Betalt for oppmøte: Tilrettelagt arbeid skaper slaveri for resten av personalgruppa

I den norske helsesektoren er sjukefråvær og dårleg helse meir regel enn unntak når ein når ein viss alder. I ein sektor der midlar i ekte globalistisk stil blir flytta oppover i hierarkiet, slik at dei på botnen må klare seg med smulane medan eliten skummar fløyten, endrar ikkje bemanningssituasjonen seg berre fordi den fysiske helsetilstanden til helsefagarbeidaren gjer det. Snarare tvert imot. Arbeidets art slit dei fleste ut i meir eller mindre grad. Det er eit heller urovekkjande faktum at langt frå alle faktisk er fysisk i stand til å jobbe 100% som helsefagarbeidar. Då skal dei vere fandens spreke og fandens unge!

Eg vil her raskt leggje til at eg sjølv, som er i slutten av 30-åra, jobbar 100% nettopp som helsefagarbeidar, og at det stundom er stort sett flaks at eg kjem meg gjennom ei vakt med liv og helse i behald. Eg har i motsetnad til dei fleste av kollegaene mine null fråvær frå jobb – eg utnyttar ikkje den altfor sjenerøse IA-bedrift-eigenmeldingsordninga eller den heller dumsnille sjukemeldingsordninga på nokon måte. Eg var klok nok til å takke nei til korona-«vaksinane» og er difor aldri sjuk.

Eg er stort sett einaste mannen på jobb på den aude sjukeheimen. Yrket er overveldande overrepresentert av hokjønn, og det er ironisk med tanke på kor fysisk tungt arbeidet til tider kan vere. Det er som regel meg dei hentar når dei treng hjelp med ein fysisk tung pasient. Det er ikkje å forvente at halvgamle kjerringar skal kunne stelle og ivareta tunge pleiepasientar med same glød, iver og evne etter førti år i «gamet». Det er ein grunn til at det er mogleg å gå av ved fylte 62 ved hjelp av avtalefesta pensjon. Faktisk er dei fleste heldige om dei i det heile teke er fysisk i stand til å jobbe som helsefagarbeidar når dei bikkar 60.

Eg kjenner sjølv helsefagarbeidarar i 30-åra som har måtte omskolere seg på grunn av slitasje. Genar og ivaretaking av personleg helse speler nok her ei rolle, i tillegg til det å finne rette teknikken til den rette situasjonen. Dei drivne, dyktige hjelpepleiarane av den gamle skulen kunne ein del triks som eg sjølv var so heldig å få lære av dei. Dei må ha gjort noko riktig. Dei tek framleis ekstravakter til langt oppi 70-åra: ved eit høve var ein pensjonert hjelpepleiar eit år eldre enn pleiepasienten som ho stelte.

Dette er døme frå begge endar av skalaen: dei som på grunn av feil arbeidsteknikk (og/eller feil livsstil) øydelegg kroppane sine i slutten av 20-åra, og dei som i ein alder av 75 enkelt steller ein sengeliggjande mann som er dobbelt so stor som dei sjølv.

Dei aller fleste i helsesektoren er framleis kvinner, og nokre blir fortare gamle enn andre. Den fysiske arbeidsevna går ned, men snakketøyet går opp. Desse epleforma, sjølverklærte «ringrevane» og «ekspertane» er titt og ofte sjukemeldt, og har gjerne ein kronisk sjukdom som rettferdiggjer tilrettelagt arbeid. På ei stort sett somatisk avdeling med tunge bebuarar er arbeidsgjevars tolking av «tilrettelagt arbeid» tydelegvis «betaling for oppmøte». Dei kjem på jobb, skravlar hòl i skallen på kollegaene og gjer lite nytte for avdelinga og bebuarane. Praten, som går på innpust og utpust, har ein tendens til å handle om dei sjølve, sine ektemakar og sine avkom. Og gjerne ei komplett utreiing av sjukdomshistoria si til alle som gidd å høyre på. Bebuarane er heldige om dei kjem til med eit og anna ord sjølve.

