Når «skya» ligg nede for teljing

Tysdag 7.desember i 10-tida på føremiddagen var Amazon si «sky» nede på den amerikanske austkysten, noko som førde til at mellom anna kjøleskåp, robotstøvsugarar og dørklokker ikkje fungerte. Smarthusa var med andre ord ikkje særleg smarte lenger. Fleire kom seg til og med ikkje inn i sine eigne hus fordi appen på telefonen deira (som låste opp inngangsdøra) var nede. Andre fekk ikkje skrudd på julelysa sine. «Smart»-lyspærer stoppa å verke på stemmekommando. Nedetida fekk fleire av dei til å reflektere over bakdelen med å ha eit smarthus som ikkje berre er heilt avhengig av eit fungerande Internett, men òg avhengig av tenesta til eitt spesifikt selskap. Ni timar seinare hadde nettverksfeilen blitt retta. Og Amazon arbeider nok på spreng for å hindre at ein slik pinleg glepp skal skje igjen. Det er jo i selskapets aller største interesse at tenesta fungerer slik at folk faktisk ikkje blir sperra ute frå sine eigne hus.

Sjølv langvarige straumbrot hindrar deg ikkje i å kome deg inn i eit tradisjonelt «dum»-hus, og at nettverket ligg nede frå tid til anna, vil vere like uunngåeleg som at straumnettet gjer det same. Konsekvensane kan bli ganske so tragikomiske, til dømes at folk står fortvilte i gatene i øsregnet og gaular «open door!!» på innpust og utpust med bereposar i begge nevar, omringa av skrikande småungar.

At «skya» ligg nede er éin ting. Kva om andre ting skjer enn berre ubeleilig nedetid på grunn av nettverksfeil? Kva om nokon hackar seg inn i di private sky og byrjar å rote med alt du har liggjande der? Inngangsdøra til heimen din kan opne seg på vidt gap medan du er på jobb, slik at tjuvar kan gå rett inn og stele alt dei klarer å bere med seg. Nokon kan hacke seg inn i appen som kontrollerer kjøleskapstemperaturen, slik at all maten din blir djupfrosen (og all maten i frysaren smeltar). Den svindyre Teslaen din kan starte opp og køyre av garde på eiga hand til ventande biltjuvar. Eller endå verre: Nokon som verkeleg hatar deg kan starte opp bilen, få den til å køyre over nokon og deretter returnere bilen til eigedommen din, full i blod og hjernemasse. Når so politiet kjem på døra, er det dermed ikkje automatikk i at dei vil tru på deg når du påstår at «bilen berre starta opp og køyrde stad og drap pensjonistane som deltok i paraden nede i sentrum!».

Private e-postar med sensitive opplysningar kan bli sendt til absolutt feil personar. Til dømes lange tekstar du skriv som eigenterapi etter råd frå psykologen din. Dette har strengt teke vore mogleg i mange år allereie, ettersom PC-ar historisk sett har blitt hacka mykje meir enn til dømes din private heim eller svindyre Tesla. Enkelte avskum med nattsvarte intensjonar kan gjerne filme deg medan du gjer lite grann tvilsame ting på PC-en, og deretter prøve å utpresse deg. Kva blir då eigentleg «verst»? At nokon på andre sida av verda har videoar av deg medan du onanerer som ein villmann til halv-ulovleg hardporno, eller at sjefen din får ein haug med e-postar der du rettar knivskarp kritikk mot leiinga og at dottera til sjefen «tilfeldigvis» fekk ei godt betalt stilling ho kanskje ikkje var særleg kvalifisert for? Det heile vil nok eskalere episk om desse høgst private tekstane inneheld mistankar om incest, sataniske ofringsritual eller fantasiar om kannibalisme. Karrieremessig dommedag og skyhøge advokatrekningar er ikkje nødvendigvis einaste utfall. Er tekstane bra nok, kan dei til og med bli publisert (!).

At teknologien gjer kvantesprang til hittil usette høgder, gjev iallfall meg grunn til djup bekymring. Lagringskapasiteten aukar år for år, til dømes på mikrochips. I dag finst sokalla nano-teknologi. Nano er allereie latterleg lite; ein nanometer – eller ein milliarddels meter – er lengda ei fingernagl vekst på eitt sekund. Pico er endå mindre enn det igjen, ein billiondels meter. Ein billion er tusen milliardar. Med andre ord er ein picometer ein tusendel av ein nanometer (akkurat som ein meter er ein tusendel av ein kilometer), og lagringskapasiteten vil difor vere tusen gonger meir (eller ein pico-mikrochip kan vere ein tusendel av storleiken til ein nano-mikrochip og ha same lagringskapasitet). Femto, igjen, er ein billiarddels meter – igjen ei tusendobling av kapasiteten (eller tilsvarande minke i storleiken). Ein mikrochip i femtostorleik vil i teorien kunne byggjast inn i alt, frå briller og klede til sjølve menneskekroppen. Dei kan lett passe inn i celler, inkludert nerveceller og hjerneceller. Datakrafta vil vere hinsides menneskeleg fatteevne. Dei vil kunne lett integrerast med synsnerven og høyrselsnerven og danne ein sokalla «utvida røyndom».

I denne utvida røyndomen har du ei bitte-bitte-lita datamaskin inni hjernen din, som kontrollerer det du ser, høyrer, føler og til og med tenkjer. Alle tankane og sanseinntrykka dine vil live-streame til «skya», der ein fyr i E-tenesta garantert sit og overvakar deg. Ser eller høyrer du noko den offisielle forteljinga ikkje vil du skal sjå eller høyre, kan du bli straffa til dømes med eit kunstig framkalla epilepsianfall. Sameleis om du tenkjer «forbodne» tankar, slik som at du bestemmer over din eigen kropp, at det berre finst to kjønn, at du ikkje kan stole på staten, eller at ukritisk masseinnvandring ikkje nødvendigvis alltid fører gode ting med seg. Motsett, dersom du ser, høyrer og tenkjer det dei vil du skal, vil dei kanskje belønne deg med ein aldri so liten orgasme når du har fylt «kvoten din», og når du har teke nok ein «oppfriskningsdose». Mange villfarne ungdommar vil då enkelt kunne lokkast over i det rette spor.

Eg vil ikkje ein gong tenkje på kva som vil skje om dette nettet plutseleg ligg nede i fleire timar ein dag…

Som med all datateknologi, kan òg denne hackast. Kva om nokon gjennomròtne sjeler med diabolske intensjonar ein dag hackar hjernen din og til dømes skrur av synet ditt, med mindre du overfører halve formuen din i kryptopengar til kontoen deira? Eller endå verre, kva om dei gjer det same med barna dine? Moglegheitene er like mange som dei er infernalske, og dei fleste vil nok heller velje personleg konkurs enn livslang uførheit.

Nokon som av særs gode grunnar avskyr deg, kan til dømes more seg djupt med å gje deg orgasme etter orgasme medan du er på leiarmøte i byrådsavdelinga med etatsdirektøren, kommunaldirektøren og fleire andre prominente personar i kommunen. Då tek nok moroa berre slutt viss «skya» tilfeldigvis skulle liggje nede for teljing. Med tanke på at Big Brother har stor eigeninteresse i å hindre slike gleppar, vil nok den oppskjørta panikkdansen framfor den kommunale eliten bli ein intens og langdryg affære – like ut i æva, og iallfall ut i arbeidsløyse og armod.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s