Nynormal-fascistens år

Av CJ Hopkins, Consent Factory. Omsett av saksyndig. Biletet er henta frå originalartikkelen.

Og so, i det 2021 marsjerer i takt mot den fanatiske slutten, er det på tide for mi tradisjonelle oppsummering av året. Det er «Oksens år» i den kinesiske almanakken, men eg døyper det om til «Nynormal-fascistens år».

Og for eit fenomenalt fascistisk år det har vore!

Eg snakkar ikkje om amatørfascisme. Eg snakkar om profesjonell klasse A-faschisme. Fascisme heilaggjort av regjering og konsern. Storøygd, frodande, hat-rusa fascisme. Eg snakkar om mobbar av nynormal-fascistar som skrik hat og trugslar mot «dei Uvaksinerte» i det dei blir dregne vekk frå «Berre Vaksinerte»-tog, målar Nazi-æra beskjedar på vindauga til butikkane deira, statsleiarar oppviglar til massehat, TV-kommentatorar som bokstavleg tala siterer sadistiske nazi-SS-legar, venstreorienterte som går i full fascist-harnisk på Facebook, konsentrasjonsleirar, Goebbels-aktig propaganda, sensur av dissens… heile bøtteballetten.

Her i Europa er ting spesielt fascistiske. Eitt etter eitt rullar nynormal-land ut sosialsegregasjonssystem, beordrar «nedstengingar» for «dei Uvaksinerte» og forfølgjer elles dei som nektar å innordne seg den offisielle nynormal-ideologien. Austerrike har gjort «vaksineringar» obligatoriske. Tyskland er i ferd med å gjere det same. «Covid-pass» har blitt godkjent i Storbritannia. Hellas bøteleggjer «Uvaksinerte» pensjonistar ved å redusere kor mykje dei får i pensjon. Svenskar «chippar» seg sjølve. Og so vidare.

I nynormale Tyskland er «dei Uvaksinerte» under de facto husarrest. Vi er utestengt frå samfunnet. Vi har forbod mot å reise. Vi har ikkje lov å protestere. Det vi skriv blir sensurert. Vi blir demonisert og umenneskeleggjort av den nynormale regjeringa, staten og konsern-media og dei nynormale massane dagleg. Nynormale bøllegjengar herjar i gatene, trakasserer pensjonistar, raidar barbersalongar, sjekkar «papir», måler sosial avstand bokstavleg tala, som med målestokkar. Gestapo arresterte til og med Julenissen for å ikkje gå med munnbind på ein julemarknad. På skulane audmjukar nynormale lærarfascistar barna ved å tvinge dei til å stå framfor heile klassen og rettferdiggjere sin eigen status som «Uvaksinert», medan dei «Vaksinerte» ungane og foreldra deira blir applauderte, som om dei var den nynormale versjonen av Hitlerjugend. Då nynormale Tysklands nye kanslar, Olaf Scholz, annonserte at «for mi regjering er det ingen fleire raude linjer når det gjeld kva som må gjerast,» spøkte han tydelegvis ikkje. Det er berre eit spørsmål om tid før han beordrar den nynormale propaganda-ministeren Karl Lauterbach til å lage hans store Sportpalass-tale, der han vil spørje dei Nynormale om dei ønskjer «total krig»… og eg trur du kjenner resten av denne historia.

Men dette er ikkje berre ei historie om nynormale Tyskland, eller nynormale Europa, eller nynormale Australia. Og det er ikkje berre ei historie om massehysteri, eller ein «overreaksjon» på eit koronavirus. Den «nye normalen» er ein global GloboCap-produksjon, ein multi-billion-dollar samproduksjon, som har vore i utvikling ganske lenge, og som i år har gått nøyaktig etter manus.

Med tanke på all dramaet som har skjedd dei siste tolv månader, er det lett å gløyme at året starta med okkupasjonen av Washington DC av tusenvis av amerikanske (altso GloboCap)-styrkar i kjølvatnet av «Terrorist-åtaket på Kongressbygningen» (òg kjent som «6.januar-opprøret» eller «statskuppforsøket» eller liknande nonsens) utført av nokre hundre fullstendig ubevæpna Donald Trump-tilhengjarar, som visstnok hadde som mål å «styrte regjeringa» og «øydeleggje demokratiet» med… vel, berre nevane.

Dette var den lenge venta «tilbakevendinga til normalen»-førestellinga som hadde vore i kjømda dei siste fire åra, den offentlege audmjukinga av Den illegitime presidenten (og «populistane» som fekk han inn i embetet) og GloboCap-demonstrasjonen av makt som følgde. Her er korleis eg skildra det tilbake i januar:

«Med andre ord lærer GloboCap oss ei lekse. Eg veit ikkje kor mykje klarare dei kan gjere det. Dei sette nettopp inn ein marionett-president, som ikkje eingong kan late som han er mentalt oppegåande, under ein nedstengt, militærvakta seremoni som ingen fekk vere til stade på, bortsett frå nokre få medlemmer av herskarklassane. Dei fekk ein eller annan dårleg kopi av Albert Speer til å forvandle The Mall (der folket vanlegvis samlast) til eit ‘jorde av flagg’ som symboliserer ‘einskap’. Dei gjorde til og med den nazistiske Lichtdom-greia. For å hamre poenget fullstendig inn, fekk dei Lady Gaga til å kle seg ut som ein rollefigur frå Hunger Games med ein ‘Mockingjay’-brosje [eit symbol frå Hunger Games, oms.an.] og synge nasjonalsongen. Dei kringkasta denne førestillinga til heile verda.»

