Er homoterroren i Oslo ein djupstatsoperasjon?

Dei døde etter Oslo-terroren har knapt nok hamna i jorda før Nyhetsspeilet klinkar til med sine alternative teoriar om hendinga. I ein artikkel publisert 28.juni, tre dagar etter den ekstreme islamistiske terrorhandlinga i hjartet av hovudstaden 25.juni, antydar artikkelforfattaren at massakren er ein falsk flagg-operasjon utført mot muslimane. Det at gjerningsmannen Zaniar Matapour er frå Iran, meiner forfattaren ikkje er tilfeldig, men at «Iran var den mest brysomme i NWOs gutteklasse». NWO står for «New World Order». Han stiller i tillegg spørsmålet om kontrakten til forsvarar John Christian Elden allereie var underskriven før skytinga fann stad (og at terroren dermed var planlagt på førehand). Han avrundar med å spørje om gjerningsmannen «ble plukket ut og instruert av en tilårskommen herremann ved navn Stang i samarbeid med vold- og våpenspesialist Sjøvold». For å setje prikken over i-en knyter forfattaren det heile til demonar og den bibelske forbanninga frå Kanaan.

Eksistensen av djupstaten blir sporadisk forsøkt dokumentert. Fenomenet blir helst brukt om land den offisielle forteljinga oppfattar som udemokratiske. Medan dei der anerkjenner at der finst ei «skuggeregjering» som trekkjer i trådane, avfeiar dei alle påstandar om eksistensen av «djupstat» i land som USA og Noreg – dei kallar det «konspirasjonsteoriar» fordi dei ikkje vil at folk skal undersøkje nærare kva som eigentleg skjer. Nyhetsspeilet er ikkje redde for å få stempel som «konspirasjonsteoretikarar», sjølv ikkje når dei dukkar ned i tema som allereie før plandemien ikkje var fullstendig stovereine. Den same forfattaren som skreiv nemnde artikkel om Oslo-terroren, publiserte 20.desember 2021 ein utførleg artikkel om den norske djupstaten, der han trekkjer fram konkrete namn på påståtte djupstatsaktørar.

Artikkelforfattaren spår forsiktig eit åtak mot ein moské med mange døde som resultat, «utført av en med et rotnorsk navn». So nyleg som midten av juni meinte PST at trugselen frå høgreekstreme var større enn trugselen frå islamistar. Var dette ein episk skivebom frå tryggleikstenesta, eller ligg det noko meir vondsinna, djupstatsaktig bak? Skulle alle vende merksemda si mot nordmenn med «rotnorske namn» medan islamistane i det stille fekk halde på med førebuing til terrorhandlingar på norsk jord? Eg legg til at dette ikkje er kva eg personleg trur – eg vidarefører tankegangen frå Nyhetsspeilet-artikkelen. Eg leikar litt Djevelens advokat, kan ein seie.

Det truleg få hugsar frå 22.juli-terroren, var at før gjerningsmannen sin identitet vart offentleggjort, prøvde enkelte frå det islamistiske miljøet å ta på seg ansvar og skuld for tragedien. Framleis eksisterer det mange ubesvarte spørsmål kring denne største og dødelegaste massakren sidan Andre verdskrig. For dei som er interesserte, har Nyhetsspeilet mange artiklar der dei kjem med sine alternative forklaringar på 22.juli-terroren. Den mest søkte av dei alle, er den at Anders Behring Breivik visstnok skulle ha teke på seg skulda i byte mot 55 millionar kroner, og at den norske djupstaten arrangerte hendinga som ein falsk-flagg-operasjon for å skape politisk ustabilitet i landet. Er det same tilfellet no, når dei heilagaste av alle kyr – dei ikkje-heterofile, «bokstavgjengen» – har blitt plaffa ned i sommarnatta av ein straffedømt, uføretrygda norsk-iranar med psykiske problem?

Ockhams barberkniv seier at blant to moglege hypotesar som stiller likt, er den enklaste løysinga som regel den riktige. I eit innlegg publisert på TV2 sine nettsider 29.juni 2022, seier Frp-leiar Sylvi Listhaug det eg sjølv – og mange andre – tenkjer: Det har sjølvsagt med religion å gjere, og vi veit alle kor hatet kjem frå. Matapour ropte «Allahu Akbar» og «Gud er stor» medan han skaut vilt rundt seg. I forkant hadde han hatt kontakt med den berykta islamisten Arfan Bhatti. Listhaug skriv:

«Det ser ut til at en person som kom til vårt frie, rause, inkluderende og åpne samfunn i ung alder, heller enn å omfavne våre frihetsverdier har omfavnet den ekstreme islamismen.»

