Pro-vaksine-fanatisme er ein smittsam sjukdom i seg sjølv

Splitt og hersk som strategi har aldri vore meir veldokumentert enn i denne mørke vinteren. Ein har delt opp samfunnet i to leirar, der borgarar blir egga til å hate kvarandre til det punktet at dei ønskjer død og dommedag over kvarandre. Dei Covid-«vaksinerte» har blitt hjernevaska og lært opp til å hate dei «uvaksinerte», og skulde på oss for alt saman, og framfor alt ønskje oss utestengt og beint fram myrda. Det er grunnen til at pro-vaksine-fanatisme er ein smittsam sjukdom i seg sjølv, fordi den spreier seg nett som ein ekte pandemi. Det er meininga til S.D. Wells i Natural News, og tilfeldigvis òg den til saksyndig og mange andre viktige stemmer i det alternative, uavhengige media.

Er piggproteinet i Covid-sprøytene ein sjuk plan for å gjere folk sjuke? Mykje kan tyde på det, når ein ser det veksande talet på dødsfall og alvorlege biverknader i rapportsystem som til dømes VAERS – i tillegg til det overveldande talet historier om folk som anten har blitt sjuke sjølv, eller kjenner nokon som har blitt sjuke eller døydd av mRNA-injeksjonane. På den andre sida av denne uforsonlege, uløyselege skyttargravskrigen, finn ein dei Wells kallar «vaksine-avhengige». Dei som har blitt so hjernevaska og fordumma at dei vil ha meir Covid-«vaksinar» og meir oppfriskningsdosar so fort som mogleg – helst i går. Utan desse dødbringande sprøytene føler dei seg nakne og eksponert for smittsame sjukdommar, og har for lengst gløymt kor effektivt det naturlege immunforsvaret er. Langt mindre skjøner dei at Covid-sprøytene på ingen måte er vaksinar. Dei gjev liten – om nokon – immunitet, mistar raskt verknaden (om dei då verkar i det heile) og «tettar igjen heile det vaskulære systemet med milliardar av mikroskopiske pigg-prionar som imiterer dødelege virus».

Ein kan faktisk gå so langt som å snakke om at fleire og fleire utviklar vaksineabstinens. I denne tydinga blir det av Wells brukt som det at dei som ikkje har fått sitt «skot» med Covid-19 dei siste fire til seks månadene, har null immunitet mot Covid eller variantane av det. Nokre har til og med negativ immunitet, altso at dei har større risiko for å få Covid og døy av det på grunn av piggprotein-injeksjonane:

«Antistoff-avhengig forsterkning [ADE; Antibody-dependent Enhancement] er eit syndrom som kjem av vaksinar som framprovoserer reaksjonar frå antistoff som binder seg til patogen, men desse patogena blir ikkje skikkeleg fjerna. I staden kan viruset bli motstandsdyktig, kome seg lenger inn i kroppen og spreie seg.»

Døme på ADE såg ein i 2016, då ein på Filippinane iverksette vaksinering mot Dengue-virus. Ikkje berre mislykkast vaksinane i å nøytralisere det naturlege viruset, dei forverra infeksjon av Dengue blant dei vaksinerte og gjorde sjukdommen meir dødeleg. Dette er òg tilfellet med Covid-sprøytene.

Vaksinerte er no avhengige av «vaksinane», akkurat som sprøytenarkomane er avhengige av til dømes heroin. Dei treng sprøytene for kunstig stimulering av eit øydelagt immunforsvar, og for å unngå ADE. Vitskapen har for lengst bevist at farane til mRNA-injeksjonane er langt større enn nytten – om nytten finst i det heile.

Å påstå på innpust og utpust at Covid-sprøytene er «trygge og effektive» er med andre ord å spreie farleg feilinformasjon som kan forårsake død og livsvarige mein blant milliardar av menneske over heile verda. Og å gjennom psykologisk krigføring tvinge folk til å late seg injisere, og å via hjernevask skape eit kollektivt hat mot dei som er smarte nok til å takke nei, spreier ein bekymringsverdige haldningar som er langt farlegare enn eit virus.

Og kva er eigentleg skilnaden på ein hjernevaska, fanatisk Covidianar og til dømes ein islamistisk sjølvmordsbombar eller ein høgreekstrem terrorist frå Oslos beste vestkant? Og kva igjen skil desse frå nazistane og deira uhyrlege handlingar på 1930- og 40-talet? Dei psykologiske mekanismane som ligg bak, er til sjuande og sist identiske. Og sameleis er dei mordariske, umenneskelege haldningane og synspunkta til alle desse.

Ver på vakt mot å hamne på feil side av historia, for når oppgjeret ein dag blir sett i gang, vil du ikkje kunne orsake deg med at du berre følgde ordre – eller berre følgde flokken, sidan det var det enklaste. I dette tilfellet er det enkle ikkje det beste. Tenk sjølv, og tenk framfor alt på kva slags haldningar den offisielle forteljinga lurer deg til å utvikle.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s