WEF-artikkel roser korleis «milliardar» rundt om i verda lydde nedstengingar og restriksjonar

Av Paul Joseph Watson, Summit.news. Omsett av saksyndig.

Ein meiningsartikkel publisert av World Economic Forum roser korleis «milliardar» av menneske lydde «restriksjonar» som vart innførde som eit resultat av nedstenging, noko som antydar at dei ville gjere det same under påskot om å redusere karbonutslepp.

Artikkelen har namnet My Carbon: An approach for inclusive and sustainable cities [«Mitt karbon: ei tilnærming for inkluderande og berekraftige byar»; oms.an.] og vart skriven av Mridul Kaushik, oppdragsdirektør i Smart Cities Mission, Ministerium for bustader og urbane affærar i India [Ministry of Housing and Urban Affairs of India].

Temaet i artikkelen er korleis ein overtydar menneske om å innføre «personlege karbonkvote-program» med tanke på at slike planar so langt har vore temmeleg mislykka.

Derimot skriv Kaushik at forbetringar rundt sporings- og overvakingsteknologi hjelper til med å vinne over «politisk motstand» mot slike program.

Etter å ha skrive at «Covid-19 var sosialt ansvar sin test», skryter Kaushik over korleis «eit stort tal folkehelserestriksjonar som ein knapt kunne førestille seg, vart tekne til seg av milliardar av borgarar i heile verda».

«Der var talrike døme globalt på å oppretthalde sosial avstand, gå med munnbind, massevaksinasjonar og det å akseptere kontakt-sporande appar for folkehelse, som demonstrerte kjernen i individuelt sosialt ansvar,» legg han til.

[Ei Twitter-melding av brukaren Fomocap seier følgjande: «WEF-vegkart. Dei rettferdiggjer overvakingsstat, legg skulda for covid på folk og pseudo-deduksjonar som klima for å produsere politisk økonomisk turbulens og ta over verda.»]

Ved å nemne døme på korleis so mange samtykte til nedstengingspåbod, trass overveldande evidens for dei skadelege konsekvensane som desse restriksjonane hadde på samfunnet, antydar Kaushik at dei ville ha oppført seg på ein like servil måte i andre område av livet.

Slik ein konformitet vil bli oppmuntra via teknologi, inkludert kunstig intelligens, digitalisering og «smarthus»-verktøy, argumenterer Kaushik.

Artikkelen ber deretter om ein sosialkreditt-aktig karbonutslepp-rasjoneringsplan som vil gje «individuelle råd om lågare karbon og etiske val for forbruk av produkt og tenester.»

Nye sosiale normer vil òg bli skapt for å definere kva «ein rettferdig del» av personlege utslepp representerer, og avgjere «akseptable nivå» av personlege utslepp.

Tidlegare dokumenterte vi korleis teknokratar førebur «obligatoriske» personlege karbonkvotar som vil innføre rasjonering i kvart eit område av livet ditt via ein app som vil registrere reisene dine, oppvarmingsutgiftene og til og med maten du et.

Som vi set søkjelyset på i denne videoen, jobbar klimaendringsgrupper òg med TV-produsentar for å lure meldingar om global oppvarming og karbonutslepp inn i program.

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut /  Endre )

Koplar til %s