Feilinformasjonens avgrunn stirer tilbake på sine skaparar

Av Patrick Armstrong, Strategic Culture Foundation. Publisert 17.august 2020. Omsett av saksyndig.

«Den som kjempar mot monster burde forsikre seg om at han sjølv ikkje blir om til eit monster. Og dersom du stirer lenge nok ned i avgrunnen, vil avgrunnen òg stire tilbake på deg.» – Friedrich Nietzsche.

Her om dagen publiserte det amerikanske State Department rapporten «Pillars of Russia’s Disinformation and Propaganda Ecosystem». Rapporten burde ha følgjande ansvarsfråskriving:

Alt du leser i New York Times eller høyrer Rachel Maddow seie om Russland er sant: Putin er ein mordar, ein tjuv og ein kjeltring, han skaut ned MH17, forgifta Skripal-ane, fekk Trump innvalt, invaderte Georgia og stal Krim. Dersom du stiller spørsmålsteikn ved noko av dette, er du under kontrollen til det russiske feilinformasjons-hovudkvarteret.

Ytringsfridom gjev deg ikkje rett til å tvile på Sanninga.

Metodologien bak alt dette – dette er éin av fleire – er ukomplisert. Paul Robinson har kommentert avhengigheita av so mykje kommentering om Russland, og denne rapporten spesielt, om myten om sentral kontroll.

  1. Alt alle stader på russiske sosiale media, anten det gjev meining eller ikkje, vart lagt ut der av Putin personleg for å så splid og svekke oss. All sosial media og alle nettsider basert i Russland er 100% kontrollert av Putin.
  2. Sanninga om Russland er funne i Vestens offisielle utsegn og i «pålitelege kjeldemedia». Alle som stiller spørsmålsteikn ved det, handlar i Putins favør, som ønskjer å gjere ende på oss, og handlar difor som ein tenar for det russiske feilinformasjons-hovudkvarteret.

Argumentet er verkeleg so enkelt og kan bli funne i si mest vågale (og dummaste) utgåve på sida EU vs DiSiNFO, NATO sitt Centre of Excellence er temmeleg dårleg medan The Integrity Initiative ser ut til å ha blitt skjemd til stillheit. Legg merke til «disinfo», «excellence» [«eksellens»] og «integrity»-delane – det blir kalla gaslighting [«villeing», oms.an.]. Kven finansierer desse altruistiske sanningssøkjarane? EU, NATO og den britiske regjeringa. Men dei er gode og sannferdige, i motsetnad til desse utspekulerte russarane.

I denne spesifikke utgytinga ser dei på sju nettsider, der seks er registrerte i Russland og éi i Canada. Rapporten erklærer at dei er i eit økosystem styrt frå det russiske feilinformasjons-hovudkvarteret. I røynda er dei sider som publiserer skribentar som – for å ta eit døme – trur at det er litt uvanleg at ein dødeleg nerve-agent smurt på eit dørhandtak krev at taket på huset blir erstatta. Men tvil, desse dagar, er det utvendige teiknet på innvendig putinisme.

«Dørhandtak!»

«Ja, okay, men kvifor taket?»

«Putinbot!»

Ei av desse nettsidene nemnt i rapporten er den du les akkurat no – Strategic Culture Foundation.

Strategic Culture Foundation er styrt av eit anna russisk etterretningsbyrå, SVR, ifølgje to amerikanske tenestefolk.

Kan dette vere tenestefolka som fortalde New York Times om dusørane? Eller gav dei bileta som dei måtte trekkje tilbake få dagar seinare? Eller sa at kjeldene deira hadde «blitt mystisk stille»? Eller at alle 17 hadde fortalt det? Eller sa at det var truleg mikrobølgjevåpen? Eller gav oss fleire år med scoop om korleis Mueller var i ferd med å sperre han inne? Eller fortalde New York Times at Russlands «økonomi lid av flat vekst og krympande inntekt?» Truleg, men du skal liksom ikkje stille desse spørsmåla.

Rapporten har ein god del spekulasjon rundt kven som støttar Strategic Culture Foundation (side 15). Personleg bryr eg meg ikkje nemneverdig om kven som gjer det (og eg tviler særs på at Kreml forstår poenget med å drive ei meiningsnettside). Eg har vore i Soviet/Russland-businessen i lang tid, og kva eg meiner har ikkje endra seg mykje sidan 1986 eller noko sånt. Eg har skrive for ei rekkje sider som har svunne hen og eg vil ikkje tillate at det eg har skrive blir endra; den eine gongen det skjedde for tolv år sidan, byrja eg umiddelbart å utføre mine operasjonar andre stader. Strategic Culture Foundation har aldri endra noko eg har sendt inn til dei og berre to gonger kome med forslag til emne – dette og Putins bevæpna grashopper. (Og åtvaringa ligg framleis ute på det amerikanske statsdepartementet si nettside!). Dei andre skribentane på sida, som eg ikkje kjenner, har ikkje endra synet sitt heller. Strategic Culture Foundation har ikkje skapt noko som ikkje eksisterte tidlegare, det har samla noko som allereie eksisterte. Kva har vi skribentane til felles? Vel, kjære lesar, sjå rundt deg. Visseleg stiller vi spørsmålsteikn ved Sanninga. Eller kanskje SCF er ein stad der folk «oppstyrta av den hysteriske russofobien til hovudstraumsmedia og det Demokratiske parti sidan 2016-valet» kan finne noko anna? Eller kanskje er det del av Madisons «generelle samtale om synspunkt»?

