Overvektig jente blir banka opp av drita fulle «venninner»: I staden for å politianmelde dei, slankar ho seg

Denne fiktive historia skreiv eg for ein del år sidan (2015-2016), som ein reaksjon på ein artikkel i ei viss større vestlandsavis. Ei dame hadde blitt utsett for grov, audmjukande vald av dei ho trudde var vennene sine, og denne straffbare handlinga inspirerte ho til å endre livsstil og slanke seg. «Vennene» vart aldri straffa for ugjerningane sine, og artikkelen stilte aldri spørsmålsteikn ved den sida av saken. Det kunne nesten verke som om alle meinte at ho fortente dette fordi ho var småfeit. Teksten er skriven i eg-form, frå denne dama sitt (hjernevaska?) perspektiv – den avvik vesentleg frå artikkelen. Teksten vart i si tid refusert av fleire tidsskrift, men eg vurderer den no i 2022 til å vere god nok for saksyndig. God lesnad!

Eg vil her rette ein stor takk til dei som hjelpte meg å velje rett veg i livet, ettersom dei fekk meg til å innsjå at der låg tungtvegande grunnar til at ei livsstilsendring var på sin plass. Trass alt var eg både feit og udelikat både i utsjånad og veremåte, og, medan ein mann lett kan sleppe unna dette i kraft av å ha andre kvalitetar enn utsjånad, so er det ein utilgjeveleg faux pas for ei ung dame å ende opp i ei slik uakseptabel korpulansekrise. Kravet om ein idealkropp er mykje høgare for damer enn for menn; vi blir haldne til ein heilt annan standard. Ein feit mann kan i verste fall bli avvist på byen. Ei feit dame… Som eg sjølv har røynt, so skjer det noko langt verre enn at eit lystig «hei» blir møtt med eit surt «nei».

Det heile byrja då eg var ute på byen med seks venninner og ein venn av meg. Stemninga hadde vore god heile kvelden, men det nærma seg no tidspunktet der all god rus slo over i vond, og alt vart kjipt og jævlig. Medan dørvaktene tidlegare på kvelden hadde teke oss imot med opne armar og breie smil, vart vi no bryskt avviste med oppsperra auge, fiendtlege grimasar og ein vegg av stoppnevar. Vi kom ikkje inn nokon stad lenger, og dei stadene der vi på grunn av mangel på dørvakter slapp inn, fekk vi ikkje servering. Den hudfarga, kjøtfulle veggen av neihender ville ha oss heim og i seng. Vi hadde fått meir enn nok. Æveleg meir enn nok. Dersom ein slo opp frasen «fått nok» i ordboka, ville det vere eit bilete av oss der. Vi var ikkje berre dritings, vi var dobbel-dritings.

Fornuftige folk ville her ha teke kvelden. Vi, derimot, bestemte oss for å fare på nachspiel, dette bisarre ritualet der folk som allereie har fått altfor mykje samlast i husværa til vilt framande for å bøtte nedpå endå meir. Kven som kom på den idéen, kan eg ikkje erindre, men det var ein historisk dårleg idé. Vi enda opp i ei lita, kummerleg hybelleilegheit nedanfor universitetet, i eit strøk der det stort sett budde narkomane, kriminelle og trygda fattigfolk. Det var den typen strøk der folk unngjekk kvarandre på gata og aldri helste på naboane, der det alltid var minst tre mannlege vektarar til stades på den eine butikken, og der politiet so å seie alltid hadde patrulje.

Stemninga var allereie det ein kan kalle på grensa til raudt lys. Grønt lys tyda at stemninga var god, rusen stigande og prat og veremåte laus og animert. Ved gult lys byrja den stigande promillen å få folk til å seie det som ikkje burde ha blitt sagt til folk dei ikkje burde ha sagt det til. Usagte ting vart sagte, og ingen lika det, kan hende bortsett frå den som sa det. Ved raudt lys eskalerte den fiendtlege, usosiale stemninga. Gamle sår vart fylde av grovkorna salt, og hendingar frå ti år tilbake i tid vart rippa opp nådelaust so alle høyrde det. Skuldingar vart retta mot dei som inga skuld hadde. Hatefulle oppfordringar vart delte ut rundhanda til dei som aldri hadde gjort seg fortente til det. Skit vart slengt. Det var roping. Skriking. Brøling. Trugande gestar. Hyttande knyttnevar. Langfingrar i vêret som erigerte kjønnslemmar. Alt grumset som normal folkeskikk under normale, edruelege omstende heldt nede, kom no fram i dagen. Ingen lika at dette skjedde, men det skjedde likevel.