Som takk til eit samfunn som gav han uføretrygd, mat og tak over hovudet, valde Matapour å handle i det vondes teneste og drepe det han oppfatta som «vantru». Ho skriv vidare:

«Terrorhandlinger fra dette tankegodset har tatt tusenvis av uskyldige liv verden over. Ofrene er ikke bare i vestlige land, svært mange uskyldige muslimer i muslimske land har måttet bøte med livet.»

Listhaug etterlyser eit oppgjer med miljøet der slikt eit bestialsk, demonisk hat blir skapt (mine ord, ikkje hennar). Ho forventa at det ville kome reaksjonar frå offentlegheita i kjølvatnet av tragedien som kosta to menneske livet. Reaksjonane kom ikkje mot dei som faktisk er skuld i hatet:

«De [reaksjonene] kom ikke mot hatpredikanter som snakker om steining av homofile, miljøer som snakker om dødsstraff for homofile, folk som legger ut bilder av brennende Pride-flagg og islamister som oppfordrer til vold og legger ut koran-vers med fiendtlig budskap.

Neida, de kraftige reaksjonene kom mot moderate stemmer som har deltatt i samfunnsdebatten med rolig stemme og ment noe om Pride, om undervisningen i skolen eller foreldrenes rett til å bestemme om barna skal delta på Pride.»

Stortingsrepresentant Masud Gharahkhani (Ap) gjekk ut og sa at åtaket ikkje hadde noko med religion å gjere. Listhaug:

«Virkelig? Har det absolutt ingen ting med religion å gjøre at en islamist roper ‘Allahu Akbar’ mens han skyter og dreper?

Selvsagt har det med religion å gjøre. Det betyr ikke at muslimer flest på noe som helst måte deler gjerningsmannens syn, men holdningene kommer fra et sted og det er nesten umulig å finne noe annet fornuftig sted å lete enn i religionen.»

Ho legg deretter til at det er mogleg at gjerningsmannen var alvorleg psykisk sjuk, men om det ikkje hadde hatt noko med religion å gjere, hadde politiet heller ikkje hatt grunnlag for å frykte eit stort islamistisk miljø som dei ikkje har kontroll på. Å høyre frå sjølvaste Onkel Politi at dei ikkje har kontroll kan ikkje skildrast som anna enn skremmande og tragikomisk. Her har nok ressursar blitt brukt på feil område. Dei har vel vore for opptekne av å bøteleggje folk for «hattale», eller kalle inn damer til avhøyr som har uttala at menn ikkje kan vere lesber.

Statsminister Jonas Gahr Støre sa under pressekonferansen etter Oslo-terroren at alle som delte religion med gjerningsmannen er utsett. Nemnde han dei ikkje-heterofile? Dei som ser ut til å vere sjølve målet for terrorhandlinga? Pride er ein del av ytringsfridommen og religionsfridommen – om markeringane deira går føre seg på sømelege og lovlege måtar, riktig nok. Det at enkelte transpersonar politianmelder andre som nyttar seg av same ytringsfridom, er naturlegvis kritikkverdig. Gjeld ytringsfridommen for Pride-aktivistar, gjeld den òg for dei som er ideologiske motstandarar av Pride. Mange aspekt innan Pride-rørsla har sklidd over i det absurde. Det finst vitterleg berre to kjønn – det er eit biologisk faktum. Og kjønnsskifteoperasjonar burde ikkje tilbydast som einaste løysing på ei mellombels identitetskrise. Og det komande forbodet mot konversjonsterapi? Der finst faktisk menneske som ikkje ønskjer å vere homofile, eller folk som har legningar som ikkje er akseptable. Om ein motviljug homofil blir nekta konversjonsterapi, kan då det same skje med ein pedofil som ønskjer å få slutt på si usunne trå etter barn? Om tilbodet om konversjonsterapi forsvinn, har slike reelt sett berre to val: Kjemisk kastrering eller sjølvmord.

(Det tredje valet, som ingen torer å vedkjenne seg, er å gje etter for lystene sine. Dette vil få tragiske konsekvensar dersom lystene er forbodne og universelt fordømte.)

Som Listhaug avslutningsvis skriv:

«Muslimers holdninger til homofile er godt dokumentert, og selv om de fleste med negative holdninger aldri kunne funnet på å bli voldelige, så må vi for alvor begynne å forlange at mennesker som helt frivillig bosetter seg i Norge, respekterer våre frihetsverdier.

Vi kan og skal ikke tvinge alle til å like Pride. Det er en menneskerett, en del av ytringsfriheten og religionsfriheten å ha andre meninger.

Saklige debatter om Pride vil aldri motivere folk til å drepe, debatt er sunt og helt grunnleggende i et demokrati.»

Ord, ikkje politianmeldingar og skytevåpen, må danne grunnlaget for korleis vi skal løyse polariseringa, radikaliseringa og den nærast ukontrollerbare lysta til å utslette motstandaren. I Oslo-terroren sitt tilfelle er det kolliderande ideologiar som ligg bak, ikkje skumle aktørar frå den norske djupstaten.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s