Som eg trur er openbert for dei fleste no, var «tilbakevendinga til normalen» ei «tilbakevending til den nye normalen», som det global-kapitalistiske herskaretablissementet allereie var i ferd med å påtvinge heile verda. Meldinga kunne ikkje ha vore klarare. Som Arnold Schwarzenegger konsist uttrykte det, er meldinga «til helvete med fridommen din». Meldinga er, hald kjeft og følg den jævla flokken. Meldinga er, vis meg dei jævla papira dine. Bruk dei jævla pronomena. Et dei jævla insekta. Ta dei jævla «vaksinane». Spør oss for faen ikkje «kor mange». Svaret er «so mange som vi ber deg, for helvete».

Meldinga er, det vil ikkje vere fleire illegitime presidentar, ikkje meir exit frå EU, ikkje meir «populist»-opprør mot det globale hegemoniet av global-kapitalisme og deira sjel-knusande, verdilause «woke»-ideologi. GloboCap er ferdige med å kødde seg. Dei annonserte dette tilbake i mars 2020. Dei informerte oss på i utvitydige ordelag at liva våre var i ferd med å endre seg, for alltid. Dei marknadsførde dette som «Den nye normalen», i tilfelle vi var… du veit, kognitivt utfordra. Dei gøymde det ikkje. Dei ville få oss til å forstå nøyaktig kva som venta oss, ei global-kapitalistisk utgåve av totalitarianisme, der vi alle vil vere lykkelege små fascist-«konsumentar» som viser kvarandre våre «lydigheits-sertifikat» for å få lov til å leve liva våre.

Eg treng ikkje å gjennomgå heile året i detalj. Du hugsar høgdepunkta… utrullinga av dei «trygge og effektive» mirakel-«vaksinane» som ikkje hindrar deg i å få eller spreie viruset, og som har drepe og skadd tusenvis, men som du no må ta kvar tredje eller fjerde månad for å få lov til å arbeide eller besøkje ein restaurant; utrullinga av det globale sosial-segregerings-/digital lydigheits-sertifikatssystemet som ikkje gjev den minste medisinske meining, men som «vaksinane» var designa for å tvinge oss inn i; Kriminaliseringa av dissens; Marknadsføringa av «Røyndom»; Propagandakrigen; Covidianisme-sekta; lanseringa av Den store nynormal-utreinskinga; heile pakken til patologisert totalitarianisme.

Eg vil gjerne slutte med litt optimisme, for, kjære folk, denne fascist-greia er deprimerande. So eg vil berre nemne at, som du allereie har merka deg, fleire og fleire «vaknar opp» no, finn igjen motet og tek endeleg til motmæle mot «vaksine»-tvang, og «vaksinepass» og sosial segregering, og resten av dette fascistiske nynormal-programmet. Eg kjem til å oppmuntre denne «oppvakninga» høglytt. Eg håper at dei – og de veit kven de er – som har rapportert fakta og stått i mot Den nye normalen, og har blitt latterleggjort, demonisert, villeia, sensurert, baksnakka, truga og på andre måtar misbrukt dagleg i 21 månader, medan våre meir «framtredande» kollegaer – og de veit kven de er – sat i stillheit, eller tok del i Hatfesten, vil slutte seg til meg og applaudere og ønskje velkomen desse «framtredande» kollegaene til kampen… endeleg.

Åh, og dersom du er ein av desse «framtredande» kollegaene og fyrst no byrja å slå deg på brystet og seie i frå som om du nettopp gjenoppdaga gravande journalistikk og no leiar kampen mot Den nye normalen for YouTube-sjåarane eller Substack-lesarane dine, ver vennleg å forstå om vi blir litt gretne. Eg snakkar for meg sjølv når eg seier at, ja, det har vore litt stressande å gjere jobben din og ta i mot skit for deg her i skyttargravene dei siste 21 månadene. For ikkje å snakke om korleis det har nærast drepe komedien min… og eg skal liksom vere ein politisk satirikar.

Men her held eg på og blir «sint» igjen… same det. Som legen sa, «kjøp billetten, ta turen». Og det er årstida for glede, kjærleik og tilgjeving, og offentleg krossfesting av dissidentar, og paranoia, og massehysteri, og forfølging av «Uvaksinerte» slektningar, og, OK, eg trur eg har fått ein for mykje. God høgtid til ein og alle, bortsett frå, naturlegvis, dei nynormale fascistane, spesielt dei som torturerer barna. Tilgje meg, Gud, men eg håper dei blir kvelte, for helvete.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s