Det er stunder eg lurer på om visse kollegaer jobbar der som helsepersonell eller bruker sjukeheimen som eit dagtilbod. Når ho ein sjeldan gong må hjelpe til i eit stell, høyrer ein som regel klaginga hennar frå næraste forblåsne ferjeleie. Og ho ringjer gjerne dagen etterpå og fortel næraste leiar at den kroniske sjukdommen har blussa opp igjen – eller at ho har positiv koronatest og må vere vekke frå jobb i ti dagar. Nei, faen, no er det visst berre fire dagars betalt ferie! Jaja, då blir det visst sjukemelding likevel!

Til trass for at ho er like nyttig for avdelinga som eit hòl i hovudet, har ho sterke meiningar om kva som utgjer god eldreomsorg. Dei eldre skal aktiviserast og ivaretakast til ei kvar tid, naturlegvis av nokon andre enn ho sjølv. Og dei hardtarbeidande kollegaene skal ikkje kome her og tru at dei er komne på kvileheim! So fort dei unge lærlingane, assistentane eller VG2-elevane set seg ned for ein pust i bakken med sveitte, raudmussa kjakar, er den epleforma «helsearbeidar-gudinna» der og kjeftar dei huda full: Dei er visst pokker på jobb for bebuarane, ikkje for å hengje på «feis-bukk»! Matpause er som regel berre å gløyme, iallfall om pausen er betalt. Og dei bør helst ha store blærer, for toalettbesøk er ikkje mogleg når fire bebuarar samstundes skal på do, pusse tennene eller gjennomføre eit urealistisk fysioterapiopplegg frå den fjerne fortida der dei faktisk hadde gåevne. Den visse epleforma tilsette ignorerer naturlegvis det faktum at dersom ho sjølv hadde lagt to pinnar i kors for å hjelpe kollegaene, hadde det vore plenty av tid til alle slags naudsynte (og ikkje-naudsynte!) pausar.

Kort fortalt meiner enkelte kollegaer at deira «høge» alder (50+) og «omfattande livserfaring» (som regel at dei fødde to-tre ungar for ein mannsalder sidan) gjev dei fritak frå delar av arbeidet. Fritak frå dei tyngste stella. Fritak frå dei ikkje so altfor tunge stella. Fritak frå å hjelpe til i nokon slags stell. Fritak frå å dele ut medisinar sidan dei ikkje lenger skjøner legemiddelkorta eller kan å bruke det «avanserte» datasystemet. Fritak frå å gjere noko som helst anna enn å dille rundt i miljøet og kommandere kollegaer som spring rundt som piska rotter. Og ikkje minst fritak frå konsekvensane av denne uviljen mot å gjere oppgåvene som dei faktisk får betalt for å gjere. Ingen leiar seier nokosinne opp ei halvgammal kjerring med påståtte fysiske sjukdommar, men manifeste psykiske og personlegdomsrelaterte sjukdommar.

Dei får gå rundt som heilage kyr medan deira yngre og sprekare kollegaer slit seg ut. Ein sjeldan gong vil ein kollega bli tynt til opprør, men då rykkjer leiars leiar ut eins ærend for å fjerne vedkomande – då er det raskaste vegen ut i arbeidsløyse og armod for dei som vågar å protestere mot dette slaveriet som tilrettelagt arbeid-strategien har skapt. Den epleforma hypokonderen og latsabben blir verande same faen. Og etter nok ein kontra-produktiv dag på «jobb», vil den heilage kua fare heim til mannen sin, som står for 75% av inntekta til hushaldninga, leggje beina på bordet og trekkje eit sukk av triumf. Ho greidde å lure systemet ein dag til. Om heile personalgruppa – vaskekjerring inkludert – ønskjer ho død og dumpa i fjorden, får heller våge seg!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s