Den gravide lærlingen som vart mobba vekk frå arbeidsplassen

Her kjem ei anekdote frå den aude sjukeheimen som eg for tida jobbar på. Opplysningane er anonymisert for å hindre lekkasje av sensitiv informasjon, og ikkje minst for å hindre at eg blir eksponert som informant på innsida av det norske helsevesenet. Eg føler òg at denne historia bør kome ut, i og med at den er med på å formidle kva som skjer rundt om på diverse arbeidsplassar når det gjeld utfrysing av kollegaer som ikkje dansar etter pipa til den «inste kjernen» i personalgruppa. Konspirasjonar i personalgruppa er diverre særs vanleg i norsk arbeidsliv, og det kan råke kvar og ein, uavhengig av eiga dyktigheit i yrket, og iallfall uavhengig av om det som blir formidla om vedkomande er reelt eller ikkje. Lesaren blir oppfordra til å trekkje sine eigne konklusjonar.

På vårparten 2022 byrja ei ung dame som eg her kallar «Veronica» i praksis på sjukeheimen. Ho var gravid, og hadde difor i samråd med kontaktlærar og arbeidsplassen fått fritak frå det tyngste arbeidet i avdelinga. Gjeldande avdeling hadde på den tida mange pleiepasientar, der somme var sengeliggjande og særs vanskelege å mobilisere i stellsituasjonar. So mange som tre personale måtte til for å flytte på vedkomande, og vanlegvis kan ein erfaren pleiar stelle ein pleiepasient åleine (noko eg sjølv ofte har gjort og framleis gjer).

Alle helsefaglærlingar har krav på ein rettleiar når dei skal ut i praksis på helseføretaka. I dette tilfellet fekk Veronica ein tilårskomen helsefagarbeidar med alvorleg sjukdom og konsentrasjonsvanskar. Vedkomande, her kalla «Alberta», hadde på grunn av sine helsemessige utfordringar, fått fritak frå å dele ut medisin, noko som stundom skapte utfordringar under medisinutdeling. Då måtte det kome personale med medisindelegering frå andre avdelingar. Mange – inkludert meg sjølv – oppfatta dette som problematisk. Kunne ein helsefagarbeidar berre bestemme seg for å nekte å dele ut medisinar? Lova og rådande praksis ser diverre ut til å opne opp for det. Men å vere rettleiar for ein helsefaglærling hadde Alberta tydelegvis ingen vanskar med.

Alberta hadde tidlegare vore rettleiar for ein annan helsefaglærling, og ho hadde etter både eiga utsegn og vitnesbyrd frå kollegaene blitt køyrt temmeleg hardt av Alberta. Ho vart jamfør mine eigne observasjonar piska rundt som ein træl, og fekk kjeft so fort ho sette seg ned for å ta ein pust i bakken. Den stakkars jenta låg som regel som eit slakt på sofaen i kantina etter kvar vakt.

Alberta hadde i tillegg vore rettleiar for andre lærlingar før det igjen. Frå min ståstad kunne det sjå ut som om ho hadde eit slags «monopol» på å vere rettleiar. Eg tok dette opp med ein sjukepleiarkollega, som òg er hovudtillitsvalt (HTV) for Norsk sjukepleiarforbund (NSF). HTV var misfornøgd med «opplæringa» som Alberta hadde gjeve tidlegare lærlingar, som alle var unge, nokso redde jenter. Dei kunne ikkje utføre elementære oppgåver som til dømes å måle puls, blodtrykk, O2-metning, blodsukker og liknande. Ved fleire høve, når ein lærling hadde spurt Alberta om å lære ho opp i dette, hadde Alberta svart surt tilbake «Det kan sjukepleiaren gjere!». Det er mitt inntrykk at HTV hadde prøvd å ta dette opp med leiinga, men at leiinga hadde valt å ikkje høyre på ho. Alberta var framleis alltid den som var rettleiar for lærlingane.