Det som fekk oss over frå gult til raudt lys, var ein intens diskusjon frå fyren som budde i leilegheita, om korleis eit kvalitetsprogram som Bertrands metode kunne bli teke av lufta etter berre eit halvt dusin episodar, medan skit som Big Brother og Paradise Hotel kunne halde det gåande sesong etter sesong med den eine sosiopatiske dritsekken etter den andre. Dette fekk alle oss til å bryte ut i protest, for kven var han til å kritisere smaken vår?! Då eg tok venninnene mine i forsvar, slo alt over i raudt lys. Ein ironisk slengkommentar om at eg sjølv burde stille opp i Slankekrigen fekk alle til å kommentere vekta mi. Latter gjalla i rommet, og det var ikkje den gode forma for latter. Han var vondsinna og hånande. Ekte nid og spit. Dei spotta mitt livslange vektproblem, og det faktum at eg hadde lite seksuell erfaring. Klart, «lite» var eit relativt omgrep. Det var berre det at det eg hadde fått meg bleikna i forhold til det enorme talet menn (og damer) venninnene mine hadde gjeve seg hen til. Dei formeleg fortærte seksuelle partnerar, ofte to-tre i veka. Det var det dei sa sjølv iallfall.

«Du burde slanke deg,» sa ei av dei eg hadde vore bestevenninner med sidan barnehagen. «Du er feit. Berre pervoar likar feite damer. Vi får dårleg rykte av å henge med deg. Folk kan tru at vi er pervoar.» Og det small det frå dama som ifølgje seg sjølv debuterte seksuelt då ho gjekk på førskulen. Ei anna av mine venninner gjennomførte sitt fyrste samleie endå tidlegare enn det. Ei tredje var visstnok framleis i mors liv då det skjedde.

Den slankekommentaren oppsummerte i grunnen essensen i veggen av hattale som no var retta mot berre meg. Ingen tok meg i forsvar. Eigaren av leilegheita var meir oppteken av å tenkje ut ein måte å få oss ut herifrå før min eine mannlege venn i sin sanselause drukkenskap bælma i seg all spriten hans. Det raude lyset forbaud vitig prat. Fornufta hadde ikkje lenger noko ho skulle ha sagt. Vanlege sosiale spelereglar gjaldt ikkje lenger; dei var på gyngande grunn allereie då den fyrste pilsen vart opna ni timar tidlegare. Diskusjonen no dreia seg om kor feit, ekkel, ufjelg og usexy eg var. Til slutt reiste eg meg opp for å gå, og det var då helvete braut laust.

Kven som starta det, aner eg ikkje, men plutseleg låg eg på golvet medan nevar og føter slo og sparka meg. Latteren song i veggane. Eg vart dynka i øl, raudvin og – truleg til eigaren si store ergring – dyr sprit. Tuppen på ein av dei lekre designskorne trefte meg i auget og fekk meg til å sjå stjerner. Ein annan trefte meg midt i den feite fitta mi. Eg var for lamma av skrekk til å forsvare meg eller rope på hjelp. Å rope på hjelp i dette strøket ville nok ikkje ha hjelpt heller. Det var den typen strøk der ingen reagerte dersom ei dame ropte «valdtekt!», men alle reagerte dersom nokon ropte «brann!». Folk tenkte berre på seg og sitt. Nett som dyr var dei alle drivne utelukkande av sjølvopphaldingsdrift.

Eg vart ikkje valdteken den natta. Eg vart slått og sparka halvvegs i bitar, fekk ein neve hår røska ut og fekk kleda mine rivne opp, men ingen ville ha meg seksuelt. Det siste var kanskje det som gjorde mest vondt.

Morgonen etter vart eg sleppt ut av legevakta. Korleis eg hadde hamna der hugsa eg ikkje, men ein sjukepleiar fortalde meg at eigaren av leilegheita hadde frakta meg der. Eg hadde lege til observasjon der sidan eg hadde fått ei temmeleg alvorleg hjerneristing. Det eine auget mitt var so opphovna at eg ikkje såg på det (dei sa eg var heldig som hadde unngått at netthinna losna). Eg klarte knapt å stå på den eine foten (berre rein flaks hadde hindra beinbrot). Fire tenner hadde blitt slegne ut (det var sovidt kjeven ikkje var knekt). Sjukepleiaren rekna med at eg hadde blitt overkøyrd av ein bil, og ho var fullstendig tilgjeven for å tru det òg. Kunne verkeleg menneske gjere dette? Kunne verkeleg mine eigne venninner gjere dette?

