Pentagon har russiske generalar som mål: Er USA i krig med Russland i alt anna enn namnet?

Av Finian Cunningham, Strategic Culture Foundation, 23.mars 2022. Omsett av saksyndig.

Artikkelen er meint å representere meininga til forfattaren.

Pentagon har innrømt at dei forsyner det ukrainske militæret med «actionable intelligence» [informasjon som gjer det legitimt å gå til handling; «handlingsverdig»; oms.an.] i kampoperasjonar mot russiske styrkar. Dersom det er bekrefta, er USA dermed i krig med Russland. Implikasjonane er alvorlege for to kjernevåpenmakter.

Innrømminga kom sist veke under eit vitnemål til Kongressen av Ronald Moultrie, undersekretæren for Defense for Intelligence and Security [relatert til etterretning og rikets tryggleik; oms.an.]. Han adresserte seg til House Armed Services Committee, og fortalde stolt Kongress-medlemmer korleis Pentagon hjelpte det ukrainske militæret med å kjempe mot russiske styrkar: «Vi utgjer ein forskjell i nøyaktig, handlingsverdig og vel-taima informasjon.»

Det indikerer at amerikanarane er involvert i å gje informasjon til ukrainarane for dødeleg fokus på russiske troppar.

Det er ei ufatteleg sensitiv innrømming. Berre to veker før Moultries vitnemål, hadde ein høgtståande medlem av House Armed Services Committee visstnok søkt å spele ned kvar ei slik utveksling av informasjon mellom amerikanske og ukrainske styrkar: «Vi gjev noko informasjon» til Ukraina, men vi «gjev dei ikkje den typen ekte-tids fokus,» sa Representative Adam Smith som sit som leiar av komiteen. Denne nedspelinga er forståeleg fordi slik deling av informasjon impliserer at USA er ein direkte deltakar i konflikten.

Eitt mogleg område der Pentagon «utgjer ein forskjell», er det rapporterte høge talet på russiske kommandørar som har blitt drepne på slagmarka. Sidan den russiske intervensjonen i Ukraina 24.februar, er det blitt påstått i vestlege medierapportar at opp til seks høgt-rangerte offiserar har blitt drepne.

Det siste rapporterte offeret var vise-kommandøren av Russlands Svartehavs-flåte, Andrej Palij. Guvernøren av Sevastopol, Krim, vart sitert av Reuters som å vedkjenne seg døden til marinesjefen sundag. Han vart visstnok drepen under slaget om hamna i Mariupol by.

Naturlegvis, i konflikten som raser rundt Ukraina og med informasjons-krigføringa meir febrilsk enn nokosinne, har det NATO-støtta Kiev-regimet og det trufaste vestlege media altfor stor tendens til å overdrive russiske tap. Påstandar om at generalar «blir plaffa ned den eine etter den andre av snikskyttarar» blir gledefullt rapportert.

Nokre av dei nylege russiske kommandørane nemnde i rapportar som drepne i kamp, inkluderer løytnant-general Andrej Mordvichev som vart skoten i helga av ein snikskyttar på ein flyplass nær Kherson.

Andre høgt-rangerte offiserar drepne i kamp inkluderer major-general Andrej Sukhovetsky og major-general Vitaly Gerasimov. 3.mars vart major-general Sukhovetsky skoten i hel av ein snikskyttar som påstod at han var frå Azov-bataljonen, den opent nazistiske paramilitære styrken.

Kreml og det russiske forsvarsdepartementet har ikkje offentleg bekrefta alle dei høgt-rangerte dødsfalla, men rapportar frå gravferder og dødsannonser i russisk media har dukka opp.

Sjølv om alle dødsfalla blant høgt-rangerte offiserar blir overdrivne av Kiev-regimet og vestlege media som del av ein desinformasjonskampanje for å svekke den russiske moralen, føreslår ordspråket om ingen røyk utan eld eit uvanleg høgt tal dødsfall blant dei høgt-rangerte.

Denne tilsynelatande effektive likvideringa frå Kiev-regimets styrkar kan vere på grunn av at Pentagons etterretning er i stand til å nøyaktig peike ut russiske kommandørar.

Dersom det er tilfellet, tek det amerikansk involvering i Ukraina-krigen til eit heilt nytt og farleg nivå.

Biden-administrasjonen har sendt militærhjelp til Ukraina det siste året. Det har òg britane og andre NATO-medlemmer. Opp til eit punkt kan Washington og deira allierte påstå at forsyninga av våpen hadde «defensive» føremål. President Joe Biden signerte sist veke på å sende meir forråd av Stinger anti-fly og Javelin anti-stridsvogn-missil til Ukraina. Derimot gjenstår det å sjå korleis desse nye våpena vil kome dit, i og med at Russland har åtvara at kvar slik ei forsyning frå NATO er eit legitimt mål.

Biden reiser til Europa denne veka for å møte dei andre leiarane i NATO-alliansen. So langt har Washington lagt ned veto mot hissige krav frå Kiev og nokre aust-europeiske NATO-medlemmer om å innføre ei flyforbodssone i Ukraina. Den amerikanske presidenten sa klart nei til den ideen ved å seie at det ville tyde igangsetjinga av ein Tredje verdskrig.

Av same grunn sette Biden-administrasjonen nyleg foten ned mot polske forslag om å sende Sovjet-æra MiG-kampfly til Ukraina. Det ville ha markert open deltaking av NATO-alliansen i kamp mot russiske styrkar.

Biden er i ei klemme skapt av han sjølv. Den russofobiske retorikken i administrasjonen hans – at Biden personleg stempla Russlands president Putin som ein «krigsforbrytar» – har vore drivkraft bak ein intens mediekampanje som fordømmer Russland. Der er moralsk panikk og hysteri om påstått russisk barbari i Ukraina, samanlikning av Russland med Nazi-Tyskland og Putin med Hitler. Fornuft og rasjonale blir utsletta.

Washington har sleppt laus eit propaganda-monster som dei knapt kan kontrollere. Dei tvilsame rapportane om russiske luftåtak og artilleri-bombardering mot sivile senter i Ukraina – hendingar som verkar å vere fabrikkerte i eit ekko av falsk-flagg-provokasjonar av dei Kvite Hjelmane i Syria – set Biden under intenst press for å bli meir involvert militærmessig i Ukraina som ei form for moralsk imperativ.

Det kan vere at Biden-administrasjonen blir fanga av sine eigne motseiingar og informasjons-krigføring som resulterer i ein ustoppeleg prosess mot USA og NATO-krig mot Russland. Den vestlege desinformasjonen har reist oddsa so høgt at det er meir og meir vanskeleg å unngå ein open krig under deira eigne termar og fordømmingar av Russland. Det er knapt nok rom for noko som helst diplomati. Kanskje er det det enkelte ønskjer.

Iallfall verkar USA å allereie vere djupt inne i å gjere fiendtlege handlingar mot Russland. Dersom det kjem fram at Pentagon faktisk hjelper ukrainske militantar – det nazistiske Azov-regimentet, til og med – for å begå attentat på Russlands topp-generalar, er dermed ein dyster konklusjon at vi kan ha nådd eit punkt der vi ikkje kan vende tilbake.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s