Gravide Veronica skulle med rett gå so mange vakter som mogleg saman med Alberta, slik den førre lærlingen hadde gjort. Alberta var derimot ofte sjukemeldt på grunn av helsa, og Veronica stod difor igjen utan ein reell rettleiar. Andre måtte difor overta den rolla. Ettersom eg ein periode jobba mykje på den tunge avdelinga – kanskje fordi eg var mann og fysisk sterkare enn damene som jobba der – var det eg som jobba mest med Veronica. At ho ikkje kunne hjelpe til i dei tunge stella var ikkje eit problem so lenge vi var tre personale i avdelinga – Veronica som lærling gjekk «på topp», altso at ein ikkje skulle rekne ho med i grunnbemanninga.

På grunn av sjukdom i personalgruppa (som det har vore særs mykje av no i 2022), gjekk Veronica plutseleg som del av grunnbemanninga. På kveldsvakter fann ho seg sjølv saman med vilt framande kollegaer, som regel utlendingar. På grunn av dårlege norskkunnskapar kan dei ha misforstått Veronica sitt fritak frå dei tyngste stella. Ein av dei, ein muslimsk mann som nettopp hadde byrja som ringjevikar på sjukeheimen, tolka det som om Veronica ikkje kunne gjere noko arbeid i avdelinga. For å vere gentleman hadde han difor gjort alt arbeidet sjølv, medan Veronica vart kommandert til å «sitje og sjå fin ut» på ein stol – dette var hennar eigne ord om opplevinga.

27.juni publiserte eg ein artikkel om ei vakt denne lærlingen hadde saman med utlendingen. Her er eit sitat frå denne:

«Vår nye læring [Veronica] fortalde meg her om dagen noko urovekkjande som fann stad ei seinvakt for ikkje so lenge sidan. På grunn av «sjukdom» i personalgruppa, hadde ho som grøn lærling gått ei vakt åleine med ein utanlandsk ufaglært. Dette er stikk i strid med både prosedyrar og rådande praksis; lærlingar kan berre gå som sjølvstendig personale etter eit visst tal månader, eller når dei sjølv føler dei er klare for det. Ingen av delane gjaldt for ho. Ho skulle eigentleg gått på topp saman med ein erfaren faglært pleiar, men denne personen valde då å skofte jobben.»

Og vidare:

«Då ein bebuar skulle forflyttast frå toalett til rullestol, løfta denne utanlandske ufaglærte mannen ho opp frå toalettet utan hjelpemiddel, og over i stolen. Under forflytninga oppstod det personskade på bebuaren, som skreik høgt av smerte. Ho fekk ei lang flenge i låret som seinare måtte stripsast og bandasjerast av ein temmeleg irritert vakthavande sjukepleiar [HTV], som ifølgje lærlingen kalla heile hendinga for ‘uforsvarleg’. Vanlegvis bruker ein på denne bebuaren heis under slik forflytning. Ein faglært pleiar ville aldri ha gjort noko slikt, men den ufaglærte mannen valde å flytte bebuaren fort og gale med eigen muskelkraft, noko som openbert ikkje gjekk so bra.»

Og deretter:

«At den ufaglærte utlendingen var so uvørden at han påførde ein brukar personskade ved å ikkje bruke anbefalte hjelpemiddel, er uheldig og kritikkverdig. At han gjorde slik ei ‘manuell forflytning’ åleine medan det stod ein lærling [Veronica] og såg på, er òg noko som er grunn til å stille spørsmålsteikn ved. Lærlingen sa sjølv at han nekta ho å hjelpe han fordi ho er gravid. Men kvifor vart ikkje heisen brukt i fyrste omgang? Hadde ingen gjeve dei opplæring? Vakthavande sjukepleiar [HTV] skal visstnok ha skrive eit flammande avvik på hendinga, og dette var ikkje berre eit avvik, men eit avvik med personskade.»

