit: sæd kan ta opp framandt mRNA, konvertere det til DNA og sleppe det ut som små plasmidar (eller «pellets») rundt det befrukta egget. Desse plasmidane blir so tekne opp av embryoet, der det endar opp som del av sjølve cellene.

Med andre ord, kan ei «vaksinert» dame som blir gravid med eit embryo som via sædcellene sine plasmidar syntetiserer piggproteinet i tråd med instruksjonane i vaksinen, ha evna til å gå til åtak på embryoet på grunn av det «framande» proteinet som finst i cellene. Resultatet er ein abort.

Faktum er at det faktisk har blitt fødd levedyktige barn av «vaksinerte» gravide. Dette tydar derimot ikkje at desse injeksjonane ikkje har ein reproduktiv effekt, seier Lindsey. Elles påpeiker ho at injeksjonane har forårsaka menstruasjonsforstyrringar og blødning frå vagina blant tusenvis av «vaksinerte». Slike tilstandar påverkar definitivt reproduksjonsevna.

Lindsay skjønte at noko var gale i vitskapens verd, då ein plutseleg omdefinerte flokkimmunitet til å vere noko som berre kunne oppnåast gjennom vaksinering. Naturleg immunitet såg ut til å ha blitt fullstendig fjerna frå reknestykket. I tillegg forfalska New England Journal of Medicine ein studie om hydroksyklorokin. Plutseleg vart legemiddelet, saman med ivermectin, rekna som «utrygge», endå dei hadde blitt brukt med suksess i fleire tiår. Dette rima ikkje for Lindsay, som sjølv er toksikolog.

I 2006 kom det ut ein artikkel ved namn «Disease Mitigation Measures in the Control of Pandemic Influenza» [på norsk: Tiltak for å formilde sjukdom ved kontroll av pandemisk influensa]. Der står det svart på kvitt at verken munnbind eller nedstengingar fungerer.

Ein dramatisk og hittil usett auke i abortar, kombinert med urovekkjande dødsfall blant elles friske barn og ungdommar av hjartebetennelse, burde få alle alarmklokker til å ringje blant verdas legar, jordmødrer og sjukepleiarar. I det minste burde den ukritiske og uvørdne masse-«vaksineringa» bli sett på pause medan ein etterforskar desse hendingane. Det at ingen frå høgste hald reagerer, kan difor tyde på at det ligg ein annan agenda enn folkehelse bak.

Og det er ikkje minst ei blank løgn at uvaksinerte utgjer fleirtalet av sjukehusinnlagte.

Alle koronavirus-vaksinar dei siste tjue åra har mislykkast på grunn av det frykta fenomenet antistoff-avhengig forsterkning. Sprøytene mislykkast ikkje berre i å beskytte mot infeksjon, dei gjorde infeksjon enklare. I beste fall er Covid-sprøytene berre ei behandling, ein genterapi. Dei er langt frå vaksinar. Og ingen kjenner langtidsbiverknadene.

Lindsay, som mange andre kognitivt oppegåande vitskapsfolk, konkluderer at hjernevasken frå stat og media har vore so effektiv at folk kan sjå sine eigne foreldre eller sysken døy med nåla i armen, og likevel sjølv gå og få oppfriskningsdose dagen etter. Det har rett og slett blitt skapt ein barriere som gjer dei lukka for ny informasjon.

Som Mark Twain sa: «Det er langt enklare å narre nokon enn å overbevise dei om at dei har blitt narra».

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s