Eg innsåg straks kva dei prøvde å seie til meg. Eg var for feit etter deira smak, og sidan deira smak var alt som tyda noko, måtte eg late dei få viljen sin. Dette var ein kamel eg måtte svelgje. Eller helst unngå det i mitt tilfelle. Eg måtte ned i vekt, koste kva det koste ville. I staden for å melde dei til politiet, sprang eg morgonen etter på tur med hunden min. Elendig av fylleangst, halvblind og med eit bankande, verkjande hovud og ein like verkjande kropp. Trass ei nesten uuthaldeleg svolt, åt eg ingenting den dagen. Mitt liv som feit måtte få ein ugjenkalleleg ende.

Det var mange lange, harde månader der eg unna meg ingenting godt. Eg sprang på tur med hunden kvar einaste dag, same kva vêr det var. Om det so regna horisontalt sprang eg. Om det so var klink is sprang eg. Broddar kjøpte eg meg fyrst tredje dagen med klink is. Kva åt eg? Ikkje mykje. Svolta gnog i meg heile dagen, dag ut og dag inn. For å underdrive kraftig, var ikkje humøret mitt so bra. Ein gong tok eg meg sjølv i å sparke til hunden min då han sprang føre meg slik at bandet fekk meg til å snuble. Episoden fekk meg til å le for meg sjølv, for her tyda det at kjenslene eg hadde freista å døyve gjennom mat, no omsider vakna til live. Eg levde no! (Då var det kanskje litt verre med hunden min…)

Sakte, men sikkert byrja kleda mine å bli større. Til slutt vart dei so store at eg måtte fornye garderoben min. Snart fekk eg andre blikk enn avsky og kvalme frå forbipasserande på gata. I rein nyfikne investerte eg i ei badevekt. Eg hadde ikkje voge meg sidan fyrste året på ungdomsskulen. Alle rekna med at eg måtte ha voge over hundre kilo på det tyngste. No vog eg like under sytti. Eg var det samfunnet kalla normal no. Men for venninnene mine var ikkje normal godt nok, og det visste eg. Klart, dei hadde glimra ved sitt fråvær heilt sidan den uheldige episoden i den leilegheita ved universitetet, men dei hadde jo sine liv å leve. Dessutan visste eg med meg sjølv at eg ikkje var velkomen i deira verd før eg såg ut sånn som dei. Her gjaldt det å prioritere rett. Jobb og utdanning fekk vente, for dette var mykje viktigare. Klart, pengane eg fekk gjennom navinga mi gjorde at jobb og utdanning kunne vente på ubestemt tid. At eg ikkje hadde jobb, skamma eg meg ikkje over. Dette var jo noko alle unge, inkludert alle venninnene mine, dreiv med no.

Eg vil seie eg gjorde ein god jobb med å slanke meg. Svakare individ hadde nok tydd til juksing, slik som bulimi, styrketrening og – Gud forby! – kosthaldsomlegging. Eg var ikkje dama som valde enklaste utveg. Ikkje når so mykje stod på spel. Her var det snakk om å sjå slank og lekker ut, ikkje nødvendigvis vere det.

Seks månader etter at eg høgst fortent vart sett på plass, møtte eg tre av venninnene mine tilfeldig på gata. Blikka eg fekk var ikkje til å ta feil av. Dei gapte i vantru med kjeftane sine slik at tungepiercingane deira glinsa som små stjerner inne i dei raude, våte munnane. Auga deira stod på stilk som druer på ein vinranke. Dei var rett og slett himmelfalne.

Ei av dei som var med dei, var tilfeldigvis journalist i den lokale avisa, og ho ville faktisk intervjue meg om korleis eg greidde å gå frå å vere ei bælfeit matrone til ei elegant sylfide. I intervjuet fortalde eg bakgrunnen for slankinga, og korleis mine kjære venninner hadde overbevist meg med sine tungtvegande argument. Og slag, spark og håning. Intervjuet vart trykt i sin heilskap, og eg stod der perfekt og vakker, poserande framfor det lokale kjøpesenteret med eit smil av triumf rundt munnen. Alle – bortsett frå enkelte kritiske røyster, som snart vart ihelteia – var einige om at eg hadde valt den rette vegen, og at fleire overvektige burde lytte til sine slanke venninner, som jo var mykje smartare enn dei!

Tusen takk, kjære venninner!

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s