Det høyrer diverre med til historia at utlendingen i ettertid fortalde ein annan utlending at Veronica aldri gjorde noko i avdelinga. Då den andre utlendingen sa at ho skulle jobbe ei kveldsvakt med Veronica, hadde mannen sagt til ho «lykke til!». Eg registrerer til mi store bekymring at HTV òg ser ut til å tru at Veronica nekta å utføre arbeid på avdelinga under «påskot» av å vere gravid.

Alberta hadde i sommar eit mystisk fall heime hjå seg, og måtte i all hast køyrast på legevakta. Skadane gjorde ho sjukemeldt i ein periode, og eg måtte igjen tre til verks som de facto rettleiar for Veronica. Vaktene våre fekk etter kvart ein uvanleg god flyt, og ho såg ut til å elske denne måten å jobbe på. I motsetnad til Alberta, dreiv ikkje eg og stressa med at absolutt alt skulle gjerast nøyaktig etter planen. Vi jobba jo trass alt med menneske, ikkje på ein togstasjon. Bebuarane var rolegare òg, noko som forsterka det faktum at so lenge personale ikkje stressar, vil heller ikkje bebuarane stresse. Kva om flyvertinner skulle springe rundt og stresse og kave medan eit fly var i lufta? Passasjerane hadde fått panikk.

Det er mi meining at so lenge bebuarane får det dei treng av mat, stell og omsorg, so treng ikkje personale heile tida gå ut av sitt gode skinn for å «yte det lille ekstra», som helsesektor-propagandaen lyd frå kjeftane til dei i godt betalte toppstillingar innan leiing og administrasjon. Det er klart at stakkars, gravide, mobba Veronica heller ville jobbe med ein roleg, avslappa mann enn med eit stressa kvinnfolk som skjelte ho ut om gaflane låg feil veg på bordet.

Ein vakker, solbada ettermiddag i totida, etter at «dagens dont» var ferdig og alle bebuarane låg mette og kvilte middag, sa Veronica at ho var redd for at Alberta ville øydeleggje den gode flyten vår når ho kom tilbake frå sjukemelding. Dette skulle diverre vise seg å vere korrekt. På grunn av skadane Alberta pådrog seg etter det underlege fallet heime, vart ho sendt over til den andre pleieavdelinga, som har bebuarar som er langt mindre fysisk krevjande. Veronica følgde med rettleiaren sin og forsvann frå meg. Eg vart verande på avdelinga og sleit meg ut med kollegaer som på grunn av redusert helse (og redusert arbeidstid) knapt nok var til hjelp i det heile.

Til slutt vart Veronica diverre sjukemeldt. Alle er tause som østers rundt årsaka, men det er underforstått at det er den komande terminen som er den offisielle grunnen. Det kan det vere. Men det kan òg vere at den vondsinna baksnakkinga av ho i personalgruppa, og dei falske skuldingane om at ho ikkje gjorde noko i avdelinga, kan ha vore den utløysande faktoren. Eg har ved fleire høve korrigert dei tilsette når dei kjem med påstandar om at Veronica var lat, arbeidssky og liknande – men dei ser diverre ikkje ut til å tru meg. Ikkje når HTV, ein del av den «inste kjernen» i personalgruppa, òg kjem med slike løgner.

Det er etter mi meining trist, og ei stor skam, at dyktige kollegaer – same om dei er gravide eller ikkje – skal bli skvisa ut av arbeidsplassen. Spesielt når folk som bokstavleg tala er tekne inn frå gata av ei desperat leiing, gjer skade på bebuarane og deretter legg skulda på kollegaene. Eg har personleg opplevd min andel av kollegaer som projiserer si eiga utilstrekkjelegheit som helsepersonell og omsorgspersonar over på kollegaer dei ikkje likar trynet eller meiningane til.

Ironisk nok er Alberta òg sjukemeldt no. Det kan vel seiast å vere eit lyspunkt i denne tragedien.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s