Det var ein teori under Den kalde krigen at dei to sidene til slutt ville gå saman. Eg trur ofte at dei møttest og deretter haldt fram si ferd og passerte kvarandre. I dei dagar gjorde sovjetarane sitt beste for å stengje for det dei vurderte som – vågar eg å føreslå det? – feilinformasjon. Og so vart RFE/RL, Radio Canada og so vidare stengt ute. Vi, på vår side, brydde oss ikkje om kven som lytta til Radio Moskva eller las sovjetiske publikasjonar. I dag er det motsett. Dette faktum tramtvingar den lette slutninga at sida som er trygg på at det har betre samband med røyndommen og sanninga, kastar ikkje vekk krefter på å prøve å stengje ute den andre. I eit fascinerande essay skildrar Saker russisk propaganda for dess heimepublikum: «gje so mykje tid på lufta som mogleg til dei mest rabiate anti-Kreml-kritikarane, spesielt på russiske TV-talkshows.» Dei tok seg til og med bryet å dubbe Morgan Freeman sin absurde «we are at war»-video. Det er briljant – vi vil ikkje fortelje dykk at dei hatar dykk, vi vil la dei fortelje dykk at dei hatar dykk.

Rapporten snakkar som om dette «økosystemet» var stort og innflytelsesrikt. Men det er ei lita mus ved sida av ein kval. Det totale talet følgjarar på Twitter for alle sjuk nettsidene er 156 000 (side 65). Det er ingenting: New York Times har 47,1 millionar Twitter-følgjarar, BBC Breaking News 44,8 millionar. Washington Post 16,1. Sjølv Rachel Maddow har ti millionar følgjarar som er ivrige etter å høyre ho forklare korleis Russland har tenkt å skru av varmeomnen din neste vinter. So den rasjonelle observatør har eit val å ta etter å ha lese denne rapporten: anten overdriv rapporten til det latterlege inflytelsen til dette «økosystemet», eller so er 156 000 nettsidefølgjarar eksepsjonelt innflytelsesrike og eg, med mine artiklar i Strategic Culture Foundation, kontrollerer personleg fleire stemmer som har makt til å velje president i USA.

Den verkelege beskjeden til «Pillars of Russia’s Disinformation and Propaganda Ecosystem», til nokon som ikkje investerer i å spinne – øhm – teoriar om ein Kreml-kontrollert feilinformasjonskonspirasjon, er at «søylene» [engelsk pillars] er svake og «økosystemet» lite: Maddow åleine har tre gonger so mange følgjarar av desse sju pluss RT (tre millionar) som «alle 17» brukte nesten halve plassen sin til å irrelevant pjatte om. Eller kanskje seier den at amerikanske veljarar er so lett påverka at «Lilleputt-russarane, som bruker ein brøkdel samanlikna med Goliatane bak Clinton- og Trump-kampanjane, var den avgjerande faktor i 2016».

Ironisk dukka denne tingen opp samstundes som to som føreslår at Washington sitt syn på Moskva treng å arbeidast med: It’s Time to Rethink Our Russia Policy og The Problem With Putinology: We need a new kind of writing about Russia. Godt å sjå slike titlar, men dei tenkjer verkeleg ikkje annleis om noko: dei er framleis einige om at Putin er skuldig i alt Maddow påstår han er. Verkeleg om-tenking kan få ein fot innafor, til dømes, dersom folk hadde tenkt over kvifor det er imbesilt å seie at Moskva held militære øvingar nær NATOs grenser. Men du vil berre sjå den slags på Strategic Culture Foundation og dei andre.

Men no stirer avgrunnen tilbake.

Clinton taper eit val, skuldar på Russland, etterretningsbyråa kjem på banen, media skrik seg vekk. Amerikanarar blir fortalde at patriotiske amerikanarar ikkje tviler. Og no kjem vi til det neste trinnet av galskap. William Evanina, direktør i National Counterintelligence and Security Center, informerer oss at “Russland støttar Donald Trump, Kina støttar Joe Biden og Iran søkjer å så kaos i det amerikanske presidentvalet…» Eg reknar med at dette tydar at Russland og Kina vil utlikne kvarandre og at han fortel oss at Iran vil velje den neste presidenten. Kven skulle ha trudd at lagnaden til den «beste nasjonen i verda» (som presidentane Trump, Obama, Bush Jr, Clinton, Bush Sr og Reagan likar å kalle det) ville bli skjult under ein turban ein stad i Iran?

So, amerikanarar, vit dette: dykkar «pålitelege kjelder» fortel dykk å ikkje ta dykk bryet med å stemme i november – det er ikkje dykkar val.

Kommentar frå saksyndig: 14.desember 2021 vart forfattaren av denne artikkelen, kanadiske Patrick Armstrong, besøkt av ein agent frå CSIS, Canada sin sivile etterretningsorganisasjon. Agenten spurde Armstrong ut om Strategic Culture Foundation, ettersom den kanadiske og den amerikanske regjeringa ser ut til å tru at SCF er ein front for russisk etterretning. Artikkelen var ein av tekstane agenten spurde Armstrong om spesifikt, ettersom den artikkelen tilfeldigvis var ein av berre to som Armstrong hadde skrive på direkte førespurnad frå SCF. Armstrong har erfaring frå arbeid i ein kanadisk etterretningskomité som handla om Russland. Det ser ikkje ut til at nokon veit kven som står bak SCF, men Armstrong sjølv tviler på at det er den russiske regjeringa.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s