Av Steve Watson, Summit.news, 29.juni 2022. Omsett av saksyndig.
I kjølvatnet av den relativt lette dommen som Ghislaine Maxwell har fått for menneskehandel av mindreårige jenter for Jeffrey Epstein, har påtalestyresmakter som representerer offera sagt at det «neste målet» burde vere den britiske kongelege prins Andrew.
Advokatane som opptrer på vegner av dei som påstår seksuelt misbruk, sette fram som krav at FBI held fram med å etterforske Epstein-saken og ser nøyare på prins Andrew og andre individ som er blitt anklaga av offera.
«Lat oss håpe at dei er det neste målet,» sa advokat Brad Edwards til reporterar.
Edwards representerte Virginia Roberts Giuffre, som inngjekk forlik utanfor domstolen i eit sivilt søksmål rundt seksuelt misbruk mot Andrew, hertugen av York.
Advokat Spencer Kuvin, som representerer fleire andre påståtte offer av Epstein og Maxwell, la til, «Tydelegvis er Andrew eit av måla dei vil sjå nøyare på. Han burde definitivt bekymre seg, men dersom han ikkje gjorde noko gale, burde han stå fram og fortelje heile historia til FBI, ikkje til media.»
Los Angeles-advokat Lisa Bloom, som representerer fleire andre påståtte offer sa, «Vi ber FBI om å fullt undersøkje prins Andrew. Virginia Guiffre sin sivile sak burde berre vere byrjinga. Alle assosiert med Epstein og Maxwell burde bli nøye etterforska.»
Bloom fortalde tidlegare reporterar at prins Andrew burde «skjelve i buksene».
Som tidlegare rapportert, har det britiske folket uttrykt bekymring for at pengane som Andrew skal betale til Virginia Roberts Giuffre, som mest sannsynleg vil vere på fleire millionar, vil kome frå skattebetalarane.
Summen som Andrew skal betale Giuffre, og ei veldedigheit for offer som ho vel, har ikkje blitt avdekt, men det er estimert å vere i overkant av 12 millionar pund [om lag 143 863 000 norske kroner; oms.an.], og det vil ikkje eingong inkludere advokatutgifter.
Medan han ikkje innrømmer noka skuld i saken, sa ein kommentar som vart opplesen i retten at «prins Andrew har aldri hatt som intensjon å sverte frøken Giuffre sitt gode namn og rykte, og han aksepterer at ho har lidd både som eit etablert offer for misbruk, og som eit resultat av urettferdige offentlege åtak.»
Forliket kom berre nokre dagar før Andrew hadde vore nøydd til å vitne i retten, og bli avhøyrt under eid av Giuffre sine advokatar, rapporterte New York Times.
Ingen andre individ enn Maxwell og Epstein har enno blitt nemne i retten i løpet av heile saken.
Maxwell vil sannsynlegvis sone dommen ved Federal Correctional Institution i Danbury i delstaten Connecticut, eit lågtryggleiksfengsel med 1000 innsette rundt 55 miles [om lag 88,5 kilometer; oms.an.] frå New York by. Fengselet er sagt å vere som Disneyland samanlikna med staden Maxwell har residert dei siste to åra.